ØSS120 Mikroøkonomi 2
Emneplan for studieåret 2025/2026
Innhald og oppbygging
Kurset tar for seg følgjande emne:
- Vidaregåande konsument- og produsentteori
- Grunnleggande spillteori
- Marknader med mangelfull konkurranse
- Marknader med asymmetrisk informasjon
- Generell likevekt og internasjonal handel
Læringsutbytte
Kunnskapar:
- Grunnleggande mikroøkonomi tilsvarande BØA203 Mikroøkonomi 1; sjå eigen kursomtale
- Forklare sentrale omgrep innan mikroøkonomi og spillteori
- Analysere forbrukarar og verksemder sine kjøp og sal generelt, samt i situasjonar med asymmetrisk informasjon eller spel-liknande situasjonar
- Analysere verkemåten og effektiviteten til marknader der det kan eksistere mangelfull konkurranse eller asymmetrisk informasjon
- Analysere internasjonal og intertemporal handel ved hjelp av generell likevektsteori
- Analysere de velferdsmessige konsekvensane av økonomisk politikk
Ferdigheiter:
- Formulere, illustrere, løyse og anvende mikroøkonomiske og spelteoretiske modellar, samt enkle generelle likevektsmodellar
- Reflektere kritisk over marknader, økonomiske hendingar som kan oppstå i samband med utforminga av økonomisk politikk
Generell kompetanse:
- Gjere bruk av abstrakte mikroøkonomiske modeller
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
BØA111 Matematikk for økonomer eller tilsvarande.
BØA203 Mikroøkonomi 1 eller tilsvarande,
Undervisnings- og læringsformer
Førelesningar. Løysing av oppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studenten må ha godkjent skrifteleg svar på to sett med oppgåver for å kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsform
4 timar skuleeksamen. Karakterskala A - F, der F svarar til ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Enkel kalkulator av type:
- Casio fx-82, Casio fx-85 (der alle typar av både fx-82 og fx-85 er tillat: CW, ES, ES Plus, EX, Solar m.m.)
- TI-30Xa, TI-30XIIS, TI-30XS MultiView
- Sharp EL-531TG, Sharp EL-531TH, Sharp EL-531TS
Meir om hjelpemiddel