SSB801 Språkutvikling og språklæring i barnehagen

Emneplan for studieåret 2022/2023

Innhald og oppbygging

Vidareutdanningskurset "Barns språkutvikling og språklæring i barnehagen" er utvikla på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet, med bakgrunn i Kompetanse for framtidas barnehage.

Formålet med vidareutdanninga er å styrke kompetansen til barnehagelæraren generelt, og auke kompetansen i arbeidet med barn med språklege utfordringar. Rammeplanens føringar om mangfald, likeverd, likestilling, inkludering, tidleg innsats og livsmeistring vil liggje som grunn for studiet. Betydninga av tidleg innsats i barnehagen for å styrke alle barns språkutvikling innanfor deira utviklingstempo og dei to store samfunnsendringane digitalisering og økt mobilitet, vil prege vidareutdanninga.

Tilbodet er retta mot barnehagelærarar/førskulelærarar som ønsker å lære meir om typisk språkutvikling hos eitt- og fleirspråklege barn, og om språkutvikling hos barn med særskilte behov. Det vil bli lagt vekt på å gje studentane solide kunnskapar om barns språktileigning, slik at dei kan gje god språkstimulering til alle barn, uavhengig av bakgrunn og funksjonsnivå. Det vil vere fokus på at språklæringa skal skje i meiningsfulle samanhengar, og at språket er ein sentral faktor i læring, kommunikasjon og i å skape gode sosiale relasjonar.

Gjennom studiet lærer du om:

  • barns språktileigning og -utvikling frå 0-6 år
  • typiske trekk ved språkutviklinga hos barn som har andre førstespråk enn norsk
  • avvikande språkutvikling
  • observasjon og kartlegging av barns språk
  • å kartleggje språkmiljø
  • gode måtar å arbeide med språkstimulering i ein meiningsfull kontekst på, t.d. gjennom teikn-til-tale
  • ordlæring og språkleg medvit
  • utvikling av språkmiljøet i barnehagen
  • korleis forhold i dagens samfunn speler inn på språkmiljøet i barnehagen

Læringsutbytte

Ved fullført emne skal studenten ha følgjande totale læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten har kunnskapar om:

  • Barns munnlege språkutvikling
  • Barn med språk- og kommunikasjonsvanskar i barnehagen
  • Fleirspråkleg utvikling hos barnehagebarn
  • Bruk av tolk
  • Språkstimulering i barnehagen gjennom leik, høgtlesing og samtale i formelle og uformelle læringssituasjonar
  • Kva som utgjer eit godt språkmiljø
  • Ulike metodar å kartlegge språkutvikling og språkbruk på
  • Nynorsk i barnehagen
  • Teiknspråk og døve barns språkutvikling
  • Kommunikasjonsmetoden teikn-til-tale
  • Barnehagen i samfunnet

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • Stimulere barns språkutvikling, uavhengig av bakgrunn og funksjonsnivå
  • Observere og utvikle språkmiljøet i barnehagen
  • Identifisere barn med avvikande språkutvikling og kunne sette i verk relevante tiltak
  • Kartlegge og observere barns språkutvikling og anvende kartlegging som grunnlag for systematisk arbeid og refleksjon rundt arbeid med barns språkutvikling
  • Bruke samtale, barnelitteratur, musikk, rim, regler og andre kulturuttrykk for å stimulere til barns språkutvikling, og vise progresjon i språkstimulerande aktivitetar
  • Kan setje inn tiltak, t.d. teikn-til-tale, for barn som treng ekstra støtte i si språkutvikling
  • Kan nytte digitale verktøy som språkstimulering
  • Inkludere dei føresette og personalet i arbeidet med å skape eit godt språkmiljø

Generell kompetanse

Studenten

  • Har innsikt i tilhøve som verkar inn på språkmiljøet i barnehagen, og kan reflektere kritisk rundt dei
  • Har innsikt i verdien av språkstimulering i barnehagen og betydninga av tidleg innsats
  • Kan kritisk vurdere barnehagelæraren si rolle som språkmodell og fagleg didaktisk arbeid knytt til fagområdet kommunikasjon, språk og tekst
  • Har innsikt i, og kan bruke, ulike former for språkstimulering for barn med ulike føresetnader

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er eit samlingsbasert deltidsstudium. Det vil vere fire samlingar, to om hausten og to om våren. Desse samlingane strekk seg over tre dagar. Mellom samlingane vil det vere arbeid i nettbaserter studiegrupper. Høgskulens studiestøttesystem Canvas vil bli nytta til generell og fagleg informasjon mellom lærarar og studentar, til innlevering av tekstar og til diskusjon og samarbeid mellom studentar. 

Studiet er organisert som ei blanding av samlingar, sjølvstudium, arbeid i studiegrupper, arbeid gjennomført på eigen arbeidsplass og arbeid på nett. Læringsarbeidet søkjer å knyte saman studentane sine erfaringar frå praksis med relevant teori. Det inneber òg at studentane vekslar mellom å vere mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Samlingane vil bli sett saman av førelesingar og gruppearbeid, samt studentframlegg, samtalar og erfaringsutveksling. 

Obligatorisk læringsaktivitet

Det er fire arbeidskrav som er knytt til arbeid på eigen arbeidsplass. I tillegg er det krav om 80% frammøte til studentaktiv undervisning. Retningslinjer for arbeidskrava blir gjort kjende ved studiestart.

  1. Kartleggja språkutviklinga og setja i verk tiltak i eit inkluderande barnehagemiljø til eitt barn med språkvanskar. Arbeidet skal foregå gjennom heile studieåret. Til slutt skal du skriva ei fagtekst om arbeidet. 
  2. Eit digitalt arbeidskrav om fleirspråkleg utvikling og korleis støtte barn si språkutvikling. Arbeidskravet er knytt til kunnskapsdeling i eige kollegium i barnehagen etter utprøving av det didaktiske arbeid knytt til Rammeplanens fagområde Kommunikasjon, språk og tekst der digitale verktøy vert nytta som pedagogisk reiskap. 
  3. Presentasjon av god praksis. Munnleg framlegg. 
  4. Utprøving av ny fagleg kunnskap gjennom eit lite prosjekt med forskning og utvikling (FoU) på eigen arbeidsplass. Her skal du gjennomføre eit pedagogisk utviklingsarbeid med særskilt fokus på språkmiljø/språkstimulering.

Arbeidskrava må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen. Godkjende arbeidskrav er gyldige i to år etter godkjenninga, så framt det blir nytta same arbeidskrav.

Vurderingsform

  • Del 1: Skriftleg rapport frå FoU-arbeid gjennomførd på eigen arbeidsplass (tel 60 % av endeleg karakter). Omfang 4000 ord +/- 10%.
  • Del 2: Munnleg eksamen i gruppe (tel 40 % av endeleg karakter). 30-45 min. Alle i gruppa får same karakter. 

Begge delar må være greidd for å få karakter i emnet. Ved ikkje greidd på den eine av delane, må denne delen takast som ny eksamen.

Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

  • Del 1 Eksamensrapport: Alle
  • Del 2 Munnleg eksamen i gruppe: Ingen

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • MPUV501A (1) - Spesialpedagogikk 1 - Generelle lærevansker - Reduksjon: 15 studiepoeng