Kvifor studere HMS-kultur og leiing: Leiing og endring?
Eit trygt og helsefremjande arbeidsmiljø motiverer tilsette til å yte sitt beste. Noko som igjen kan føre til høgare kreativitet, innovasjon, samarbeid og eit positivt omdøme.
Gjennom studiet får du ei brei innføring i fagområda leiing og økonomi i HMS, samt forståing og innsikt i samspelet mellom individ, organisasjon og samfunn og i kva grad dette kan påverke HMS-kulturen i ei bedrift.
Kva lærer du ?
Etter å ha avslutta utdanninga skal du kunne vurdere og iverksette HMS-strategiar, og gjennomføre gode endringsprosessar i eiga bedrift.
Studiet har følgjande hovudtema:
- Leiing: Leiing av gode rutinar og nødvendig endring, leiingsformer og leiingsteknikkar, profesjonalisering av HMS-arbeid
- Økonomi: Nytte-kostnadsanalysar, lønsam ressursbruk.
- Lov- og avtaleverk: HMS-lover og forskrifter.
- Samspel: Individ, organisasjon og samfunn i HMS-kultur, HMS-arbeid i organisasjons- og økonomifagleg kontekst, tillit og etikk blir prioritert for HMS-forbetringar og leiing av dette.
Undervisningsform
Studiet er samlingsbasert med til saman 3 samlingar over 3 dagar.
Arbeidsform vil variere mellom forelesningar, gruppearbeid, presentasjonar og diskusjonar. I tillegg vil kurset være ikt-støtta slik at kontakt mellom deltakarar og forelesarar vil kunne oppretthaldast mellom samlingane.
Samlingar
Det blir tre helgesamlingar ved campus Bergen våren 2024:
- 1. samling: 26. - 28. januar
- 2. samling: 8. - 10. mars
- 3. samling: 12. - 14. april
Tidspunkt for den enkelte samlinga:
- Fredagar kl. 16:00 – 20:00
- Lørdagar kl. 09:00 – 17:00 (med ein times lunsj midt på dagen)
- Søndagar kl. 09:00 – 14:00
Du som student vil få servert eit enkelt måltid fredag før kursstart, samt lunsj lørdag og søndag.
Det er obligatorisk frammøte og fråværsgrensa ligg på 20%
Forkunnskap
Generell studiekompetanse.
Realkompetanse på området kan også bli vurdert som opptakskriterium.
Pensum
Informasjon om pensum kjem.
Eksamensform
Prosjektoppgåve/heimeeksamen i grupper på 3-4 deltakarar, samt 4 timars individuell skriftleg heimeeksamen.
Sluttkarakter i form av bokstavkarakterer settes på grunnlag av prosjektoppgaven som tel 40% og den individuelle skriftlege eksamen som tel 60%. Karakterskala A-F, der F er ikkje bestått. Både prosjektoppgave og individuell eksamen må være bestått.
Studieavgift og betaling
Studieavgifta er kr 40.900,-
Medlemmar av FLT som omfattas av etter- og vidareutdanningsordninga der, får dekka alle utgifter. Desse søkjer direkte til FLT.