Hopp til innhald

Studieplan - Historie, bachelorstudium - nettstudium

Hausten 2021

Historie eit rikt og mangfaldig studium. Som historiestudent studerer du samfunnslivet i all si breidde: frå politikk, økonomi og teknologi til kultur, idear, og sosiale forhold. Du vil besøke mange ulike tider og stader, og sjå hendingar i heile spennet frå eit individperspektiv til det globale fugleperspektivet.

På eit vis handlar historie om frigjering: du trer ut av din eigen situasjon i tid og rom, og prøver å forstå korleis menneske i fortida tenkte og handla, og kvifor. Ei djup historisk forståing kan gje ny meining til samtida og ny retning til eige liv. Studiet av historisk variasjon i institusjonar kan samtidig gi deg innsikt i kva som har fungert og ikkje i fortida. Då får du eit sjølvstendig grunnlag for å meine noko om kva for system og tiltak som er moglege, nødvendige eller rettvise i dag.

Med ein bachelor i historie har du mange ferdigheiter som er etterspurde i arbeidslivet. Arbeidsgjevarar etterspør studentar som kan tenkje sjølvstendig, kritisk, heilskapleg, og langsiktig. Dei ser også etter kandidatar som kan hente inn og analysere store og komplekse informasjonsmengder og deretter samle og presentere ny kunnskap. Ikkje minst er det viktig for arbeidslivet å ha folk som forstår endringsprosessar i samfunnet og kan handtere store kulturforskjellar.

Bachelorprogrammet i historie er lagt opp slik at du kombinerer brei læring om norsk, europeisk og global historie frå dei eldste tider og fram til i dag med ulike val- og fordjupingsemne. I tillegg får du skrive ei bacheloroppgåve om eit historisk emne du er spesielt interessert i. Noko av det unike med dette studiet er at ein del av læringa dreier seg om korleis historia blir brukt i dagens samfunn. Du kan velje eit praksisopphald som ein del av utdanninga, og du får øving i formidling til ulike publikum. Dette gjer utdanninga meir arbeidslivsretta enn andre historiestudium.

Første studieår og fordjupingsåret følgjer eit obligatorisk løp. I det valfrie studieåret tilbyr Institutt for samfunnsvitskap fordjupingsemne i historie og andre samfunnsfaglege emne som høver godt inn i bachelorgraden. Du står elles fritt til å velje eit årsstudium eller setje saman ulike emne, anten ved HVL eller ved andre utdanningsinstitusjonar innan- eller utanlands.

Kva kan du jobbe med?

Historiefagleg utdanning kan opne for mange ulike moglegheiter i arbeidslivet. Nokre døme:

  • Prosjektarbeid, rådgjeving, opplæring og saksbehandling i offentlig og privat sektor
  • Arkiv og museum
  • Media og forlag
  • Kultur, underhaldning og reiseliv
  • Politikk, organisasjonar og internasjonalt arbeid
  • Stiftingar og tenketankar
  • Strategi-, analyse-, og informasjonsarbeid i næringslivet
  • Kommunikasjon, marknadsføring og nye media
  • Sjølvstendig arbeid som konsulent, frilansar eller gründer

Med bachelor i historie kan du søkje opptak på masterstudium i historie ved andre institusjonar.

Læringsutbytte

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullførd kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kandidaten

  • har brei realhistorisk kunnskap om norsk, europeisk, og global historie, og ei djupare forståing av einskilde historiske emne
  • har inngåande kjennskap til endringsprosessar i samfunnet over korte og lange tidsspenn
  • har kunnskap om økonomisk og teknologisk utvikling, og om sosiale og kulturelle endringar over tid
  • har historisk kunnskap om politiske institusjonar og ideologi, krig, diplomati og rettsutvikling
  • har kjennskap til kva som kjenneteiknar norsk og europeisk historie i komparative perspektiv
  • kjenner til sentrale teoriar og metodar som vert nytta i historisk forsking, og kan nytte desse i eigne, sjølvstendige arbeid
  • kjenner til ulike forklaringar og fortolkingar som vert nytta til å forstå viktige hendingar og utviklingstrekk i historia
  • kjenner til ulike perspektiv på kjønn i historia
  • har kunnskap om historiefaget si historie og eigenart, og kva roller historia og historikaren kan ha i samfunnet
  • kan oppdatere kunnskapane sine og vurdere nytt fagstoff

