Hopp til innhald

ESB112 Sirkulær økonomi

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Sirkulærøkonomi har blitt eit viktig omgrep i diskusjonen om berekraftig utvikling. Å endra utviklinga i ei meir berekraftig retning ut frå sirkulære prinsipp refererer til nye måtar å organisera økonomien på som kan redusera gapet mellom ressursuttak og bruk. I dag blir ca. 7 prosent av ressursane i verda gjenbrukt i økonomien. Dei resterande 93% endar opp som avfall. Ein overgang til ein meir sirkulær økonomi kan endra dette forholdet og redusera behovet for stadig uttak av ikkje-fornybare ressursar etter målet om berekraftig utvikling.

Gjennom dette emnet vil du få ei betre forståing for kva sirkulærøkonomi er og kva omstillingar det å ta vare på materiala i økonomien så lenge som mogleg kan krevja. Du vil få meir kjennskap til berekraftig utvikling og korleis digitalisering kan spela ei viktig mogleggjerande rolle i ein framtidig sirkulærøkonomi. Temaet sirkulære forretningsmodellar står sentralt og du vil få ei innføring i korleis bransjar og verksemder kan omstilla og innovera i tråd med sirkulære strategiar og prinsipp.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskaper

Kandidatene skal kunne

  • Forklare grunnleggande prinsipp og begrep innan berekraft og sirkulær økonomi.
  • Forklare kva sirkulær økonomi er og korleis sirkulære løysingar kan bidra til berekraft.
  • Ha kunnskap om sentrale internasjonale, nasjonale og regionale avtalar/initiativ, reguleringar, og forstå utfordringar og mogleigheiter knytt til dette for ei bedrift/verksemd, inkludert FNs berekraftsmål.
  • Ha gode kunnskapar om sirkulære strategiar og korleis å bruke desse for å utvikle nye produkt/teneste, prosessar og marknadar.
  • Ha kunnskap om kva som kan gjere overgang til meir sirkulær økonomi mogleg.
  • Ha kjennskap til kva som kan sette fart på overgangen til auka sirkularitet.

Ferdigheiter:

Kandidatene skal kunne

  • Identifisere forhold ved ein bransje/sektor, og kva moglegheiter og hinder dette kan representere for ei bedrift/verksemd si utvikling i ei meir sirkulær retning.
  • Analysere verdikjedar og komme med forslag til korleis ressursar kan haldast i kretsløpet lengst mogleg og med eit lågt energibruk.
  • Identifisere og foreslå endringar for ei bedrift/verksemd sin forretningsmodellar med spesielt fokus på berekraftige- og sirkulære forretningsmodellar.

Generell kompetanse

Studentene skal kunne:

  • Forstå betydninga av overgangen til ein sirkulærøkonomi og behovet for meir sirkulære verdikjedar i økonomien og i bedrifter/verksemder.
  • Kjenne til ulike sirkulære strategiar og korleis dei kan endra etablerte forretningsmodellar.
  • Foreslå tiltak og kjenne til døme som utnyttar potensialet for berekraftig forretningsutvikling med utgangspunkt i sirkulær økonomi.
  • Vurdera ei verksemd sine omgjevnader og behovet/moglegheitene for samarbeid med andre.
  • Ha evne til kritisk refleksjon rundt tematikk i emnet (til dømes omgrepa økonomisk vekst og grønvasking)

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

  • Fysiske og digitale forelesingar, i kombinasjon med digitale modular
  • Seminar, deltaking på arrangement, gjesteforelesningar, bedriftsbesøk og/eller workshop.
  • Problembasert læring gjennom case og eksempel
  • Rettleiing

Obligatorisk læringsaktivitet

For å kunna ta eksamen må følgjande arbeidskrav vera oppfylt:

• Gjennomført to gruppevise skriftlege innleveringar

• Gjennomført to gruppevise munnlege/digital presentasjon

Vurderingsform

Ei gruppevis semesteroppgåve (tel 100%): Ei skriftleg innlevering som også kan inkludera bidrag i form av til dømes ein video eller eit bidrag i sosial media.

Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel