Hopp til innhald

Studieplan - Forkurs nett- og samlingsbasert

Hausten 2022

Forkurset sitt offisielle namn er "Ettårig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag etter nasjonal plan utarbeidd av Universitet og høgskolerådet" med kortforma "forkurs for ingeniør- og sivilingeniørutdanning".

Forkurset er basert på "Nasjonal plan for eittårig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag og tilhøyrande halvårig realfagskurs" utarbeidd av Universitets- og høgskolerådet ved Nasjonalt råd for teknologi i 2014.

Fullført og bestått forkurs etter denne planen gir særskilt opptaksgrunnlag til 3-årig ingeniørutdanning (bachelorgradsstudier i ingeniørfag etter gjeldande rammeplan) og til integrerte masterstudium i teknologiske fag.

Fullført og bestått forkurs gir grunnlag for å gjennomføre ei høgare teknologisk utdanning, likeverdig med kvalifikasjonane som blir oppnådde i spesiell studiekompetanse frå vidaregåande opplæring til slike studiar.

Forkurset kvalifiserer ikkje for opptak til bioingeniørutdanning.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Kandidaten har brei kunnskap om sentrale emne og problemstillingar i matematikk, fysikk, norsk, engelsk og dessutan samfunnsfag, slik at kandidaten er vel kvalifisert for å gjennomføra ei høgare teknologisk utdanning.
  • Kandidaten har god kunnskap om grunnleggjande teoriar, metodar og omgrep innanfor dei aktuelle fagområda.
  • Kandidaten har kunnskap om grunnlaget til faga for høgare teknologiutdanning.

Ferdigheiter

  • Kandidaten kan analysera fagstoff og trekkje eigne slutningar minst på lik linje med andre som er kvalifisert for ei høgare teknologisk utdanning.
  • Kandidaten kan nytta faglege kunnskapar på praktiske og teoretiske problemstillingar på ein relevant måte.
  • Kandidaten kan søkja, behandla og vurdera informasjon kritisk.
  • Kandidaten kan meistra relevante faglege verktøy.
  • Kandidaten har kjennskap til programmering og algoritmisk metode.

Generell kompetanse

  • Kandidaten kan planleggja og gjennomføra sjølvstendige arbeidsoppgåver og utføra prosjektbasert arbeid, både åleine og i samarbeid med andre.
  • Kandidaten kan gjennomføra praktiske øvingar og utarbeida rapportar i samsvar med naturvitskapleg arbeidsmetode og funksjonell bruk av språk og struktur.
  • Kandidaten forstår betydninga av digital dømmekraft.
  • Kandidaten kan reflektera over eigne faglege kvalifikasjonar som grunnlag for vidare val og forstår betydninga av tverrfaglegheit og samarbeid.

Innhald

Forkurset skal ha eit omfang som svarer til eitt studieår, dvs. 1600-1700 klokketimar. Med omfang meiner me her den totale arbeidsinnsatsen til eleven, som deltaking på undervisning, eige arbeid, arbeid saman med andre elevar, øvingar etc.

Kurset er nett- og samlingsbasert. Samlingane går føre seg ved studiestaden studenten får opptak til.

Følgjande fag inngår:

  • Matematikk med eit omfang på 37,5 % av et heilt år
  • Fysikk med eit omfang på 22,5 % av eit heilt år
  • Norsk med eit omfang på 20 % av eit heilt år
  • Engelsk med eit omfang på 10 % av eit heilt år
  • Teknologi og samfunn med eit omfang på 10 % av eit heilt år

Arbeidsformer

Digital/nettbasert undervisning. I matematikk og fysikk er det også samlingar med undervisning og rekneøvingar. I tillegg nyttas arbeidsformer som til dømes oppgåveskriving, obligatoriske innleveringar og sjølvstudier.

For å lukkast med kurset er det viktig å vere aktiv på samlingane og følgje mest mogleg av undervisninga.

Vurderingsformer

Sjå emneplanane til kvart av faga.