NOB802N Norsk 1, emne 2 - Norsk på mellomsteget
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Norsk 1, 1.-7. steg er eit vidareutdanningskurs for lærarar som vil undervise i norsk på småskulesteget og på mellomsteget.
Studiet er eit ledd i regjeringa si satsing på varig vidareutdanning (Kompetanse for kvalitet). Etter Forskrift til opplæringslova §14-2 må ein lærar ha 30 studiepoeng norsk for å undervise i faget på barnetrinnet.
Norsk 1 er delt i to emne à 15 studiepoeng. Haustsemesteret handlar om 1.-4. steg og vårsemesteret om 5.-7.steg. NOB802N gir eit teoretisk og didaktisk grunnlag for arbeid med den andre lese- og skriveopplæringa i klasserommet.
Undervisinga vil leggje vekt på korleis dei fagovergripande emna i Fagfornyinga kan bli integrerte i arbeidsmåtar som involverer lesing, skriving, munnlege aktivitetar og digitale ferdigheiter, og som også kan knytast til ulike kjerneelement i den nye norskplanen. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål, respons og vurdering, arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, munnleg kommunikasjon og den andre lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som første- og andrespråk. Norsk 1 emne 2 legg også vekt på at studentane skal utvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse, eiga formidlingsevne og eigen digital kompetanse.
Begge emna samla gir omfattande kompetanse til norskundervisning på små- og mellomsteget.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har omfattande tekst- og sjangerkunnskapar om munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, både skjønnlitterære og sakprega, på nynorsk og bokmål, med vekt på teksttypar som er særleg relevante for mellomsteget
- har god kunnskap om skriving og skrivestrategiar, og korleis elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine.
- har god kunnskap om lesing og lesestrategiar, og korleis elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk kan vidareutvikla leseforståinga og leseferdigheitene sine
- har kunnskap om nyare litteratur i ulike sjangrar og medium, på nynorsk og bokmål, for barn, unge og vaksne
- har kunnskap om relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
- har kunnskap om samiske språk, litteratur og kultur
- har kunnskap om litteratur frå nyare tid som rettar seg mot barn og ungdom
- har kunnskap om kva som skal til for å tilpasse opplæringa til elevane sine føresetnader
Ferdigheiter
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 1.-7. steg og grunngi faglege val
- kan vurdere og bruke ulike undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæringa og skriftforming frå 1.-7. steg, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
- kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar for barn og unge i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike medium
- kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere samtaler i klasserommet
- kan bruke ulike former for vurdering som ein reiskap for elevane sin læringsprosess
- kan leggje til rette for at elevar les ulike typar tekstar i tradisjonelle og moderne medium, utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
- kan reflektere over kvalitet i tekstar og bruksområde og leggje til rette for, gjennomføre og vurdere samtaler om litteratur
- kan analysere og tolke ulike typar tekstar og formidle litteratur på varierte måtar
- kan kjenne att teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
- kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa og skape og vurdere multimodale tekstar
- meistrar begge målformer skriftleg og kan undervise elevar i desse.
Generell kompetanse
Studenten
- har erfaring med analyse og arbeid med læreplanen
- kan nytte læreplanen for å formulere mål for og vurdering av opplæringa
- er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
- kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon og nytte denne kunnskapen til å tilpasse opplæringa for elevane
- kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
- kan reflektere over kva den digitale utviklinga betyr for innhaldet i faget og arbeidsmetodar i skulen
- kan tilpassa undervisninga til elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
- kan leggje til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Tilbodet er ein del av satsinga Kompetanse for kvalitet. Emne 2 går over eitt semester, og er eit reint nettstudium. Vi brukar læringsplattforma Canvas og nettkonferanseverktøyet Zoom.
Gjennom undervisinga i emnet skal studentane vere både mottakarar, aktive deltakarar, meiningsfellar/dialogpartnarar og rettleiarar for medstudentar. Dei skal òg prøve ut undervising i eigne klasserom. Det er difor lagt opp til varierte arbeidsformer. Arbeidsformene kan vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, diskusjonar i videoverktøy eller på ei digital læringsplattform, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper.
Studiet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, i tillegg til at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeider med andre studentar.
Førelesingstida vil vere to klokketimar, men studentane må setje av 3 klokketimar til kvar undervisingsøkt, då det i regelen vert lagt opp til felles diskusjonar og arbeid i time 3.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er fire obligatoriske læringsaktivitetar i emnet, både individuelle og gruppearbeid. I alle har studenten ei aktiv rolle anten ved å skrive eller tale, og aktivitetane er viktig førebuingsarbeid fram mot eksamen.
1. Individuelt refleksjonsnotat
2. Videoinnlevering i gruppe
Dei obligatoriske læringsaktivitane 1 og 2 er knytt til fleire av læringsutbytta til emnet, til dømes «Studenten kan planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 1.-7. steg og grunngi faglege val" og " - kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa og skape og vurdere multimodale tekstar"
3a. Plakat, gruppeinnlevering
3b. Lærebokoppslag med skriveoppgåve, gruppeinnlevering
Obligatorisk læringsaktivitet 3 er knytt til fleire av læringsutbytta til emnet, til dømes «Studenten har kunnskap om nyare litteratur i ulike sjangrar og medium, på nynorsk og bokmål, for barn, unge og vaksne har kunnskap om relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv" og " - kan legge til rette for at elevane blir tekstkyndige og kritiske språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer ".
4. Obligatorisk frammøte på 80% av undervisningen. Ev. fråvær skal dokumenterast til emneansvarleg.
Både nynorsk og bokmål skal nyttast i læringsaktivitetane.
Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende til fastsette fristar for at studenten skal ha rett til å gå opp til eksamen. Studentar som ikkje får godkjent dei obligatoriske læringsaktivitetane kan få eitt nytt forsøk undervegs i semesteret.
Aktivitetane er gyldige i tre semester etter godkjenning.
Vurderingsform
Individuell mappevurdering med to fagtekstar, ein på bokmål og ein på nynorsk.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.
Ved ikkje bestått kan det leverast forbetra versjon av mappa til ny eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatt.
Meir om hjelpemiddel