Kandidaten

  • kan nytte historiefagleg kunnskap til å orientere seg kritisk i ei stor informasjonsmengd og drøfte kompliserte årsak- og verknadssamanhengar i analytiske skriftlege framstillingar
  • kan reflektere over eiga fagleg verksemd og justere denne under fagleg rettleiing
  • kan drøfte korleis menneska sin situasjon under skiftande samfunnstilhøve har variert gjennom ulike historiske epokar, frå stad til stad, og mellom ulike grupper
  • kan finne fram til, vurdere, og analysere historiske data, kjelder og litteratur og trekke sjølvstendige konklusjonar slik at det kastar lys over ei problemstilling
  • kan drøfte historiske problemstillingar og formidle eige forskingsarbeid munnleg og skriftleg
  • kan forstå historisk forskingsdebatt og reflektere kring vitskaplege grunnlagsproblem
  • kan meistre kronologi, kjeldekritikk, hermeneutikk, og andre faglege verktøy
  • kan bruke digitale verktøy til å hente informasjon frå ulike medium og vurdere den kjeldekritisk i eigne framstillingar

Kandidaten

  • har innsikt i korleis historia kan brukast og misbrukast, og dei etiske sidene ved historisk forsking og formidling
  • har innsikt i dei analytiske, fortolkande og kreative prosessane som ligg bak skapinga av ny historisk kunnskap
  • kan argumentere rasjonelt og logisk, i samsvar med vitskaplege kriterium
  • kan tenkje kritisk, langsiktig og heilskapleg
  • kan planlegge og gjennomføre større prosjekt
  • kan setje seg inn situasjonen til andre menneske, på tvers av tid, stad, og kultur
  • kan nytte historisk kunnskap og forståing til å forstå samtida og ta avgjerder
  • kan nytte historiske teoriar og metodar til å fortolke ny informasjon og forstå endringar i samfunnet
  • kan formidle sentralt fagstoff til ulike publikum, og utveksle synspunkt og erfaringar med andre
  • kan nytte kunnskap om historiske nyvinningar og innovasjonar til å forstå og bidra til innovasjonsprosessar i dagens og framtidas samfunn

Innhald

Dei seks obligatoriske emna fyrste i studieår tilsvarar historie årsstudium, av dei er 50 studiepoeng historie. Haustsemesteret tek til med eit innføringsemne, Danning og akademisk handverk. . Dei to siste emna i haustsemesteret og alle tre emne i vårsemesteret er historieemne. Fire av dei er oversynsemne som tek føre seg norsk og internasjonal historie i ein bestemt periode medan det siste emnet, Historia i samfunnet, går inn på kva rolle historie spelar i dag. 

I fordjupingsåret (andre studieår) tek ein i haustsemesteret fyrst eit fordjupingsemne (10 studiepoeng), og deretter SA605 Historiefagleg praksis (20 studiepoeng). I staden for SA605 er det mogleg å velje to fordjupingsemne på 10 studiepoeng) kvar.

Vårsemesteret i fordjupingsåret er det tre obligatoriske emne, mellom anna bacheloroppgåva.

Historieemna i fyrste studieår og fordjupingsåret utgjer til saman 110 av 120 studiepoeng.

I det valfrie året tilbyr Institutt for samfunnsvitskap eit standardforløp med fordjupingsemne i historie på hausten og samfunnsvitskaplege emne med eit globalt perspektiv i vårsemesteret. Tilbodet vil variere noko frå studieår til studieår. Under "Organisering" finn du meir informasjon om emna som vil bli tilbydd og om når det blir endeleg fastsett kva emne som vil gå.

Som alternativ til å ta det valfrie året ved Institutt for samfunnsvitskap kan ein ta 60 studiepoeng ved andre institutt på HVL eller ved andre universitet eller høgskular i Noreg eller i utlandet. Du må i så fall søkje om ordinært opptak på desse studia innan dei fristane som gjeld (15. april for studium ved norske institusjonar - gjeld også om du vil ta andre studium ved HVL).

Studentar som tek det valfrie studieåret ved andre institusjonar, må be om førehandsgodkjenning frå HVL. Om ein har 60 studiepoeng før ein tek til på bachelorstudiet, kan ein søkje HVL om å få dei innpassa som det valfrie året.

Praksis

I haustsemesteret i fordjupingsåret har studentane ein sju vekers periode i praksis. Målet med praktikantopphaldet er å gje studenten høve til å bruke og utvikle den faglege kunnskapen på ein relevant arbeidsplass, til dømes museum, arkiv, mediebedrifter, reiseliv, offentleg forvaltning og andre verksemder som driv ei eller anna for form for historieformidling. Studenten har sjølv hovudansvaret for å skaffe praksisplass (sjå emneplan for SA605 Historiefagleg praksis). Praksisperioden kan erstattast med andre emne på 20 studiepoeng.

