Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i folkehelsearbeid med vekt på kosthald og fysisk aktivitet

Hausten 2025

Studieplanen består av ein felles del og ein del for kvart emne.

Folkehelsearbeid handlar om samfunnets innsats for å påverke faktorar som direkte eller indirekte fremjar folket si helse og trivsel, førebyggjer psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding, eller som vernar mot helsetruslar, samt arbeid for ei jamnare fordeling av faktorar som direkte eller indirekte påverkar helsa.

Bachelorutdanninga i folkehelsearbeid med vekt på kosthald og fysisk aktivitet er ei tverrfagleg treårig grunnutdanning og tek i bruk kompetanse frå fleire fagmiljø ved Høgskulen på Vestlandet. Utdanninga førebur for helsefremjande og førebyggjande folkehelsearbeid i samfunnet i eit livsfaseperspektiv, med hovudvekt på fysisk aktivitet og kosthald. Studieplanen for utdanninga i folkehelsearbeid er utarbeidd på bakgrunn av:

Lov om folkehelsearbeid (folkehelseloven 2011) https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2011-06-24-29

Meld St 16 (2016-2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-16-20162017/id2536007/

Meld St 13 (2011-2012) Utdanning for velferd https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-16-20162017/id2536007/

Meld. St. 19 (2014-2015) Folkehelsemeldingen - Mestring og muligheter https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-19-2014-2015/id2402807/

Meld. St. 18 (2015-2016). Friluftsliv - Natur som kilde til helse og livskvalitet https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-18-20152016/id2479100/

Meld. St. 19 (2018–2019). Folkehelsemeldinga. Gode liv i eit trygt samfunn Meld. St. 19 (2018–2019) (regjeringen.no)

Meld. St. 15 (2017–2018). Leve hele livet — En kvalitetsreform for eldre https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-15-20172018/id2599850/?ch=1

Departementene (2017). Nasjonal handlingsplan for bedre kosthold (2017-2021). https://www.regjeringen.no/contentassets/fab53cd681b247bfa8c03a3767c75e66/handlingsplan_kosthold_2017-2021.pdf

Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga— Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar. Meld. St. 15 (2022–2023) - regjeringen.no

Studieplanen tek utgangspunkt i dei nasjonale kjernekompetanseområda for bachelorprogram som omhandlar folkehelsearbeid.

Sentrale utfordringar i folkehelsearbeidet er sosial ulikskap i helse, psykisk helse, sjukdomar knytte til usunt kosthald og inaktivitet, samt pandemiar. Folkehelsearbeidet må leggje til rette for trivsel, tilhøyrsle, tryggleik og helse i nærmiljøet, og gje alle moglegheit til å ta helsefremjande val i kvardagen.

Utdanninga i folkehelsearbeid med vekt på kosthald og fysisk aktivitet gjev ei grunnleggande kompetanse for å arbeide med kosthald, fysisk aktivitet og samfunnsplanlegging i helsefremjande og førebyggjande verksemd lokalt og regionalt.

Eitt av emna i andre semester vert undervist på engelsk. Utdanninga inkluderer eit obligatorisk halvårig opphald ved ein utdanningsinstitusjon i utlandet i fjerde semester. Utdanninga krev ein bacheloroppgåve på 15 studiepoeng.

Læringsutbytte

Etter fullført bachelorstudium i folkehelsearbeid med vekt på kosthald og fysisk aktivitet skal kandidaten ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten har

