PC-skjerm som viser bilde av mange bøker. Bokhyller i bakgrunnen

Norsk 1 | 1.-7. trinn | nettbasert

Etter- og vidareutdanning

Denne vidareutdanninga er eit reint nettstudium, og rettar seg mot deg som underviser i norsk på 1. - 7. trinn.

Du lærer om:

  • Den første og andre lese- og skriveopplæringa
  • Talemål og skriftspråk
  • Barne- og ungdomslitteratur
  • Elevtekstar

Studiet inneheld to modular: Begynnaropplæringa er tema i første semester og mellomsteget tema i andre semester.

Den praktiske erfaringa til studentane vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at studiet skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.

Praktisk informasjon

Undervisnings- og læringsform

Det er to timar obligatorisk nettundervisning kvar veke. Førelesingstida vil vere to klokketimar, men studentane må setje av 3 klokketimar til kvar undervisingsøkt, då det i regelen vert lagt opp til felles diskusjonar og arbeid i time 3.

Vi nyttar læringsplattforma Canvas og møteverktøyet Zoom. 

Mellom samlingane arbeider du i nettbaserte studiegrupper.

Nettundervisning

Etter at du har fått stadfesta opptak, vil du få ein e-post der du vert spurt om å prioritere kva tidspunkt for nettsamling som høver best for deg (med atterhald om at det er søkjarar til tre klassar, er dette tidspunkta kurset vert undervist på).

Måndagar 09.00–11.00
Måndagar 12.00–14.00
Onsdagar 09.00–11.00

 

Vurderingsform

Haust:

  • 7-dagars heimeeksamen. Eksamen vil ha to oppgåver, der den eine skal skrivast på bokmål og den andre på nynorsk. Begge tel 50 prosent og begge må vere bestått for å få godkjent eksamen.

Vår:

  • Mappevurdering: Skrivemappe med to individuelle tekstar, ein på bokmål og ein på nynorsk. Vekting: 60 prosent
  • Videoinnlevering i studiegruppe. Vekting: 40 prosent

Pensum og grunnlitteratur

Du får informasjon om pensum ved studiestart, vi rådar deg til å starte med grunnlitteraturen før det:

Grunnlitteratur

  • Birkeland, T. m.fl. (2018) Barnelitteratur – sjangrar og teksttypar. Cappelen Damm Akademisk
  • Bjerke, C. og Nygård, M. (red.) (2021). Norskboka 2. Universitetsforlaget.

  • Breivega & Selås (red.) (2018). Skriveboka. Innføring i skriveopplæring. Det Norske Samlaget.

  • Nygård, M. og Bjerke, C. (red.) (2021) Norskboka 1. Universitetsforlaget.
     




Om det er ledige plassar på studiet etter det ordinære opptaket opnar me opp for søkjarar utanom vikar- og stipendordninga til Udir. Eventuelle restplassar vil bli lagt ut her i byrjinga av juni.