BØ6-2002 Verksemdorganisering-og rekneskapsførarregelverket

Emneplan for studieåret 2020/2021

Innhald og oppbygging

Emnet gir innsikt i ein rekneskapsførar sin rolle og god rekneskapsførarskikk, irekna utfordringar knytt til handsaming og registrering av transaksjonar og hendingar i ei verksemd, samt organisering og intern kontroll. 

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten

  • har god kjennskap til dei reglar som regulerer rettar og plikter for autoriserte rekneskapsførarar, irekna også rekneskapsførar sine erstatningsrettslege plikter
  • har god kjennskap til krav, plikter og tilrådingar som kjem fram i god rekneskapsføringsskikk
  • kjenner roller og ansvar til styret, dagleg leiar og revisor knyta til ei verksemd
  • kjenner dei mest sentrale rutinane i ei verksemd
  • kjenner generelle kontrollar og kan reflektera over organisasjonsmessige relasjonar i samband med intern kontroll, irekna tiltak for å sikra effektiv intern kontroll
  • kjenner til krav til tryggleik og kontrollar i IKT-system
  • har kunnskap om dei grunnleggande bokføringsprinsippa i bokføringsloven og god bokføringsskikk, irekna andre reglar i bokføringslov og rekneskapslov

Ferdigheiter:

Studenten kan

  • nytte reglar om rettar og plikter og innhaldet i god rekneskapsføringsskikk irekna risikoregelverket (jf forskrift om risikostyring og internkontroll) og kvitvaskingsregelverk
  • analysere systemgenererte rapportar

Generell kompetanse:

Studenten kan

  • tileigne seg oppdatert kunnskap innanfor kunnskaps- og ferdigheitsområder nemnd ovanfor
  • formidle sentralt fagstoff gjennom relevante uttrykksformer og kan utveksla synspunkt og erfaringar med andre fagpersonar
  • sjå emnet i ein større samfunnssamanheng

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

BØ6-1011 Finansrekneskap med analyse

Undervisnings- og læringsformer

Forelesing og oppgåveseminar.

Arbeidskrav

Eit skriftleg arbeidskrav.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen på 4 timar. Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lovsamling eller utskrift frå Lovdata

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ØKB3119 (1) - Regnskapsorganisering - Reduksjon: 7,5 studiepoeng