  • forskingsbasert kunnskap for å utøve førebyggjande og helsefremjande folkehelsearbeid med vekt på kosthald, fysisk aktivitet og samfunnsplanlegging på ulike arenaer
  • kunnskap om nasjonale lover og velferdsordningar, ulike forvaltningsnivå, politiske føringar, retningslinjer og utfordringar innan førebyggjande og helsefremjande arbeid
  • kunnskap om samanhengen mellom miljø, berekraftig utvikling, helse og livskvalitet
  • kunnskap om sentrale folkehelseutfordringar lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt
  • kunnskap om sentrale omgrep som sosial ulikskap i helse, empowerment, salutogenese, helsedeterminantar, livsmeistring og "helse i alt vi gjer"
  • forståing for folkehelsearbeidets utvikling i eit fortids-, notids- og framtidsretta perspektiv
  • praktisk kunnskap om samarbeid, partnerskap, koordinering og beslutningsprosessar i og mellom ulike institusjonar og sektorar
  • kunnskap om ulike vitskaplege metodar, inkludert ulike design, analyse- og målemetodar
  • kunnskap om ulike kommunikasjonskanalar og former for fagleg formidling
  • kunnskap om og forståing for ulike kulturelle og sosiale perspektiv

Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • kartleggje, vurdere og leggje til rette for førebyggjande og helsefremjande tiltak på ulike arenaer
  • gjennomføre og leie folkehelseprosjekt
  • kritisk vurdere og etisk reflektere over eige og andre sitt folkehelsearbeid
  • leggje til rette for medverknad og tverrsektorielt samarbeid
  • formidle helsefremjande kunnskap og medverke til kommunikasjon med og mellom ulike aktørar
  • bruke vitskaplege metodar til å analysere samanhengar mellom kosthald, fysisk aktivitet, samfunn og helse

Generell kompetanse

Studenten

  • har evne til å framstå profesjonelt og bevisst reflektere over eigne haldningar og etisk framferd
  • kan nytte grunnleggjande vitskaplege metodar og forskingsetiske prinsipp i folkehelsearbeid
  • har kompetanse innan prosjektutvikling, entreprenørskap, kommunikasjon og tverrfagleg samarbeid
  • har kompetanse til å planleggje, iverksette, gjennomføre og evaluere tiltak innan folkehelse på ulike arenaer

Skikkavurdering

Utdanninga har skikkavurdering. Føremålet er å avgjere om studentar utgjer ei mogleg fare for dei sårbare gruppene dei kjem i kontakt med under utdanninga eller i framtidig yrkesutøving. Løpande skikkavurdering av alle studentar skjer gjennom heile studiet. Særskild skikkavurdering skal skje dersom det er grunn til tvil om ein student er skikka. Ein student som ikkje er skikka, kan bli utestengd frå utdanninga i inntil fem år og kan ikkje få vitnemål.

Skikkavurdering er regulert av universitets- og høgskulelova § 12-3, og skikkaforskriften (forskrift om skikkethet i høyere utdanning). For meir informasjon, sjå høgskulen si nettside om skikkavurdering: Skikkavurdering.

Innhald

Utdanninga er bygd opp av 11 emne. 10 av emna er på 15 studiepoeng, medan emne 7 (FHA712 internasjonalisering), som går føre seg ved ein internasjonal utdanningsinstitusjon, er på 30 studiepoeng.

Praksis

Tre obligatoriske praksisperiodar på 2–3 veker som omfattar:

  • Fysisk aktivitet (3. semester, 2 veker)
  • Kosthald (3. semester, 2 veker)
  • Samfunnsplanlegging (6. semester, 3 veker)

Det er praksis i tre av studieemna (emne FHA518, emne FHA612 og emne FHA1012), der studentane blir utplasserte i ulike verksemder. Praksis er ein obligatorisk del av studiet og blir vurdert etter skalaen bestått/ikkje bestått.

Bestått praksis er eit krav for å kunne gå opp til eksamen i emne FHA1012 (praksis FHA-P3). Praksis i emne FHA518 og FHA612 (FHA-P1 og FHA-P2) må vere bestått før studenten kan starte på emne FHA1112 (bacheloroppgåva).

Det totale talet på praksisdagar i studiet er 35 dagar.

