Hopp til innhald

MPUV501C Leiing 1 - Leiing og leiarroller i utdanning og oppvekstsektoren

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet rettar søkelys på perspektiv på leiing, leiarroller og sentrale prosessar i utdannings- og oppvekstssystemet, på mandatet for leiarrollene i politikk-, lov- og planverk. Andre sentrale tema er organisasjons- og profesjonsetikk, utvikling av eiga leiarrolle, spenningar i utøving av leiing, analyse- og dokumentasjonskompetanse. Emnet skal gje grunnlag for å drive og utvikle einingar i og på tvers av utdanningssystemet.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kjennskap til teoriar om leiing og leiarroller i utdannings- og oppvekstsektoren og perspektiv på leiing og utvikling av skular og barnehagar
  • har inngåande kjennskap til mandatet for leiing i skular og barnehagar gjennom politikk, lovverk og planverk og det faglege systemansvaret dette medfører
  • har avansert kunnskap om teoriar og omgrep som kan nyttast i drift, utvikling og spenningshandtering i skular og barnehagar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan bruke organisasjons- og profesjonsetiske normer i møtet med utfordringar i skular og barnehagar
  • kan analysere pedagogiske og didaktiske utfordringar og utforme leiarroller på individ- og systemnivå som er tilpassa utfordringane

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere leiingsutfordringar knytt til læring, undervisning og drift av skular og barnehagar
  • kan leie og drive leiarutvikling mellom lærarar og anna personale i utdannings- og oppvekstsektoren
  • har inngåande kunnskap om sentrale trekk ved utdannings- og oppvekstsektoren og samspelet mellom aktørane i utdanningssystemet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, gruppearbeid, øvingar. Individuell rettleiing.

I emnet vert både nasjonale og internasjonale perspektiv trekt fram, der det siste vert dekka ved hjelp av engelskspråklege kjelder.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Deltaking i gruppearbeid om utlevert case, med skissering av løysing.
  • Legge fram førebels tekst om leiing eller utviklingsarbeid knytt til eigen arbeidsplass til rettleiing.

Obligatoriske læringsaktivitetar vurderast til godkjent/ikkje godkjent. Alle obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjende av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom ein læringsaktivitet blir vurdert som ikkje godkjent, skal det gis skriftleg tilbakemelding om dette. Studentar som ikkje får godkjent ein eller fleire læringsaktivitetar får tilbod om å rette opp feil og manglar (1 gang) eller gjennomføre alternativ læringsaktivitet gitt av faglærar. Datoen for nytt forsøk må være i gjeldande semester og innan gitte fristar, men seinast tre veker før eksamensperioden byrjar.

Vurderingsform

Semesteroppgåve.

​Eksamenstekst om leiing. Maks. 5000 ord.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Det er mogeleg å levere forbetra versjon i påfølgjande semester. Det er berre mogeleg å levere forbetra versjon med same problemstilling ein gong. Etter dette må det skrivast heilt ny semesteroppgåve.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatt.

Meir om hjelpemiddel