GE483 Climate Change

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Kurset er sett saman av to delar, og består av ein meteorologi del (~2 veker) og ein klimatologi del (~4 veker). Studentane er introdusert til grunnleggande meterologiske omgrep, som til dømes korleis atmosfæren er strukturert, jordas energi balanse, vêr-prosssar (lufttemperatur, fuktigheit, nedbør, skyer, lufttrykk, og vind), vêrvarsling og teorien om polarfronten. I tillegg vil ulike vêr-system og fenomen vil bli forklart.

Klimatologi delen av kurset gir ei oversikt i fortidsklimaet frå siste istids maksimum til dagens klima og vidare inn i framtidas klima. Kurset fokuserer på korleis naturlege og menneskeskapte prosessar påverkar klimaet vårt med ulik tids- og romlegskala. Tema som vert undervist i kurset er mellom anna karbonkrinslaupet, solinnstrålingen påverknad på klimaet på jorda, drivhusgassar og hav-atmosfære interaksjonar. Vi undersøkjer ulike metodar for å forske på tidlegare klimaendringar, og kva arkiv som er relevant for å forstå korleis klimaet har variert attende i tid. Vi diskuterer og gjer greie for dei framtidige endringane som vil skje på jorda i løpet av dei neste hundreår.

Læringsutbytte

Studentane:

  • får ei god forståing av kva som påverkar og driv dagens klimasystem på jorda.
  • forstår og veit om dei viktigaste metodane for å rekonstruere tidlegare klimaendringar frå ulike naturlege arkiv, og kan vurdere kritisk usikkerheit og manglar i klimarekonstruksjonar.
  • får ei god forståing av dei klimaendringane som har skjedd gjennom den geologiske tidskala og kan gjere greie for teoriane som forklarer desse.
  • får ei detaljert forståing av klimaendringar som tok plass dei siste 10 000 år.
  • får ei god oppfatning av rådande teoriar og modellar for klimaendringar i framtida.

Studentane kan:

  • konstruere kart med isobarar, isotermiske kart og frontar på kart.
  • samle inn og rapportere om informasjon frå ulike vêr-hendingar.

Studentane:

  • får kompetanse innan grunnleggande meteorologiske prosessar, før- og notidsklima samt framtidige klimaendringar.
  • lærer om strukturen til atmosfæren, havet og jordoverflata, og korleis dei verkar i samspel i ein klimatisk kontekst.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

GE-406 Geologi grunnkurs

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, øvingar og to-dagars obligatorisk innlevering av oppgåve

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Godkjent minimum fire oppgåver
  • Godkjent obligatorisk innlevering

Vurderingsform

Munnleg eksamen på norsk eller engelsk, 15 minuttar, pluss 20 minuttar til førebuing utan hjelpemiddel. 

Karakterskala A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ordbøk

Meir om hjelpemiddel