Arbeidsformer

Arbeids- og læringsformene føreset høg studentaktivitet, haldningsmedvit og samfunnsengasjement. Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytte til ulike læringsmål, slik at studentane kan ta ein aktiv rolle i eigen læringsprosess. Følgjande arbeidsformer er sentrale:

  • Førelesingar
  • Rettleiing
  • Individuelt arbeid
  • Gruppearbeid
  • Prosjektarbeid
  • Praktiske øvingar i og utanfor høgskulen sine lokale
  • Studiegrupper med lærarrettleiing
  • Seminar med framlegging av studentarbeid
  • Presentasjonar
  • Skriftlege innleveringar
  • Praksis
  • Oppstart av studentbedrift

Ved fleire av dei praktiske undervisningsformene er det behov for spesialutstyr og klede, som treningstøy og treningssko til inne- og uteaktivitetar der det blir forventa aktiv fysisk deltaking, kjøkkenklede og innesko, samt skiutstyr (som kan leigast på staden).

I samband med ekskursjonar må studentar ved HVL vere førebudde på å betale ein eigendel. Det blir lagt til rette for kompenserande læringsaktivitetar.

Vurderingsformer

Det blir som oftast nytta éin vurderingsform i kvart emne, og følgjande vurderingsformer blir brukte ved HVL: individuell skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen, munnleg eksamen, mappevurdering, praktisk eksamen, oppgåve, eller kombinasjonar av desse vurderingsformene.

Vurderingsforma ved utanlandsopphald vil variere og blir bestemt av det enkelte universitetet.

Krav til studieprogresjon

Studentene må ha bestått alle emner fra 1. studieår og bestått praksis i emne FHA518 og FHA612 (praksis FHA-P1 og FHA-P2) for å kunne begynne på FHA1112 (bacheloroppgaven).

Internasjonalisering

Studentane har eit obligatorisk opphald ved ein utdanningsinstitusjon i utlandet i 4. semester. Det er moglegheiter for utveksling til Europa og Oseania.

Organisering

Utdanninga er bygd opp av følgjande 11 emne. 10 av emna er på 15 studiepoeng, og emne 7 (internasjonalisering) er på 30 studiepoeng.

1. studieår
  • Emne 1: Introduksjon til folkehelsearbeid (15 sp), haustsemester.
    • Ansvarlege for emnet: Idrett, mat og helse, samt samfunnsfag.
  • Emne 2: Fysisk aktivitet og helse (15 sp).
    • Ansvarleg for emnet: Idrett.
  • Emne 3: Basics in nutrition and health (15 sp).
    • Ansvarleg for emnet: Mat og helse.
  • Emne 4: Samfunnsplanlegging og samfunnsvitskapleg metode (15 sp), vårsemester.
    • Ansvarleg for emnet: Samfunnsfag.
2. studieår
  • Emne 5: Arenaer for kosthaldsarbeid (15 sp), haustsemester.
    • Ansvarleg for emnet: Mat og helse.
  • Emne 6: Trening og helse (15 sp), haustsemester.
    • Ansvarleg for emnet: Idrett.
  • Emne 7: Studieopphald ved internasjonal undervisningsinstitusjon (30 sp), vårsemester.
    • Studentane studerer ved ein utdanningsinstitusjon i utlandet og vel emne innan ernæring/kosthald og/eller fysisk aktivitet/idrett relatert til folkehelsearbeidet.
3. studieår
  • Emne 8: Fysisk aktivitet og helsefremjande arbeid (15 sp), haustsemester.
    • Ansvarleg for emnet: Idrett.
  • Emne 9: Kosthaldsarbeid i samfunnet (15 sp), haustsemester.
    • Ansvarleg for emnet: Mat og helse.
  • Emne 10: Folkehelsearbeid i organisasjons- og samfunnsperspektiv (15 sp), vårsemester.
    • Ansvarleg for emnet: Samfunnsfag.
  • Emne 11: Bacheloroppgåve (15 sp), vårsemester.
    • Ansvarlege for emnet: Idrett og mat og helse.