MAS141 Introduksjon til olje og gass (IOG)

Emnebeskrivelse for studieåret 2018/2019

Innhold og oppbygning

Faget skal gi ein introduksjon til olje og gass næringen. Hovudfokus vil vere på tekniske system for produksjon av olje og gass, boring og undervassinstallasjoner. Det vil og bli gitt ei kort innføring i temaene geologi og teknologihistorie.

Emnet omhandlar det som skjer med brønnvæska etter at den kjem opp på plattforma (produksjonsteknikk). Først separasjon av olje, gass, sand og vatn for seg, så system for å oppnå spesifisert væskeinnhald i eksportgass, spesifisert vassinnhald i stabilisert olje og akseptabelt oljeinnhald i produsert vann. I tillegg er sentrale sikkerhets- og hjelpesystem beskrive samt ventiler, pumper og anna utstyr. Sentrale fysiske prinsipp for trykk og strøyming vert gjennomgått. Spesielle utfordringar knytt til leiting og utvinning av olje og gass i arktiske strøk vil og bli omhandla.

Emnet omhandlar og boreprosessen, boresystem og brønnbarrierar.

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten kunne:

Kunnskap

  • Forklare og beskrive hovudsystema for separasjon av gass, olje og vatn på ein produksjonsplattform samt sentrale hjelpesystem og sikkerheitssystem.
  • Beskrive og ha forståing for boreplattformens hovudsystem, sirkulasjonssystemet, boreoperasjoner og brønnbarrierar (BOP, mud etc).
  • Forklare og anvende ulike typar ventiler, pumper og utstyr innan systema.
  • Forklare og beskrive hovudsystema for subsea brønnhovud.
  • Beskrive og ha forståing for produksjonskontroll.
  • Forklare installasjon og vedlikehald av undervass-installasjonar.

Ferdigheter

  • Forklare kva som skjer med brønnvæsken etter den er kome opp på plattforma.
  • Gjera greie for og forklare de fysiske prinsippa for separasjon av olje, gass, vatn og sand på en produksjonsplattform samt beskrive system og utstyr, ventiler og pumper som vert nytta.
  • Gjera greie for og forklare de fysiske prinsippa for boreprosessen på en boreplattform samt beskrive system og utstyr, ventiler og pumper som vert nytta.
  • Beskrive grunnleggjande prinsipp for sentrale sikkerheitssystem på bore- og produksjonsplattformer.
  • Beskrive grunnleggjande prinsipp for brønnbarriere.
  • Gjera greie for grunnleggjande prinsipp innan feltutvikling subsea.
  • Beskrive hele eller deler av brønnhovud-system, completion systemet, Workover systemet samt Tie-in (tilknyting), subseastrukturer og intervensjon.
  • Beskrive grunnleggjande prinsipp for brønnbarriere.

Generell kompetanse

  • Reflektere over egen faglig utøving
  • Kunne arbeide i grupper og i en tverrfaglig samanheng.

Krav til forkunnskaper

ING107

Undervisnings- og læringsformer

Øvingsoppgåver aleine og i grupper. Førelesningar.

Arbeidskrav

Læringsmappe som består av følgjande deler:

  • Delprøve 1 underveis
  • Delprøve 2 underveis
  • Øvingsoppgåver/case

To av mappeelementa vil bli brukt til mappevurdering.

Vurderingsform

Mappevurdering.

Mappa baserer seg på to delar frå læringsmappa:

  • Delprøve 1
  • Delprøve 2

Tid og stad for innlevering av vurderingsmappa vert opplyst på Studentweb og digitalt eksamenssystem.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemidler ved eksamen

Kalkulator

Faglig overlapping

  • MAS127 (1) - Petroleumsproduksjon og undervannsteknologi - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • MAS126 (1) - Innføring i olje og gassproduksjon - Reduksjon: 5 studiepoeng