SA612 Globalhistorie
Emneplan for studieåret 2024/2025
Innhald og oppbygging
Emnet gir et globalt perspektiv på historia. Det fokuserer særleg på dei store globaliseringsbølgene, men også på å forklare krefter og tendensar som har virka i motsett retning. Det globale fangar opp politisk, militær, økologisk, ideologisk, kulturell, religiøs, teknologisk og økonomisk utveksling og nettverksbygging.
Emnet legg særleg vekt på å utforske utvalde trekk ved historia til ikkje-vestlege land. Kunnskapen om ulike riker og regionar brukes både til å utvikle komparative perspektiv og å forstå skiftande relasjonar mellom verdsdelane.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten...
- har brei kunnskap om globalhistoria
- kan greie ut om kjenneteikn ved dei store globaliseringsbølgene
- har nok historisk kunnskap om ulike deler av verda til å kunne gjere meiningsfylte samanlikningar
Ferdigheiter
Studenten kan…
- sjå samanheng mellom historiske utviklingstrekk og hendingar i notida
- orientere seg i forskingsfronten, forstå historisk forskingsdebatt og reflektere kring vitskaplege grunnlagsproblem
- bruke digitale verktøy til å hente kunnskap frå ulike medium og vurdere han kjeldekritisk i eigne framstillingar
Generell kompetanse
Studenten kan…
- skrive ein tekst om eit historiefagleg tema etter definerte vitskaplege kriterium og basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
- handsame og vurdere større informasjonsmengder med eit fagleg blikk
- ha innsikt i dei analytiske, fortolkande og kreative prosessane som ligg bak skapinga av ny historisk kunnskap
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Første år av bachelorstudium i historie eller årsstudium i historie
Undervisnings- og læringsformer
Sjølvstudium, førelesingar og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy og diskusjonsforum, digitale læringsressursar som videoopptak/podcast, øvingsoppgåver, munnlege presentasjonar og skriftlege innleveringar som blir kommenterte av faglærar og medstudentar, studentstyrte kollokviegrupper.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ei individuell oppgåve etter oppgitt tema: munnleg presentasjon med tilbakemelding frå faglærar, og deretter skriftleg innlevering.
Arbeidskrav må blir vurderte til "godkjent" for å kunne gå opp til eksamen. Ved "ikkje godkjent" vil ein få ein ny sjanse.
Vurderingsform
Munnleg eksamen.
Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel