Dette er ein valfri modul i studieprogrammet universitetspedagogikk.
Modulbeskriving
Modulen vil passe for deg som skal undervise og rettleie i essayskriving, særleg i profesjonsretta fag, og for deg som er nysgjerrig på å lære meir om fagessayet som sjanger. Kurset er lagt opp som tre digitale møte à tre timar der vi vil diskutere essayet frå ulike faglege perspektiv. Vi tar opp essayets struktur, oppbygging og forfattarstemme, og essayet som ein særeigen metode for skriving og utforsking. Vi vil òg gje deg teoretiske verktøy til å rettleie studentar og kollegaer i essayskriving. Som deltakar skal du sjølv skrive eit essay, og de skal rettleie kvarandre i grupper. Kollegarettleiinga skjer på andre og tredje møte. Etter siste møtet i mai leverer du eit endeleg utkast for godkjenning.
Nøkkelord
- Fagessay som sjanger og metode
- Rettleiing av fagessay-skriving
- Essayets struktur og oppbygging
- Forfattarstemma
- Essay i helsefag
Læringsutbyte
Etter gjennomført modul er deltakarane:
- kjende med ulike trekk ved fagessayet som sjanger
- trygge i å rettleie studentar som skal skrive fagessay
- kjende med å sjølve skrive eit essay og gje tilbakemelding på utkast frå kollegaer
Læringsaktivitetar
Til første samling ber vi om at deltakarane les gjennom tilrådd litteratur og tenker over kva dei sjølve vil skrive om. Før andre samling skal dei levere inn ei første skisse til eit essay som dei presenterer kort for kvarandre i siste del av det andre møtet.
Revidert utkast av essayet skal leverast éi veke før tredje samling slik at gruppene får lest kvarandre sine utkast og kan rettleie kvarandre på tredje samling. Endeleg utkast skal leverast ei veke etter siste samling.
Vurdering
Rettleiing av kvarandre i grupper og skriftleg tilbakemelding frå kurshaldarar på endeleg essayutkast etter siste samling.
Organisering av modulen
Heildigitalt kurs, tre samlingar på Zoom à tre timar, eigenarbeid med å skrive essay. Vi deler inn i skrivegrupper på første samling, og deltakarane rettleier kvarandre på essay-utkasta under andre og tredje samling.
Kurset består av tre digitale delar. Alle samlingar er ein kombinasjon av teoretiske førelesingar og praktiske aktivitetar.
Omfang: 9 timer undervisning og 31 timar eigenarbeid (lesing, skriving og rettleiing). Deltakarane får eitt poeng for aktiv deltaking (minimum to samlingar) i undervisninga, og to poeng dersom dei også leverer og får godkjent eit essay.
Del 1: Onsdag 21. januar kl. 9.15–11.30
09.15–09.30 Velkommen v/Bodil og Kåre Johan
09.30–10.15 Iben Brinch (UiB): Fagessayet som sjanger i historiske og retoriske perspektiv
10.30–11.15 Vegen vidare: Om å gi tilbakemelding på fagessayet, til student og kollega v/Bodil og Kåre Johan
11.15–11.30 Bli kjent i skrivegrupper
Del 2: Onsdag 11. mars kl. 9.15–12.00
09.15–10.00 Bodil Moss: Struktur og oppbygging av fagessay versus forskingsartikkel
10.15–11.00 Kåre Johan Mjør: Essay som metode
11.15–12.00 Rettleiing i skrivegrupper i breakout rooms
Del 3: Onsdag 13. mai kl. 9.15–12.00
9.15–10.00 Thomas Owren: Om essayskriving innan helse- og sosialfag
10.15–11.00 Bodil Moss: Forfattarstemma i fagessayet
11.15–12.00 Rettleiing i skrivegrupper i breakout rooms
Læringsplattform: Canvas
Anbefalt litteratur
Askeland, N., Aamotsbakken, B. & Åslund, A. (2021). Essayet: Ein veg til kreativ fagskriving. Samlaget.
Bech-Karlsen, J. (2003). Gode fagtekster: Essayskriving for begynnere. Universitetsforlaget.
Straume, I. S. (2020). Skriveren og teksten: Fortellinger om identitet og faglig skriving. Cappelen Damm akademisk/NOASP. Skriveren og teksten: Fortellinger om identitet og faglig skriving | Cappelen Damm Forskning (særleg kap. 7).
Østrem, S. (2022). Å skrive akademisk: En veiviser for forskere (2. utg.). Cappelen Damm akademisk.