PL471 Kulturmiljøforvaltning
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Emnet kombinerer kunnskap om kulturarv og kulturmiljø, med praktiske oppgåver og ekskursjonar knytt til kulturmiljøforvalting. Hovudfokus i emnet ligg på kulturmiljø med ulike former for byggverk og konstruksjonar. Studenten får innsikt korleis kulturmiljø kan vere ein ressurs for verdiskaping gjennom lokal stadutvikling og reiseliv, samt viktige aktørar og sentrale historiske trekk i norsk kulturmiljøforvalting.
Underliggande i dette blir studenten kjent med kulturmiljøverdiar knytt til ulike kulturelle grupper, ulike historiske epokar og ulike geografiske kontekstar. Vidare lærer studenten å kjenne att og skildre kulturmiljøverdiar i norske bygg og landskap. Ved å ta utgangspunkt i studentane sine bakgrunnar søker emnet å bygge vidare på eksisterande kunnskap, og skape engasjement gjennom dette.
Dei praktiske øvingane i emnet er retta mot lokal kulturmiljøforvalting. Studentane vil arbeide med registrering, verdivurdering, databasar, planar og lovverk. Ekskursjonane gir innblikk i fysiske miljø der kulturminne speler ei viktig rolle.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten har:
- god forståing for kva verdiskaping med utgangspunkt i kulturmiljø inneber i ulike kontekstar
- kjennskap til sentrale historiske trekk og viktige aktørar i norsk kulturmiljøforvaltning
- god forståing for samanhengen mellom arealplanlegging og kulturmiljøforvalting
- kjennskap til sentrale føresegner i kulturminnelova og plan- og bygningslova
Ferdigheiter
Studenten kan:
- kjenne att og skildre sentrale kulturmiljøverdiar i norske bygg og landskap
- bruke sentrale databasar til å innhente opplysningar om kulturmiljøverdiar
- gi råd om forvalting av kulturmiljø i samband med kommunal planlegging
- delta aktivt i registrering og verdisetjing av kulturminne
Generell kompetanse
Studenten:
- forstå korleis ein kan nytte kulturmiljø som ressursar i lokal utvikling
- har trening i å skrive og omarbeide ei akademisk oppgåve
- har øving i å søke opp og nytte relevant litteratur i oppgåveskriving
- kan lese og gi konstruktiv tilbakemelding til medstudentar
- har trening i argumentasjon og i å diskutere fagstoff knytt til forvaltning av kulturmiljø
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
- Førelesingar
- Ekskursjonar
- Øvingar og oppgåver
- Diskusjonar og seminar
- Rettleiing på eksamensoppgåve
Obligatorisk læringsaktivitet
Skriftlege arbeidskrav
- 2 innleveringar av utkast til gruppeeksamensoppgåve
- Lese og gi tilbakemelding på 1-2 grupper sine utkast til eksamensoppgåve
Obligatorisk undervisning
- 2 ekskursjonar
- 2-4 skriveseminar med rettleiing
Fråver frå obligatorisk læringsaktivitet må avklarast med emneansvarleg god tid i forkant
Vurderingsform
Skriftleg gruppeoppgåve (35 %)
Individuell munnleg eksamen (65 %)
Karakterskala: A-F, der F svarar til ikkje bestått. Begge deleksamenar må vere bestått for at emnet skal bli bestått.
Hjelpemiddel ved eksamen
Skriftleg gruppeoppgåve: Alle hjelpemiddel er tillate; Merk særskilt om bruk av Kunstig intelligens (KI):
Hjelpemiddel ved eksamen - Høgskulen på Vestlandet
Munnleg eksamen: Ingen
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- PL471 - Kulturlandskap og kulturarv - Reduksjon: 10 studiepoeng