SAB250 Sosialt arbeid med barn og familiar
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Målet med emnet er at studentane skal tileigne seg spesifikk kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i sosialt arbeid med barn og familiar.
Emnet tek føre seg sosialt arbeid med barn og familiar i barnevernsfeltet, både i eit historisk, juridisk, strukturelt og krysskulturelt perspektiv. Refleksjon og kritisk tenkning over spenningar og etiske dilemma som kan oppstå mellom barn, ungdom og foreldre sine hjelpebehov vert vektlagt.
Emnet inneheld ferdigheitstrening i kommunikasjon og relasjonsarbeid med barn, ungdom og familiar med eit systemteoretisk fokus.
I tillegg vert det sett eit kritisk søkelys på korleis samfunnsstrukturar påverkar familiar. Tema som førebygging, ressurs- og risikoperspektiv, omsorgssvikt, samspelsmodellar, barn og unge sine oppvekstarenaer og deltaking, samt ulike familiestrukturar er sentrale. Emnet tek for seg saksgangen i ei barnevernsak, frå melding til tiltak, og omsorgsovertaking og akuttplassering i eit barne -, ungdom- og voksenperspektiv.
Emnet legg vekt på og byggjer vidare på kunnskap og erfaringar studentane har tileigna seg frå tidlegare emne.
Læringsutbytte
Kunnskap: Studenten…
- Skal kunne skildre kva omsorgskompetanse, risiko og beskyttelsesfaktorar og ulike former for omsorgssvikt er. Herunder skal studenten kunne redegjøre for symptom på vald, fysiske, psykiske og seksuelle overgrep.
- Skal kunne skildre kunnskap om kommunikasjon, relasjon, veiledning og samhandling med born og foreldre er, i en barnevernkontekst.
- Skal kunne redegjøre for omgrepa «barnets beste» og barns medvirkning samt kunne redegjøre for relevant lovgiving innan barne- og familierett, herunder med særlig vekt på barnevern og barnekonvensjonen.
- Skal kunne redegjøre for korleis helsemessige, sosiale og sosioøkonomiske utfordringar har konsekvensar for den enkelte og pårørande og særskilt om born som pårørande.
- Skal kunne skildre sosialt arbeid i møte med barn og familier med etnisk og kulturelt mangfald. Herunder om samiske barns rett som urfolk til å vokse opp med samisk språk og kultur
Ferdigheter: Studenten...
- kan bruke fagleg kunnskap og metodar om kommunikasjon og relasjon for å identifisere ressursar og gje håp i samarbeid med menneske i sårbare livssituasjonar,
- kan bruke fagleg kunnskap om sosiale problem, overgangar og livskriser for å fremje meistring og endring i samarbeid med ungdom.
- kan bruke fagleg kunnskap og metodar for samtaler og samhandling med born og unge om kvardagsliv og om vanskelege tema, herunder omsorgssvikt, vold og overgrep på ein måte som sikrar deira interesser, medverknad og rettigheiter.
- kan bruke fagleg kunnskap om relasjon og kommunikasjon i rettleiing, motivasjon og systematisk endringsarbeid.
- kan bruke fagleg kunnskap for å vurdere og avklare meldingar og undersøke omsorgssituasjonen til barn og unge og iverksette, følge opp og evaluere tiltak når det er nødvendig for borns helse, levelår og sosialt utvikling.
- Kan anvende faglig kunnskap og arbeide tverrfaglig i møte med mennesker som utøver og utsettes for vold og overgrep.
- kan finne, vurdere og sette inn tiltak som lindrar og reduserer konsekvensane av vald, overgrep og omsorgssvikt med utgangspunkt i barnets beste vurdering.
- kan gjøre en analyse av barnets beste i en barnevernssak og beherske aktuelle metodar for kartlegging, dokumentasjon, analyse og avgjerdstaking
Generell kompetanse: Studenten...
- skal kunne reflektere og ha innsikt i hvordan maktstrukturar og maktutøving i møte med born og familiar kan komme til uttrykk.
- har innsikt i etiske problemstillingar og kan handtere etiske dilemma i yrkesrollen og i møte med mennesker.
- kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver i samansette og konfliktfylte situasjonar.
- kan planlegge, gjennomføre og lede koordinert og tverrprofesjonelt samarbeid mellom ulike teneste og tenestenivå.
- kjennskap til menneske sine ulike utgangspunkt og sårbarheit, verdiar og levesett.
- kjenner til betydinga av digital kommunikasjon i profesjonell praksis og samhandling.
- kan reflektere over eigen fagleg utøving og justere denne under rettleiing.
Krav til forkunnskapar
Alle emne første studieår (SAB110, SAB120, SAB130, SAB140, SABP1) må vere greidd.
Tilrådde forkunnskapar
SAB210 Rus og psykisk helse og SAB220 Praktisk sosialt arbeid i velferdstenestene
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil variere mellom forelesningar, studentaktive undervisningsformer, digital undervisning, sjølvstudium, gruppearbeid, rollespel og ferdigheitstrening i kommunikasjon med born og familiar. Det kan forekomme forskjeller i undervisningsformer mellom Campus Bergen og Campus Sogndal.
Obligatorisk læringsaktivitet
Følgjande obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjent for at studenten kan framstille seg til eksamen:
- Deltaking i seminar knytt til saksgangen i ein barnevernssak. Krav om minimum 80% deltaking. Omfang kjem fram av timeplan.
- Gruppeinnlevering av en undersøkelsesplan.
- Deltaking i ferdighetstrening i kommunikasjon. Krav om minimum 80% deltaking.
- Deltaking i etikkseminar. Krav om minimum 80% deltaking.
Godkjente læringsaktiviteter er gyldig i fire semester.
Vurderingsform
Munnleg eksamen Munnleg individuell eksamen 30 minutt, basert på kasus som studenten får utlevert ved eksaminasjon.
Tidsramma på 30 minutt inneheld følgjande:
- 5 minutt til lesing av oppgåve og førebuing
- 20 minutt til munnleg eksaminasjon
- 5 minutt til fastsetting av karakter.
Tid og stad for eksamen, sjå Studentweb.
Vurderingsuttrykk Gradert karakterskala. A-E er greidd. F er ikkje greidd.
Ny eksamen Ny eksamen vert gjennomført med same form som ordinær eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovsamling/utskrift frå lovdata
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- BS5-201 - Kommunalt barnevern - Reduksjon: 15 studiepoeng
- BSO211 - Barnevern. Sosialt arbeid med familiar - Reduksjon: 15 studiepoeng