Hopp til innhald

NABP4002 Praksis IV

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet er basert på 5 veker om bord i eit farty. I tida om bord er studenten mønstra som student, men får godkjent tida om bord som sertifikatgivande fartstid for søknad om dekksoffisersertifikat.

Om bord vil studenten i stor grad jobbe i eit internasjonalt miljø. På nokre farty kan studenten jobbe saman med ein eller fleire nordmenn, medan studenten på andre farty vil vere einaste nordmann om bord. Dette avheng av kva for farty reiarlaga har til disposisjon for praksisplassar. Det betyr at studenten må kommunisere på engelsk, som på svært mange skip er arbeidsspråket. Studenten må leve med og samhandla med kollegaer med ulik nasjonalitet og kulturell bakgrunn, og må vere medvitne om korleis ein kommuniserer og oppfører seg. I nokre tilfelle vil fartyet stort sett operere i norsk farvatn, men flere av fartya vil operere i internasjonalt farvatn og hamner.

Praksis IV er det siste praksisemnet i studieprogrammet, og praksisperioden avsluttar arbeidet med STCW-regulert innhald i programmet. Studentane arbeider i praksisperioden med avsluttande problemstillingar relatert til funksjonane navigasjon, lasting/lossing/stuing og kontroll av skipes drift og omsorg for personar om bord. Dette vil setjast i samanheng med perspektiva frå emne gjennomført så langt i studiet, og legg grunnlaget for vidare arbeid med bacheloroppgåva og relevante valemne i det siste semesteret av studieprogrammet.

Emnet har følgjande delar:

Oppstart: Tilnærming til faget. I starten av haustsemesteret førebur ein praksisperioden, slik at studentane er klar for avreise i siste del av 7. semester.

Praksisperiode: Praksisperioden vert gjennomført om bord i tildelt farty. Utreisedato og heimreisedato kan variere frå student til student, men alle studentane har 5 veker om bord i fartyet. Opplæringsansvarlig om bord på fartyet og faglig og administrativ kontaktperson ved HVL følger studenten opp. Arbeidsomfang om bord er 12 t mandag til fredag og 8 t laurdag og søndag, totalt 76 timar i ei arbeidsveke. Studenten følgjer vaktsystemet som vert nytta om bord. I tillegg til relevante arbeidsoppgåver tildelt av mannskapet på skipet jobbar studenten med Webcadet om bord.

Avslutning: Praksisemnet vert avslutta med ei samling der studentane deler sine erfaringar, refleksjonar og perspektiv med medstudentane sine.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • Har brei kunnskap om korleis forureining av havmiljøet kan hindrast og begrensast
  • Har brei kunnskap om relevante IMO-konvensjonar om sikkerheit for menneske og miljø
  • Har brei kunnskap om leiing og lagarbeid
  • Kjenner prinsipp for effektiv ressursstyring
  • Har brei kunnskap om metodar for avgjerdstaking

Ferdigheiter

Studenten

  • Kan reagere på naudssignal til sjøs og foreslå rette tiltak
  • Kan sikre at krava om hindring av forureining vert oppfylt
  • Kan overvake oppfyllinga av regelverkskrav knytt til sikkerheit for menneske og miljø
  • Kan nytte oppgåvestyring og styring av arbeidsbyrde
  • Forstår prinsipp og prosedyrar for leiing og opplæring av personell om bord
  • Kan effektivt styre ressursar ved hjelp av relevante faglege verkty, teknikkar og uttrykksformer
  • Kan ta avgjerder ut frå fagleg kunnskap, relevant informasjon og kjennskap til relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid
  • Kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing

Kompetanse

Studenten

  • Har oppnådd kompetansemåla 1.6, 3.1, 3.6 og 3.7 i Webcadet
  • Kan setje dei praktiske erfaringane frå praksisperioden i samanheng med teori gjennomgått
  • Kan planleggje og gjennomføre arbeidsoppgåver aleine og saman med andre i tråd med etiske krav og retningsliner
  • Kan organisere og leie eige arbeid
  • Har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar knytt til navigasjon, skipsteknikk, leiing og sikkerheit
  • Kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
  • Kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innan fagområdet både skriftleg og munnleg
  • Kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar i maritim næring

Krav til forkunnskapar

NABP1012 Meteorologi og oseanografi, NABP2004 Skipskonstruksjon, NABP2005 Praksis II, NABP3001 Praksis III, NABP3002 Hydrostatikk, NABP3003 Sjørett, NABP3004 Lastebehandling og modul 1 (medisinsk behandling) i NABP3005 Helse, arbeidsmiljø og sikkerheit.

Gyldig helseerklæring utan avgrensingar iht FOR-2014-06-05-805 Forskrift om helseundersøkelse av arbeidstakere på norske skip og flyttbare innretninger

Gyldig pass

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Praksisemnet vert i hovudsak gjennomført om bord i skip.

Undervisnings- og læringsformene er basert på studentaktivitet, og studenten har eit stort ansvar for å tileigne seg naudsynt kompetanse.

I all hovudsak inneheld emnet deltaking på førebuingsøkter til praksis, praktisk arbeid, e-læring, sjølvstudium og deltaking på samling i etterkant av praksisopphaldet.

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande arbeidskrav må være godkjende for å kunne reise ut i praksis:

- 100 % deltaking på førebuingsøkter til praksis

Følgande arbeidskrav skal bli gjennomført i praksisperioden:

- Gjennomført kompetansemåla 1.6, 3.1, 3.6 og 3.7 med underpunkter i Webcadet.

Vurderingsform

Praksis vert vurdert til bestått / ikkje bestått etter ei avsluttande vurdering av studenten sin prestasjon i praksisperioden.

For å bestå praksis må studenten ha nådd læringsutbytta og oppfylt kravet til deltaking.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel tillatne

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • NAB3039 - Integrert praksis - Reduksjon: 4 studiepoeng