Hopp til innhald

MOA255 Arealøkonomi

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Arealøkonomi omhandlar prinsippa om økonomiske forhold knytt til arealutvikling, -erverv og -forvaltning. I kurset vil det bli lagt vekt på den økonomiske verknaden av ulike former for rammevilkår og analyse av økonomisk informasjon knytt til føretak som har spesialisert seg på fast eigedom. Ein vil i den samanheng sjå nærare på korleis dei offentlege og dei private eigedomsselskapa ervervar, utviklar og forvaltar sine areal.

Ved handsaminga av rammevilkåra vil ein særleg sjå på den økonomiske verknaden av dei privatrettslege eigedomsforholda med tilhøyrande offentlegrettslege reguleringar og offentlegrettslege rammevilkår i form av reguleringsplanar med tilhøyrande reguleringsbestemmingar. Det vil bli lagt vekt på at desse rammevilkåra står sentralt når det skal gjennomførast strategiske vurderingar knytt til arealutvikling, -erverv og -forvaltning, og korleis desse dannar grunnlaget for avgjerder om å gjennomføra eller ikkje gjennomføre ein vedtatt reguleringsplan.

I analysen av økonomisk informasjon står lønnsamheitsanalysar, finansiering, likviditet, verdivurderingar og verdsetjing sentralt.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Etter å ha gjennomført kurset skal studenten

  • Ha inngåande kunnskap om økonomiske rammevilkår for arealutvikling, -erverv og -forvaltning.
  • Ha avansert kunnskap om ulike former for økonomiske analysar og verdsetjing av fast eigedom.

Ferdigheiter

  • Kan gjennomføre strategiske analysar av rammevilkåra for arealutvikling, -erverv og -forvaltning.
  • Kan utarbeide analyser av økonomisk informasjon frå både offentlege og private eigedomsselskap basert på økonomiske rapporter og årsregnskaper.

Generell kompetanse

  • Kan anvende kunnskapen om arealøkonomi i samanheng med relevante problemstillingar knytt til arealplanlegging.
  • Kan formidle arealøkonomiske analyser til spesialistar og allmente.
  • Kan kritisk reflektere over og analysere etiske problemstillingar knytt til arealøkonomi.

Krav til forkunnskapar

Studiets opptakskrav

Tilrådde forkunnskapar

MOA251 Planrett

Undervisnings- og læringsformer

Evna til sjølvstudium er viktig, både med omsyn til å setje seg inn i relevant litteratur og når det gjeld den individuelle semesteroppgåva. I tillegg til de tradisjonelle førelesningane vil det være fleire gjesteførelesarar med fokus på ein praktisk tilnærming til faget.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Eksamen består av to deler:

  • Skriftleg skuleeksamen, 4 timer (60% av endeleg karakter).
  • Individuell semesteroppgåve på inntil 3000 ord (40% av endeleg karakter).

Begge deler må være greidd for å få karakter i emnet.

Karakterskala A-F, der F tilsvara ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Skriftleg skuleeksamen: Alle kalkulatormodellar og alle fysiske trykte og skrivne hjelpemiddel.

Individuell semesteroppgåve: Alle hjelpemidlar tillat.

Meir om hjelpemiddel