Hopp til innhald

MR691 Masteroppgåve i organisasjon og leiing

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Masteroppgåva tek vanlegvis utgangspunkt i ei problemstilling knytt til eit arbeidsområde studenten sjølv har erfaring med. Oppgåva skal som hovudregel gjennomførast som ei empirisk undersøking knytt til det valde problemområdet. Med empirisk undersøking meiner vi innsamling av eigne kvalitative og/eller kvantitative data, dokumentanalysar, eller systematiske kunnskapsoppsummeringar med sjølvstendige analysar.

Masteroppgåva kan formidlast som monografi eller som publiserbar artikkel med kappe.

Oppgåva er eit sjølvstendig individuelt arbeid, eller eit arbeid i gruppe på inntil to studentar.

Læringsutbytte

Etter avslutta emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

  • Ha inngåande kunnskap om å gjennomføre eit vitskapleg forskingsprosjekt.

Ferdighet

  • Kunne avgrense og operasjonalisere ei problemstilling slik at den kan danne grunnlag for nærare empirisk gransking.
  • Kunne handsame empiriske data gjennom relevante metodar på ein slik måte at det kan trekkast vitskaplege slutningar frå datamaterialet.
  • Kunne kaste lys over eit empirisk materiale gjennom relevante teoretiske perspektiv på ein slik måte at det syner sjølvstendig tileigning av abstrakt kunnskap.
  • Kunne presentere empiriske data og analytiske resonnement på ein systematisk måte, og gjennom dette vise at han/ho har tileigna seg eit akademisk språk og klar framstillingsform.

Generell kompetanse

  • Etter avslutta emne skal studenten på eit sjølvstendig grunnlag kunne gjennomføre eit vitskapleg forskingsarbeid.

Krav til forkunnskapar

Studentar på studieretninga utdanningsleiing må ha bestått følgjande emne for å kunne melde seg opp til MR691 Masteroppgave i organisasjon og ledelse: OR6-403 Ledelse og endring i organisasjoner, JU6-404 Jus for offentlig ledelse, SØ6-402 Offentlig økonomiforvaltning, SA6-504 Politikk, styring og innovasjon i offentlig sektor, SA6-406 Ledelse av pedagogisk virksomhet og SA6-503 Utdanningspolitikk. I tillegg må de obligatoriske læringsaktivitetane (arbeidskrava) i ME6-501 Forskningsdesign og metode være godkjende.

Studentar på studieretninga helse- og velferdsleiing må ha bestått følgjande emne for å kunne melde seg opp til MR691 Masteroppgave i organisasjon og ledelse: OR6-403 Ledelse og endring i organisasjoner, JU6-404 Jus for offentlig ledelse, SØ6-402 Offentlig økonomiforvaltning, SA6-504 Politikk, styring og innovasjon i offentlig sektor, SA6-405 Ledelse og forbedringsarbeid i grunnenheter og SA6-502 Helse- og velferdspolitikk. I tillegg må de obligatoriske læringsaktivitetane (arbeidskrava) i ME6-501 Forskningsdesign og metode være godkjende.

Undervisnings- og læringsformer

Kvar student får tildelt ein rettleiar. Undervisninga skjer i stor grad gjennom individuell rettleiing. Studentar som skriv i saman får felles rettleiar. I tillegg skal studenten legge fram to arbeidskrav. Det første arbeidskravet er ein presentasjon av undersøkjingsopplegget. Det andre arbeidskravet er ein presentasjon av analyse og funn i masterprosjektet. Begge arbeidskrava blir lagt fram på samlingar for/med medstudentar og fagtilsette ved HVL. Aktiv deltaking på slike samlingar er ein føresetnad for å få utbytte av rettleiing. Kontakt med rettleiar/faglærar kan skje via elektroniske medium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Presentasjon av undersøkjingsopplegg for masterprosjektet

  • Arbeidskravet må vere godkjent før empiriske data kan samlast inn.

Presentasjon av analyse og funn i masterprosjektet

  • Arbeidskravet må vere godkjendt før studenten kan levere masteroppgåva til sensur.

Vurderingsform

Oppgåve

Masteroppgåve. Bokstavkarakter A-F, der F er "ikkje greidd".

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal følgje bestemte formalkrav som vert gjort kjende gjennom seminar, rettleiing og informasjon i Canvas.

Masteroppgåva kan skrivast individuelt eller ved samskriving av to studentar.

Ved stryk kan omarbeidd masteroppgåve leverast neste gong eksamen blir arrangert.

Det er ikkje høve til å få vurdert ei omarbeidd masteroppgåve i det same studieprogrammet når studenten tidlegare har fått vurdert si oppgåve med greidd resultat.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • MR690 - Masteroppgåve med metode - Reduksjon: 28,5 studiepoeng
  • MR690 - Masteroppgåve i organisasjon og leiing - Reduksjon: 28,5 studiepoeng