Hopp til innhald

FRIB200 Friluftsliv haust – fjord og fjell

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Gjennom teoretisk og praktisk undervisning skal studentane tileigne seg basiskunnskap om geologi, bre- og vegetasjonslære. I geologi og brelære blir det lagt vekt på landskapsutvikling og landformer i Norge, indre og ytre geologiske prosessar og kunnskap om brear og bretypar. I vegetasjonslæra blir det fokusert på kva som veks i dei ulike vegetasjonssonene i fjellet, samt kunnskap om enkelte planter, tre, lav og mosar. Friluftsliv si kulturhistorie frå fjord og fjell i regionen blir kopla saman med dei lokalitetane som blir nytta. I emnet ligg også Norges Padleforbund (NPF) sitt teknikkurs hav og Norges Klatreforbund frå Inne til Ute klatring.

Ekskursjonar:

  • Havkajakk (NPF teknikk-kurs), to dagar
  • Kystfriluftsliv, to dagar
  • Naturkjennskap, to dagar
  • Fjellferd, fem dagar
  • Sportsklatring frå inne til ute, to-tre dagar

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om sentrale landskapsformer i regionen og innsikt i geologiske (indre og ytre) prosessar
  • har kunnskap om karakteristiske planteartar og vegetasjonstypar i regionen
  • har kunnskap om ulike økosystem
  • har kunnskap om sentrale bergartar og brelære
  • har kunnskap om grunnleggande friluftsliv som kjenneteiknar nærmiljøet i regionen, t.d. i fjellet og på fjorden
  • kan anvende kunnskap om ferdsel i fjellet

Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere fleire dagars vandretur med telt i fjellet
  • kan beherske orientering, leirliv og utstyrslære knytt til overnatting i fjellet
  • kan utføre god padleteknikk i havkajakk
  • kan sportsklatre trygt ute etter metodesett til NKF

Generell kompetanse

Studenten

  • kan formidle naturkunnskap som er relevant for friluftslivet i regionen
  • kan vurdere fare ved generell friluftsliv ferdsel og spesifikk fare knytt til havpadling og sportsklatring

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar er å vere i god nok fysisk form til å kunne bere eige og felles utstyr på ekskursjonar med overnattingar. Gjennomført NPF grunnkurs hav og NKF brattkort.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene i dette emnet nyttar i stor grad praktisk undervisning ute og ekskursjonar der teori blir integrert gjennom tileigning av praktisk erfaring. Turplanlegging og teori vil og formidlast gjennom førelesingar på campus. Gruppe- og individuelt arbeid inngår og som ein viktig del av emnet. Refleksjonsnotat blir brukt i samband med enkelte ekskursjonar.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Aktiv deltaking på ekskursjonar (planlegging, gjennomføring og evaluering)
  • Skriftleg gruppeinnlevering av turplan til fem dagars fjellferd
  • Refleksjonanotat knytt til naturkjennskap

Desse læringsaktivitetane er knytt opp mot læringsutbytta om sentrale landskapsformer, plantearter og vegetasjonstypar i regionen, samt å planlegge fleire dagars tur i fjellet i regionen.

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vera førebudd på å betale ein eigenandel. Det vert lagt til rette for kompensatorisk arbeidskrav.

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende av emneansvarleg seinast 2 veker før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjend, skal det bli gitt ei grunngjeving for dette. Studentar som ikkje får godkjend ein obligatorisk læringsaktivitet vil, så langt det let seg gjere innan fastsette fristar, få eit nytt forsøk i inneverande semester.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 5 timar.

Eksamen er delt i to delar: Vegetasjon og geologiske prosessar. Begge delar må vere bestått.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillate.

Meir om hjelpemiddel