ØAL150 Internship Logistikk
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Internshipet er ein unik moglegheit for å kombinere teoretisk kunnskap med praktisk erfaring. Studentane gjennomfører dette individuelt i samarbeid med ei verksemd eller organisasjon - anten innanfor privat, offentleg eller frivillig sektor. Det er studenten sitt ansvar å sikre seg ein praksisplass.
Under internshipet vil studentane arbeide med oppgåver som anten er ein del av verksemda si daglege drift, eller dei kan få ansvar for eit spesifikt oppdrag eller delprosjekt innanfor logistikkområdet. Rammer og innhald for samarbeidet blir fastsett av oppdragsgjevaren og må godkjennast av HVL. Studentane jobbar sjølvstendig, men får rettleiing både frå oppdragsgjevaren og ein fagleg rettleiar ved høgskulen.
Ved slutten av semesteret skal studentane levere ein skriftleg praksisrapport. Denne rapporten er felles eigedom mellom studenten, oppdragsgjevaren, og HVL. Det er viktig å merke seg at rettleiarar eller andre ikkje kan krevje at rapporten blir offentleggjort - anten det er via bibliotek, internett, eller andre kanalar - i trykt eller elektronisk format, utan samtykke frå både studenten og oppdragsgjevaren.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
- Studentane vil utvikle ei djupare forståing av korleis teoretisk kunnskap frå studia vert nytta i praksis.
- Forståing for dagleg drift og operasjonelle prosessar i ei verksemd eller organisasjon.
- Innsikt i logistikkfeltet gjennom praktisk erfaring med oppgåver og prosjekt knytte til dette området.
- Kunnskap om korleis ein nærmar seg og løysar verkelege utfordringar innanfor ein organisasjonskontekst.
- Forståing for samspillet mellom ulike aspekt ved verksemdsdrift, som økonomi, menneskelege ressursar, teknologi, og kundehandsaming.
Ferdigheiter:
- Evne til å nytte teoretisk kunnskap på praktiske problemstillingar og situasjonar.
- Utvikle ferdigheiter i prosjektleiing og tidsstyring gjennom ansvar for spesifikke oppgåver eller delprosjekt.
- Forbetre kommunikasjons- og samarbeidsevner ved å arbeide i eit profesjonelt miljø.
- Utvikle analytiske og kritiske tenkeferdigheiter ved å løysa komplekse oppgåver.
- Ferdigheiter i å skrive ein omfattande praksisrapport som reflekterer opplevingane og læringa oppnådd gjennom praksisperioden.
Generell kompetanse:
- Evne til sjølvstendig arbeid og beslutningstaking i ein profesjonell kontekst.
- Forståing for yrkesetikk og handtering av konfidensiell informasjon innanfor ein arbeidsplass.
- Utvikle ei praktisk forståing av korleis verksemder og organisasjonar opererer i den verkelege verda.
- Auka medvit om personleg og profesjonell utvikling gjennom refleksjon over praktiske erfaringar.
- Førebuande for arbeidslivet og moglegheit til å byggje eit profesjonelt nettverk.
Krav til forkunnskapar
For bachelorstudentar gjeld følgjande: Studentane må ha bestått minst 97,5 studiepoeng før oppstart av femte semester for å få gjennomføre Internship.
For årsstudium studentar gjeld følgjande: godkjent opptak på eittårig årsstudium logistikk
Undervisnings- og læringsformer
Hovudaktiviteten i emnet er praksis ute hos oppdragsgivar. Praksisperioden er grunna på ein avtale mellom studenten og verksemda/organisasjonen om obligatorisk oppmøte på avtalte dagar. Studenten skal arbeide totalt 240 timar/32 dagar i praksis. Dette svarar til to dagar i veka gjennom semesteret, men student og verksemd står fritt til å avtale andre kombinasjonar.
Mandatet for samarbeidet skal innan starten av praksisperioden vere definert av oppdragsgivar og godkjent av HVL.
Studenten føresetst å jobbe minimum 160 timar individuelt med rapport og refleksjonsnotat i tillegg til praksisperioden ute i verksemda.
Det er viktig å merke seg at studenten ikkje får betaling for arbeidet utført under praksisperioden.
Obligatorisk læringsaktivitet
Eigen prosess for godkjenning av Internship med søknadsbrev, CV og kontrakt med oppdragsgivar etter gitte retningslinjer.
Vurderingsform
Skriftleg praksisoppgåve (inkludert refleksjonsnotat) karaktersettes separat før justerande munnleg eksamen. Både skriftleg og munnleg del må vera bestått for å bestå emnet. Sensur blir gjennomført av to sensorar, og ein ekstern.
Innleveringsfrist for praksisoppgåva blir publisert på Studentweb og via digitalt eksamenssystem, Wiseflow.
Karakter på praksisoppgåva blir registrert i Wiseflow av sensorane og blir formidla til student seinast 24 timar før munnleg eksamen.
Sluttkarakteren på praksisoppgåva er identisk med karakteren som kjem fram av eksamensprotokoll for "justerande munnleg" og blir også registrert av sensorane i Wiseflow. Sluttkarakter blir sett etter munnleg eksamen.
Tid og stad for munnleg eksamen blir oppgitt i Canvas (berre for studentar på 3.året med fordjuping i logistikk + årseining i logistikk)
Karakteren på praksisoppgåva kan etter munnleg eksamen justerast opp eller ned éin karakter. Karakterskala A-F, der F svarer til ikkje bestått.
Underkjend praksisoppgåve
Studentar som har strøket på praksisoppgåva kan levera ny og forbetra versjon i løpet av kommande semester. Forbetra versjon kan berre leverast ein gong.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ved munnleg eksamen: Ingen
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- ØKB3150 - Praksis - Økonomi og administrasjon - Reduksjon: 10 studiepoeng