Hopp til innhald

SYKB250 Folkehelse i eit nasjonalt og globalt perspektiv

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet gjev brei kunnskap, ferdigheitar og generell kompetanse i helsefremmande og førebyggande arbeid i eit nasjonalt og globalt folkehelseperspektiv. I tillegg vil emnet bidra til auka innsikt i sentrale omgrep og tema innan global helse, internasjonalisering, FN sine berekraftsmål og menneskerettar. Praksis er ei fordjuping innanfor folkehelsearbeid.

Emnet inneheld følgande tema:

  • Helsedeterminantar og sosial ulikskap i helse
  • Salutogenese og empowerment
  • Helsekompetanse/Health literacy
  • Sjukepleiaren sin pedagogiske funksjon
  • Nasjonale og internasjonale styringsdokument
  • Kultur og helse i eit globalt perspektiv
  • Migrasjonshelse
  • Kultursensitivitet og kommunikasjon
  • Seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk
  • Vaksinasjon
  • Livsstil og livsstilsendringar
  • Førebyggande helsearbeid knytt til barn og unge
  • Frivillig arbeid

Emnet kan innehalde "internasjonalisering heime", pediatri, svangerskap og barselomsorg.

Emnet sitt arbeidsomfang er rekna til 405 timar. Av desse er 160 timar knytt til pasient- og brukarretta arbeid på ulike nivå. Det er krav om 90% deltaking i pasient og brukarretta arbeid.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha oppnådd følgande læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

Kunnskapar

Studenten…

  • har brei kunnskap om sjukepleiaren sin helsefremmande og førebyggande funksjon i eit folkehelseperspektiv
  • har kunnskap om relevante undervisnings- og rettleiingsmetodar
  • har kunnskap om inkludering, likestilling og ikkje-diskriminering uavhengig av kjønn, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder slik at kandidaten kan bidra til likeverdige tenester for alle grupper i samfunnet
  • har kunnskap om helse- og sosialpolitikk innanfor fagfeltet folkehelse, inkludert gjeldande myndigheitskrav
  • har kunnskap om barn og unge sine behov for tenester i eit folkehelsepersektiv og sikring av deira medverknad og rettigheiter
  • har kunnskap om samtale med barn om tema omsorgssvikt, vald og overgrep
  • har kunnskap om tverrprofesjonelt samarbeid
  • har kunnskap om arbeidsinkluderande tiltak
  • har kunnskap om samane sin status som urfolk og om samane sine rettar, særskilt innanfor helse- og sosialfeltet

Ferdigheiter

Studenten…

  • kan nytte fagleg kunnskap om helsefremmande og forebyggande tiltak og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid i teoretiske og praktiske problemstillingar, og kan grunngje val i tråd med kunnskapsbasert praksis
  • kan nytte kunnskap om kulturkompetanse og kulturforståing i vurdering, planlegging, gjennomføring og evaluering av sjukepleie i eit folkehelseperspektiv
  • kan nytte kunnskap om lærings-, mestrings- og endringsprosessar i rettleiing og undervisning i eit folkehelseperspektiv
  • kan nytte relasjons-, kommunikasjons- og rettleiingskompetanse i folkehelsearbeid
  • kan nytte oppdatert kunnskap om helse- og velferdssystemet, lover, regelverk og rettleiingsdokument i si tenesteutøving innanfor folkehelsearbeid
  • kan nytte fagleg kunnskap om helse og sjukdom i folkehelsearbeid for å systematisk observere, vurdere, avgjere, sette i verk og dokumentere hensiktsmessige sjukepleietiltak, samt evaluere effekten av desse og justere ved behov
  • kan nytte kunnskap for å sette i verk tiltak som fremmer god psykisk helse

Generell kompetanse

Studenten…

  • kan planlegge og gjennomføre eit prosjekt
  • kjenner til globale helseutfordringar og sjukepleieutøving i eit internasjonalt perspektiv
  • kan formidle og reflektere over faglege, etiske og juridiske problemstillingar, samt justerer eigen praksis i si tenesteutøving
  • kan formidle synspunkt og dele erfaringar med andre innanfor fagområdet, og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis

Krav til forkunnskapar

SYK110, SYK100, SYK130, SYK140, SYK120P

Tilrådde forkunnskapar

SYK200

Undervisnings- og læringsformer

  • Førelesingar
  • Arbeid i grupper
  • Digitale ressursar
  • Formidling frå studentar
  • Ferdigheitstrening
  • Simulering
  • Rettleiing
  • Medstudentrespons
  • Eigenvurdering
  • Oppgåveløysing
  • Skriftleg arbeid
  • Sjølvstudium

Obligatorisk læringsaktivitet

Følgande obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før kandidaten kan framstille seg til eksamen:

1. 80 % oppmøte og deltaking i studentaktive læringsformer (seminar, gruppearbeid, framlegg, simulering) omfang kjem fram av timeplan.

2.Praksis: 160 timar knytt til pasient - eller brukarretta arbeid. For å få godkjent praksis må kandidaten ha nådd læringsutbytta og oppfylt kravet om 90% deltaking i praksis.

3.Prosjektoppgåve:

a: Delta på rettleiing i grupper knytt til prosjektplan/oppgåve.

b: Godkjend prosjektskisse på inntil 1000 ord.

c: Framlegg av prosjekt.

Ved fråvær frå obligatoriske læringsaktivitetar gjeld dei same reglane som for gyldig fråvær i praksis, jfr forskrift om studium og eksamen ved HVL

Vurderingsform

Prosjektoppgåve, gruppe (eller individuelt), lengde 3500 ord +/- 10%.

Alle i gruppa skal bidra til eit felles produkt. Oppstår det tvil om en eksamenskandidat har bidratt tilstrekkeleg til å få utteljing for eit felles produkt skal dette dokumenterast frå alle gruppemedlemmane og emneansvarlig. Høgskolen kan gjere vedtak om at eksamenskandidaten skal regnast for ikkje å ha møtt under eksamen. Studenten må da levere en ny oppgåve til ny eksamen. Jf. forskrifta: § 11-17 Gruppeeksamen

Tid og stad for innlevering av prosjektoppgåva blir gitt på Studentweb.

Vurderingsuttrykk: Bestått/ ikkje bestått.

Ny eksamen:

Ved ikkje bestått vurdering er det høve til å levere forbetra versjon av oppgåva. Ein har då rett på ei rettleiing.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler tilletne

Meir om hjelpemiddel