PL412 Landskapsinngrep
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Vurdering av økologiske, visuelle og samfunnsmessige konsekvensar av ulike typar utbygging i landskapet, som kraftutbygging (vindkraft og vasskraft), veganlegg og større rekreasjonsanlegg (t.d. hyttebygging). Identifisering av visuelle og økologisk sårbare landskap, naturområde og vegetasjon. Introduksjon til konsekvensanalyse, landskapsøkologiske effektar, avbøtande tiltak og naturrestaurering. Øving i terrengforming gjennom grunnleggande kartteikning for hand. Studentane skal gjennomføre ei prosjektoppgåve med vurdering av kva konsekvensar ei utbygging får for landskapet.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Studenten skal forstå konsekvensar av ulike typar utbyggingar, og korleis desse varierer for ulike typar landskap.
Ferdigheiter
- Studenten skal kunne enkel terrengforming og visualisere terrengendringar gjennom grunnleggande kartteikning.
- Studenten skal kunne drøfte og legge fram skriftleg konsekvensvurdering av landskapsinngrep.
Generell kompetanse
- Studenten kan gjere greie for konsekvensar av ulike store landskapsinngrep og drøfte desse.
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Det er anbefalt å ha gjennomført PL416 Landskapsanalyse
Undervisnings- og læringsformer
Forelesningar, 1-3 ekskursjonar, individuelle øvingsoppgåver og gruppeoppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Individuell innlevering av øvingar i terrengforming.
- Deltaking på seminar om økologi og landskapsøkologi.
- Deltaking på obligatoriske ekskursjonar.
Vurderingsform
1) Prosjektoppgåve i gruppe på 3 - 5 deltakarar, 40%.
Ved stryk må ny prosjektoppgåve leverast neste gang emnet vert undervist.
2) Individuell oppgåve, 60%.
Ved stryk kan forbetra versjon av oppgåva leverast i påfølgande semester. Ved seinare semester må ny oppgåve ta utgangspunkt i årets tema for prosjektoppgåve i grupper.
Begge delane må vere bestått for å bestå emnet.
Karakterskala: A-F.
Hjelpemiddel ved eksamen
Eksamen del 1 (prosjektoppgåve i gruppe): Alle hjelpemiddel tillate
Merk særskilt om bruk av Kunstig intelligens (KI):
Hjelpemiddel ved eksamen - Høgskulen på Vestlandet
Eksamen del 2 (individuell oppgåve): Alle hjelpemiddel tillate
Merk særskilt om bruk av Kunstig intelligens (KI):
Hjelpemiddel ved eksamen - Høgskulen på Vestlandet
Meir om hjelpemiddel