Hopp til innhald

ØKB3123 Human Resource Management

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Verda er i konstant endring, og dette gjeld også for næringslivet. Fokus på berekraft, teknologisk utvikling og globalisering gir endringar i omgjevnadene våre som t.d. automatisering av arbeidsplassar. Nye stillingar blir oppretta og det trengst fleire kunnskaps- og servicemedarbeidarar. Dette påverkar også HR-fagfeltet til å måtta vere dynamisk.

I dette emnet får du ei innføring i kva HR er gjennom ulike aktivitetar, innspel og caseoppgåve. Vi lærer ulike tilnærmingar til korleis HR pregar organisasjonar og kvifor HR blir kalla hjartet i alle bedrifter. HR må vere i førarsetet, må handtere endring og omstilling. Vi har fokus på ulike delar av HR-fagområdet, særleg innanfor leiing, rekruttering, motivasjon, HMS og kompetanseutvikling.

Læringsutbytte

Kunnskaper:

Du.

  • har kunnskapar om HR-fagets historie og utvikling, sentrale omgrep, hovudretningar og strategiar
  • har innsikt i evidensbasert HRM, her under konkrete HR-aktivitetar knytt til planlegging, tilegning og utvikling av tilsette
  • har kunnskap om effektar av ulike HR-tiltak, og innsikt i forholdet mellom tiltak, HR strategi og styring
  • har innsikt i ulike institusjonelle forhold og trekk ved omgjevnadene som kan verke inn på korleis HR-arbeidet blir tatt vare på.

Ferdigheiter

Du:

  • har utvikla ferdigheiter i å planlegge, analysere og sette i verk HR-aktivitetar

Generell kompetanse

Du:

  • kan vurdere nytten av ulike HR-tiltak
  • kan bidra med innspel i utforming og gjennomføring av konkrete HR-tiltak

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

BØA112 Organisasjon og leiing

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, gruppearbeid, seminar, diskusjonar.

Obligatorisk læringsaktivitet

To obligatoriske læringsaktivitetar:

  • Skriftleg innlevering (gruppe)
  • Munnleg presentasjon (gruppene presenterer i klassen)

Vurderingsform

Skuleeksamen, 4 timar. Eksamen blir halden på digitalt eksamenssystem.

Karakterskala A-F.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel