Hopp til innhald

ØKB3133 Berekraft som konkurransefortrinn

Emneplan for studieåret 2025/2026

Innhald og oppbygging

Emnet siktar mot å utruste studentane med kunnskap og ferdigheiter for å utvikle berekraftige forretningsstrategiar og integrere desse i verksemda si drift. Emnet vil vere strukturert i fem delar, kvar fokusert på ulike aspekt av berekraft i ein forretningskontekst. Målet er å utvikle studentane si evne til strategisk tenking og handling innan berekraft og gjere å dei i stand til å forstå og anvende relevante konsept og verktøy for berekraftig forretningsutvikling.

Innhald

Det store, grøne bildet: Introduksjon til berekraft, global situasjon, Parisavtalen, FN sine berekraftsmål, sirkulærøkonomi og EU sin taksonomi.

Kartlegging av no-situasjonen og dei viktigaste prioriteringsområda: Eksternalitetar, verksemder sine berekraftsprofilar, "vesentleghetsanalyse".

Grøn vekst-trappa: Seks steg til berekraft i verksemda, inkludert energi- og ressursbruk, og berekraftige forretningsmodellar.

Klimarekneskap, måling og berekraftsrapportering: Klimarekneskap, vitskapsbaserte klima- og naturmål, berekraftsrapportering.

Kommunikasjon, dulting og grøne synergiar: Effektiv kommunikasjon om berekraft, unngåing av grønvasking, industriell symbiose.

Læringsutbytte

Kunnskap:

Studenten har:

  • Ei forståing av berekraft og den strategiske tydinga det har for verksemder.
  • Innsikt i globale og lokale berekraftsutfordringar og -moglegheiter.
  • Kjennskap til sentrale rammeverk og standardar innan berekraft.

Ferdigheiter:

Studenten har:

  • Evne til å utarbeide og implementere berekraftstrategiar i verksemda.
  • Kompetanse i å gjennomføre vesentleghetsanalyse og berekraftsrapportering.
  • Ferdigheiter i å kommunisere berekraft på ein engasjerande og autentisk måte.

Generell kompetanse:

Studenten har:

  • Evne til å identifisere og utnytte berekraft som eit konkurransefortrinn.
  • Forståing for korleis strategisk arbeid med berekraft kan auke ei verksemd si konkurransekraft.
  • Kompetanse i å nytte berekraftsprinsipp i ulike forretningskontekstar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisinga består av fire til fem samlingar med fokus på stor grad av interaktivitet. Undervisinga vil bestå av kombinasjon av forelesingar, samtalar/diskusjonar og oppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

1) Deltaking på undervisingssamlingane er obligatorisk.

2) Munnleg gruppepresentasjon av utkast til semesteroppgåva (25-30 min).

Vurderingsform

Semesteroppgåve 100%. Karakter: A - F. Språk: Engelsk. Gruppestorleik: 2-3 studentar.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemiddel er tillatne. For meir informasjon om bruk av kunstig intelligens (KI) sjå Innlevering av heimeeksamen og oppgåver - Høgskulen på Vestlandet (hvl.no)

Meir om hjelpemiddel