TAK802 Teknisk forvaltning – bygningsfysikk, FDVU og ombygging

Emneplan for studieåret 2020/2021

På grunn av Covid-19 kan det skje endringar i emneplanar ved HVL studieåret 2020/2021. Endringar i den enkelte emneplanen vert publisert i Studentweb og Canvas, og når det er publisert endringar for eit emne der er det desse som gjeld, og ikkje emneplanen på nettsidene. Døme på endringar kan vere gjennomføring av praksis, eksamenstype, eller om det skal setjast bokstavkarakter eller bestått/ikkje bestått.

Innhald og oppbygging

Datoplan for samlingar, våren 2021

Samling 1 (uke 4):
27. januar (10:00-17:45)
28. januar (08:15-17:45)
29. januar (08:15-15:00)

Samling 2 (uke 20)
19. mai (10:00-17:45)
20. mai (08:15-17:45)
21. mai (08:15-15:00)

Emnet inneheld sentrale tema innan fagfelta Bygningsfysikk og Bygningsforvaltning. Den norske bygningsmassen representerer, med sine 450 mill m2 golvflate, tilnærma like stor verdi som det norske oljefondet. Å forvalte og fornye denne verdien på ein forsvarleg og ressurseffektiv måte, er viktig for både velferd og samfunnsøkonomi.

Emnet har to hovuddelar - fornying og forvaltning av eksisterande bygningsmasse og bygningsfysikk.  Den første delen legg vekt på teknisk tilstandsregistrering og - analyse, og val av fornyingsform.

Bygningsfysikk-delen omfattar ei grunnleggande innføring i klimapåkjenningar i form av varmetransport, lufttransport, fukttransport og stråling. Vidare omfattar denne delen eit grunnlag for forståing av oppføring og drift av energieffektive, fuktsikre og miljøvennlege bygningar med godt inneklima.

Målet med emnet er å gje studentane basiskunnskap om bygningsfysikk og bygningen over livsløpet - frå nybygget står ferdig, gjennom ein bruksfase, ein ombyggingsfase og til slutt ein rivingsfase der materialar og komponentar skal sorterast, ombrukast og gjenvinnast.

Funksjonalitet og tilpassingsevne vert drøfta i høve til bygningen sine eigenskapar for den verksemda den til ei kvar tid skal tene. Vidare er det eit mål at studentane får overordna kunnskap om bygnings- og arkitekturhistorie etter ca 1850.

Dei viktigaste temaene i emnet:

  • Fasar i livsløpet til bygningen
  • Bygnings- og arkitekturhistorie
  • Bygningsfysikk
    • Konstruksjons- og byggdetaljløysingar
    • Varmetransport
    • Energikrav i byggteknisk forskrift
    • Simulering av inneklima og energibehov
    • Fukttransport og fuktsikre bygningar
    • Inneklima
    • Ventilasjonsløysingar
    • Utvikling innen miljøvennlege bygningar
  • Teknisk tilstandsregistrering og -analyse
  • Fornyingsprosessen - val av fornyingsform
  • Funksjonalitet og tilpassingsevne
  • Byggetekniske problemområde - herunder byggskadar, riving og ombruk
  • Livsløpsøkonomien til ein bygning
  • FDVU-omsyn i planlegging og bygging. Vedlikehaldsplanlegging
  • FDVU-organisasjonar. Eksempel
  • Eksempel frå praksis

Læringsutbytte

Kunnskapar

  • Ha grunnleggande kunnskap om fasar i livsløpet til ein bygning
  • Kjenne til hovudtrekk i norsk bygnings- og arkitekturhistorie etter ca år 1850 - stilhistorie, materialbruk, konstruksjonar og installasjonar
  • Ha grunnleggande kunnskap til sentrale og relevante tema innan bygningsfysikk
  • Ha grunnleggande kunnskap om val av fornyingsform og ombyggingsprosessen
  • Ha grunnleggande kunnskap om teknisk tilstandsregistrering og -analyse
  • Kjenne til typiske byggetekniske problemområde ved ombygging og vedlikehald, herunder byggskadar, riving og ombruk
  • Ha grunnleggande kunnskap om funksjonalitet, tilpassingsevne og livsløpsøkonomi
  • Ha overordna kunnskap om organisering og styringshjelpemiddel i FDVU-organisasjonar
  • Ha overordna kunnskap om relevante lover, forskrifter og standarder

Ferdigheit

  • Kunne greie ut om korleis ein bygning sine eigenskapar og økonomi utviklar seg over livsløpet
  • Kunne greie ut om sentrale bygningsfysiske tema knytt til fornying av eksisterande bygningsmasse
  • Kunne gjennomføre ei fullstendig tilstandsregistrering og -analyse i samsvar med NS 3424
  • Kunne utforme drifts- og vedlikehaldsplanar
  • Kunne analysere og vurdere organisering og økonomistyring i ein FDVU-organisasjon

Generell kompetanse

  • Ha overordna kunnskap om kva bygningar betyr for samfunn og miljø
  • Ha generell kunnskap om korleis verksemda vert påverka av bygningen sine eigenskapar
  • Ha generell kunnskap om bygningar sin ressursbruk og miljøpåverknad

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar. Øvingsoppgåver. Prosjektarbeid.

Arbeidskrav

3 obligatoriske øvingsoppgåver som må vere godkjende.

Vurderingsform

Vurderinga er delt i to:

1. Prosjektarbeid (40% av endeleg karakter).

2. Munnleg eksamen (60% av endeleg karakter).

Begge delar må være bestått for å få karakter i emnet.

Karakterskala A-F der F tilsvarar ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel