Hopp til innhald

ØAO016 Strategi og verksemdsutvikling

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Kurset gir ei innføring i grunnleggjande strategiske perspektiv og analysar. Gjennom kurset vil kandidatane opparbeide seg kunnskap om strategiske metodar og utvikle ei forståing for strategisk tenking. Vidare vil kurset gi kandidatane ei innføring i grunnleggjande forretningsutvikling.

Kandidatane vil arbeide i grupper med to arbeidskrav og ein semesteroppgåve. Desse er forma slik at kandidatane får øvd seg på å bruke kunnskapane, ferdigheitene og dei generelle kompetansane som er skildra under.

Læringsutbytte

Etter å ha gjennomført og bestått emnet vil kandidatane ha tileigna seg kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som beskrive under:

Kunnskapar:

  • God innsikt i sentrale tema, teoriar, problemstillingar og metodar knytt til strategifaget.
  • Innsikt i kva som skal til for å fatte strategiske beslutningar, og korleis desse vert påverka av interne og eksterne forhold.
  • Kunnskap om korleis strategi og verksemdsutvikling heng saman og vert påverka av interne og eksterne forhold.
  • Kunnskap om korleis ein kan identifisere moglegheiter for forretningsutvikling, og korleis ein kan leggje til rette for å utnytte desse.

Ferdigheiter:

  • Gjennomføre strategiske analysar av verksemder, og kunne diskutere korleis innsikt frå slike påverkar val og implementering av strategi.
  • Identifisere og drøfte problemstillingar knytt til strategiske val og operasjonalisering av strategi.
  • Identifisere og analysere kva element som er viktige for verksemder si evne til å skape verdi over tid.
  • Formulere ein forretningsidé for ei verksemd.
  • Identifisere ei verksemd si forretningsidé og -modell, viktige utfordringar internt og eksternt, samt kva som er viktig for verksemda si verdiskaping.

Generell kompetanse:

  • Forstå betydinga av strategi og forretningsutvikling for verksemder.
  • Evne til kritisk refleksjon rundt tema i emnet.
  • Evne til å presentere fagstoff og analyse både skriftleg og munnleg.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Kunnskapar tilsvarande grunnleggande marknadsføring (t.d. BØA116) og grunnleggande organisasjonsfag (f.eks. BØA112). Noko forkunnskapar i samfunnsøkonomi og bedriftsøkonomi er ein fordel.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesningar, gruppearbeid og praktiske øvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

For å levere semesteroppgåva må dei følgjande to arbeidskrava være bestått:

  1. Ei skriftleg gruppeoppgåve.
  2. Eit skriftleg eller munnleg gruppearbeid som skal delast med klassen.

Obligatoriske arbeidskrav gjeld eksamenssemesteret og dei 3 påfølgjande semestra.

Vurderingsform

Semesteroppgåve som skal løysast i gruppe (100 % av endeleg karakter)

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne, med følgjande avgrensingar:

Kandidatane må referere til og informere om eventuell bruk av kunstig intelligens (KI). Semesteroppgåva skal vere skriven av kandidatane som leverer oppgåva, ikkje av KI; dette vil bli rekna som juks. KI kan likevel brukast som støtte i skriveprosessar, som ein samtalepartner og liknande. Sjå særleg kapitla «Om å skrive og referere» og «Kunstig intelligens» på sida for innlevering av heimeeksamen og oppgåver.

Meir om hjelpemiddel