Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må vere tilsett i ei lærarstilling.
Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvikast dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.
Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.
Studiekode i Søknadsweb
8667
Kvifor studere engelsk?
Ein dyktig engelsklærar kan hjelpe elevane med å utvikle sterke språklege ferdigheiter, inkludert munnleg kommunikasjon, skriveferdigheiter, leseforståing og grammatikk. Med gode engelskkunnskapar kan du som lærar gjere dine elevar betre førebudde på internasjonale moglegheiter, som studiar i utlandet, jobbmoglegheiter i engelskspråklege land og deltaking i internasjonale prosjekt og samarbeid i framtida.
Kva lærer du og korleis er emna bygd opp?
Studiet vil gi deg kunnskap om det engelske språket sin grammatiske og fonologiske struktur og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og aktivt ordforråd. I tillegg gir studiet innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.
Den praktiske erfaringa di vert trekt inn i videreutdanninga, og det er eit mål at studiet skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.
Studiet har to emner som bygger på kvarandre. Emne 1 blir undervist i haustsemesteret og emne 2 i vårsemesteret. Her kan du lese meir om emna og eksamen:
- Engelsk 1, emne 1 Engelsk språk, litteratur og kultur med fagdidaktikk 1
- Engelsk 1, emne 2 Engelsk språk, litteratur og kultur med fagdidaktikk 2
Målgruppe
Engelsk 1, 5-10 rettar seg i hovudsak mot deg som er lærar på mellom- og ungdomsskuletrinnet, og som manglar formell kompetanse i engelsk frå før.
Praktisk informasjon
Undervisningsform og studietur
Studiet er nettbasert og består av forelesningar, presentasjonar, seminar og gruppeinndelte økter. Undervisinga er på engelsk.
Vi nyttar læringsplattforma Canvas og konferanseverktøyet Zoom til kommunikasjon med deg i dette studiet. Digitale pedagogiske verktøy blir og tatt i bruk i studiet.
I studiet inngår tilbod om ei vekes tur til Det norske studiesenteret i York. Turen er ein del av undervisninga i emne 2 om våren, men er ikkje obligatorisk. Du må sjølv dekkje reiseutgifter, opphald og kursavgift. Dersom du ikkje kan delta, får du tilbod om eit alternativt opplegg. Sjå: https://www.york.ac.uk/nsc/short-courses/
Du også skal gjennomføre eit klasseromretta didaktisk prosjekt der du reflekterer over eigen praksis, og skal òg kunnskapsdele med kollegaer og minst ein frå leiinga.
Tidspunkt for nettundervisninga
Nettundervisning er tysdagar kl. 14.00 til 16.00.
Gjelder begge emner og begge semester (høst og vår).
Synkronundervisning, forelesning med gruppeaktiviteter.
Pensum
Her er et utvalg av pensum, det blir supplert med litterære tekster som kommer senere.
Carlsen, C., Dypedahl, M., Iversen, S. H., 2nd edition, Cappelen Damm akademisk, 2020: Teaching and Learning English. Duggan, J, Ofte, I., Pande-Rolfsen, M. S. Humphrey, K. Cappelen Damm akademisk, 2019: The teacher as English student. Williams, G. & Normann, A. 2nd edition. Fagbokforlaget, 2021: Literature for the English classroom: Theory into practice. McGarrighan, D. & Rugesæter, K.N. Fagbokforlaget, 2018:. Of course you can: An English language couse for teachers.
Pensumbøkene blir brukt begge semester.
Tilrådde forkunnskapar
Det er anbefalt at du har gode engelskkunnskaper frå vidaregåande skule.
