Hopp til innhald

STMA101 Språk, tekst og matematikk

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Språk, tekst og matematikk (STM) er eit kunnskapsområde som tematiserer danninga og den språklege og matematiske utviklinga til born. Desse temaa er viktige for barneleik i læringsperspektiv og er avgjerande for at born kan utvikla relasjonar til andre menneske og fungera sosialt i eit fleirspråkleg og fleirkulturelt samfunn. Kunnskapsområdet har to tyngdepunkt: På den eine sida handlar det om språkutvikling, barnelitteratur og mediekultur; på den andre sida handlar det om matematisk meiningsskaping, kreativ undring, problemløysing og leik. Andre sentrale emne er omgrepsutvikling og overgangen mellom barnehage og skule.  

Språk, tekst og matematikk er viktige dimensjonar ved leik og utforsking, og rolla og ansvaret til barnehagelæraren står sentralt her. Kunnskapsområdet kombinerer teoretisk og praksisnær kunnskap om borna si språklege, litterære og matematiske utvikling. Gjennom emnet skal studentane tileigna seg kompetanse i å skapa varierte språk-, tekst- og matematikkmiljø i barnehagen.  

Kunnskapsbasen byggjer på norsk- og matematikkdidaktikk. Praksis er integrert i kunnskapsområdet.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap 

Studenten  

  • har kunnskap om born si matematiske utvikling, spesielt innanfor tal-, form- og romforståing, også i fleirkulturelt perspektiv  
  • har kunnskap om både born si språkutvikling og den munnlege og skriftlege språkbruken deira (inkludert språkvanskar), også i fleirspråkleg perspektiv
  • har kunnskap om korleis born utviklar omgrep og løyser problem
  • har kunnskap om skjønnlitteratur og sakprosa for born, moderne tekst- og mediekulturar og sjangrar frå munnlege forteljartradisjonar, inkludert den samiske
  • har grunnleggjande kunnskap om tydinga leiken og samtalen har for teksterfaringane born gjer seg og deira språk- og matematikkutvikling  
  • har grunnleggjande kunnskap om born si tidlege rekne- lese- og skriveutvikling

Ferdigheiter  

Studenten  

  • kan observera, vurdera, leggja til rette for og stø born si språklege, tekstlege og matematiske utvikling i lys av den pedagogiske verksemda i barnehagen 
  • er ein medviten språkleg rollemodell og ein samtalepartnar som fremjar borna si aktive deltaking, utvikling og danning  
  • kan leggja til rette for eit inkluderande og variert leikemiljø for matematisk og språkleg utforsking, forteljing og høgtlesing  
  • kan leggja til rette for kvalitet og mangfald i tekstopplevingane og lesefellesskapen til borna, også i eit fleirkulturelt perspektiv  
  • kan rettleia, leia og reflektera kritisk over arbeidet med språk, tekst og matematikk i barnehagen  

Generell kompetanse  

Studenten

  • kan delta aktivt og kritisk i barnehagefaglege diskusjonar om språk, tekst og matematikk  
  • kan utøva pedagogisk leiing i arbeidet med å inkludera og anerkjenna dei språklege, tekstlege og matematiske erfaringane til alle born
  • kan bruka norsk munnleg og skriftleg (bokmål og nynorsk) i profesjonssamanheng

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil veksla mellom lærarstyrt klasseromsundervisning, ulike studentaktive læringsformer og praksis. Innhaldet i undervisninga blir rekna som pensum og dannar grunnlag for arbeid med ulike oppgåver, munnlege og skriftlege, på høgskulen og i praksis.

Praksis 

Praksis vert gjennomført etter eigne læringsutbytte som står oppført i studieplanen. Informasjon om praksis (ABLUPR101) ligg i utdanningsplanen for ditt kull og på nettsida for praksis i barnehagelærarutdanninga.

Obligatorisk læringsaktivitet

Emnet har tre obligatoriske læringsaktivitetar:

- Ein individuell skriftleg tekst knytt til norskfaglege emne.

  • Denne læringsaktiviteten er knytt til læringsutbyttet «Studenten har kunnskap om både borna si språkutvikling og den munnlege og skriftlege språkbruken deira (inkludert språkvanskar), også i fleirspråkleg perspektiv».

- Eit utviklingsarbeid knytt til matematiske emne. Arbeidet blir avslutta med ein skriftleg tekst.

  • Denne læringsaktiviteten er knytt til læringsutbytta «Studenten har kunnskap om borna si matematiske utvikling, spesielt innafor tal-, form- og romforståing, også i fleirkulturelt perspektiv», og
  • «Studenten har kunnskap om korleis born utviklar omgrep og løyser problem».

- Ein tverrfagleg læringsaktivitet knytt til praksis, munnleg i gruppe.

  • Denne læringsaktiviteten er knytt til læringsutbytta «Studenten kan delta aktivt og kritisk i barnehagefaglege diskusjonar om språk, tekst og matematikk», og
  • «Studenten kan utøva pedagogisk leiing i arbeidet med å inkludera og anerkjenna dei språklege, tekstlege og matematiske erfaringane til alle born».

Dei obligatoriske læringsaktivitetane må vera gjennomførte til fastsette fristar og godkjende av faglærar før ein kan gå opp til eksamen. Dersom ein obligatorisk læringsaktivitet ikkje blir godkjend, har studenten eitt nytt forsøk same semester. Obligatoriske læringsaktivitetar som ikkje er godkjende kan takast på nytt neste semester.

Vurderingsform

Individuell munnleg eksamen i både norsk og matematikk, ca. 30 minutt. Meir informasjon om eksamen blir gitt ved semesterstart. 

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen hjelpemiddel

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • STM101 - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • STM102 - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng
  • STMD101 - Språk, tekst og matematikk - Reduksjon: 20 studiepoeng