Arbeidsformer

Studiet set store krav til sjølvstendig arbeid med stoffet. Studiet er lagt opp som eit reint nettstudium med Canvas som den sentrale læringsplattforma. Noko av undervisninga føregår som førelesingar («live») og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy. Det vil også bli tilbydd digitale ressursar som videoopptak av undervisning og/eller podcast, og det vil bli gjeve øvingsoppgåver og lagt til rette for studentstyrte kollokviegrupper på nett. Skriftlege innleveringar blir kommenterte av faglærar og medstudentar.

Studiet krev at ein har ei datamaskin med godt internettsamband, webkamera, mikrofon og vanleg programvare til skriving og kommunikasjon, og at ein er kjent med vanleg datamaskin- og internettbruk. Ei vanleg moderne datamaskin er nok til å handtere dei digitale verktya som vil bli brukte, men eldre maskinar kan skape problem. Det vil bli gjeve opplæring i bruk av dei digitale verktøya ved studiestart.

Mesteparten av pensum består av bøker som ikkje er digitalt tilgjengelege.

Nettstudentar har også høve til å delta på førelesingar, seminar, ekskursjonar og andre undervisningsaktivtetar på dei tilsvarande campusemna i Sogndal.

Vurderingsformer

Det vert nytta ulike vurderingsformer, som heimeeksamen, munnleg eksamen, oppgåver av varierande storleik og bacheloroppgåve med munnleg etterprøving. Alle eksamensinnleveringar skjer i det internettbaserte eksamensverktyet til HVL (for tida WiseFlow). Sjå detaljar under emneplanane.

Til munnleg eksamen blir det nytta videosamtale.

Internasjonalisering

Studentane ved bachelorstudiet i historie kan ta eitt eller begge semester i det valfrie året ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon. HVL har fleire samarbeidsavtalar for studentutveksling med universitet og høgskular i utlandet.

Organisering

Studiet er bygt opp av dei følgjande obligatoriske og valfrie emna. Dei fleste emna er på 10 studiepoeng, og dei er som hovudregel bolka slik at ein gjer unna undervisning og eksamen i eitt emne før ein tek til på det neste. På hausten vil det seie at emne 1 går i august–september, emne 2 i oktober–november og emne 3 i november–desember. På våren vil emne 1 gå i januar–februar, emne 2 i februar–mars og emne 3 i april–juni. Nøyaktig periode for bolkane blir fastsett i timeplan og eksamensplan og vil variere noko frå studieår til studieår.

 

  • Emne 1: SA597 Danning og akademisk handverk (10 studiepoeng)
  • Emne 2: HI104 Historie etter 1930 (10 studiepoeng)
  • Emne 3: HI101 Historie 500–1500 (10 studiepoeng)
  • Emne 1: HI102 Historie 1500–1800 (10 studiepoeng)
  • Emne 2: HI103 Historie 1800–1930 (10 studiepoeng)
  • Emne 3: SA603 Historia i samfunnet (10 studiepoeng)

Første studieår er identisk med historie årsstudium.

 

  • Emne 1: SA6xx Historie fordjuping (10 studiepoeng)
  • Emne 2: SA605 Historiefagleg praksis (20 studiepoeng)

Det er mogleg å byte ut SA605 Historiefagleg praksis med to fordjupingsemne som då vil gå som emne 2 og emne 3 i haustsemesteret.

Det blir fastsett våren 2022 kva fordjupingsemne som blir tilbydd hausten 2022.

  • Emne 1: SA606 Historievitskapleg metode (10 studiepoeng)
  • Emne 2: SA523 Bacheloroppgåve i historie (15 studiepoeng)
  • Emne 3: SA607 Historiefagleg kommunikasjon (5 studiepoeng)

 

Institutt for samfunnsvitskap tilbyr desse valfrie emna for dei som vil ta standardforløpet:

  • Emne 1: SA6xx Historie fordjuping
  • Emne 2: SA6xx Historie fordjuping
  • Emne 3: SA6xx Historie fordjuping
  • Emne 1: SO104 Nyare sosiologiske perspektiv
  • Emne 2: SA590 Globaliseringa av verdspolitikken
  • Emne 3: SO202 Kapitalisme og makt 

Det blir fastsett våren 2023 kva valfrie fordjupingsemne som blir tilbydd hausten 2023.

Emna i vårsemesteret er samordna med sosiologi bachelor, og her kan det blir justeringar. Det blir fastsett våren 2023 kva valfrie emne som blir tilbydd våren 2024.

Som alternativ til eitt eller fleire av desse emna står ein fritt til å velje andre emne som går på Institutt for samfunnsvitskap studieåret 2023/24.

Ein kan også ta dei 60 valfrie studiepoenga ved andre institutt/fakultet ved HVL eller på andre universitet og høgskular. Sjå meir om dette under "Innhald".