Hopp til innhald

Studieplan - E-helse for HO & EL/ Digitalisering og ny teknologi inn i yrkesdidaktikken for HO og EL

Hausten 2025

E-helse inkluderer teknologiar som kan betre folkehelse og livsmeistring gjennom å styrkje personars moglegheiter til å leve eit mest mogleg sjølvstendig liv i eige heim eller alternativt på institusjon. Bruk av teknologi i helse- og omsorgstenester er eit nasjonalt satsingsområde, og er eit område der både helsepersonell og teknisk personell treng meir kompetanse. Studiet inkluderer elektrofag (EL) og helse- og oppvekstfag (HO), og det vert lagt stor vekt på samhandling mellom desse. Helsepersonell må kunne vurdere og ta stilling til alternative teknologiske løysingar knytt til den enkelte brukar sine behov. Dei må vidare kunne kommunisere dette til aktuelt teknisk personell.

Erfaringsdeling og felles refleksjonar/diskusjonar knytt til moglegheiter og avgrensingar når det gjeld ny teknologi og digitalisering i opplæringsarbeidet vert vektlagt i studiet, både på samlingar og i dei obligatoriske læringsaktivitetane. LK 20s kompetansedefinisjon er styrande for læringsarbeidet i vidareutdanninga.

Studiet er nettbasert med 3 digitale samlingar, samt 2 hospiteringsdagar i arbeidslivet.