MAT112 Statistikk for ingeniør
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet gir ei innføring i fagområdet statistikk og sannsynsrekning. Det vert lagt vekt på å forstå og nytte statistiske modellar til å beskrive data som er samla inn, og om mogleg seie noko om data som ikkje er observert, kjent som statistisk inferens. Det vil òg bli lagt vekt på bruk av relevante dataverktøy.
Læringsutbytte
Ein student som har fullført emnet har følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kjenner til grunnleggjande teori om deskriptiv statistikk, sannsyn, fundamentale fordelingar, estimering av parametre og konfidensintervall, hypotesetesting, korrelasjon, enkel lineær regresjon, val av statistiske modellar og dataverktøy for statistikk
Ferdigheiter
Studenten
- kan velje eigna statistiske modellar
- kan gjere enkle rekneoperasjonar og nytte relevant dataverktøy for å analysere data
- kan estimere relevante parametre, teste hypotesar og gjennomføre lineær regresjon
Generell kompetanse
Studenten
- har kjennskap til statistiske modellar og kan utføre enkle analysar
- kan forstå, fortolke og vurdere resultat frå statistiske analysar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Nettbasert undervisning, i tillegg til samlingar med undervisning og rekneøvingar i klasserom.
Obligatorisk læringsaktivitet
Tre obligatoriske innleveringar.
Dei obligatoriske aktivitetane må vera gjennomført og godkjent til fastsette fristar, for å kunna gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 3 timar, gjennomført på datamaskin med WISEflow i FLOWLOCK-modus.
Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Godkjent enkel kalkulator.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- MAT121 - Statistikk for ingeniør - Reduksjon: 5 studiepoeng
- MAT122 - Statistikk for ingeniørar - Reduksjon: 5 studiepoeng