Hopp til innhald

GE4-305 Overvaking av ustabile fjellsider

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Undervisninga er frå måndag til fredag i den siste veka i mai eller første veka i juni i Sogndal på HVL. Denne undervisningsveka er obligatorisk, og inneheld førelesingar, feltbesøk og oppgåveløysing. Ein av dagane vil me gå opp til det ustabile fjellpartiet ‘Stampa’ - Joasetebergi eller Stiksmoen, mellom Aurland og Flåm, i lag med geologar frå NVE, for å undersøkja geologien og instrumenta som måler bevegelsen i fjellsida. Studentane skal etterpå arbeida med ulike datasett som er samla inn med desse instrumenta på Stampa, eller datasett frå andre ustabile fjellsider i Noreg som vert overvaka. På fredag skal studentane presentera oppgåva munnleg. Alternativt kan oppgåva ta føre seg eit ustabilt fjellparti i Noreg som pr. i dag ikkje er overvaka, og laga eit oppsett/forslag for eit overvakingssystem for dette fjellpartiet.

I førelesingane vert studentane introduserte for dei ustabile fjellsidene i Noreg som er overvaka. I pensum inngår også eksempel på ustabile fjellsider frå andre stader i verda. Geologar frå NVE vil gi fleire av førelesingane.

Læringsutbytte

Kunnskap

Studentane skal få god innsikt i dei geologiske forholda og modellane som kan beskriva bevegelsen til fjellpartia. Studentane skal få kunnskap og innsikt om dei ulike typane av instrument som vert brukt til å overvake slike fjellsider som satellitt, radar, tiltmeter, extensometer, laser, totalstasjon, DGPS-nettverk og boreholsinstrumentering.

Ferdigheiter

Students skal vera i stand til å tolka data innsamla med ulike typar instrument og forstå kvaliteten på datamateriale når det gjeld nøyaktigheit og presisjons, og kva vekt ulike feilkjelder skal ha i tolkinga.

Generelle kvalifikasjonar

Studentane skal etter kurset kunna tolka kart /DEMs/flyfoto for å lokalisera ustabile fjellsider og kunna planleggja eit tenleg overvakingssystem basert på bevegelsen (type instrument, plassering etc.).

Tilrådde forkunnskapar

Strukturgeologi, anvendt geofysikk, mineralogi og petrologi, geologisk kartlegging.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, studentpresentasjonar og feltbesøk.

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er obligatorisk oppmøte på førelesingane, feltbesøket og oppgåveløysinga med påfølgjande presentasjon.

Vurderingsform

Eksamen er delt i to.

Del A er å skriva ein populærfagleg artikkel. Den skal utgjera 30 % av karakteren. Artikkelen skal lastast opp på Canvas eller tilsvarande innan ein gitt dato (ca. 20. august).

Del B er ein skriftleg eksamen, digital heimeeksamen, 4 timar (ca. 25 august-10. september), som utgjer 70 % av karakteren.

Del A: Frå eit utval av fagartiklar på pensumlista, eller som er bestemt av faglæraren, skal studenten velja ein artikkel og skriva ein populærfagleg artikkel om forskinga og resultata i fagartikkelen. Krava til artikkelen er at den skal ha ein tittel, ingress på 1-2 setningar og ein hovuddel organisert i avsnitt. Innhaldet og språket skal passa til eit breitt utval av lesarar. Artikkelen skal vera retta mot ikkje-ekspertar, men som har ein god og brei utdanning. Font Calibri 11, lengda skal vera mellom 4500 og 6000 teikn med mellomrom, på norsk.

Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel tillatt

Meir om hjelpemiddel