Kvifor studere innovasjon, studentbedrift og berekraft 2?
Innovasjon og nyskaping er viktig innan alle fagfelt. Den kompetansen som du tileignar deg via dette emnet vil komme deg til nytte som arbeidstakar, både i offentleg og privat sektor.
Kva lærer du?
Du vil få ei innføring i innovasjon, kreativitet og nyskaping/nytenking. I tillegg vil du få erfaring med å etablere, drive og avvikle eiga studentbedrift. Emnet består også av eit prosjekt der du som student får lære om praktiske samarbeidsformer knytt til samarbeid med lokalt arbeids- og næringsliv.
Opplæring i forretningsmodell, økonomi (budsjett/rekneskap/økonomistyring) og marknadsføring, inngår som ein del av studiet. Kreative prosessar som skal føre fram til ein forretningsidè vil vere eit sentralt tema. I tillegg vil du få innføring i ein del teori knytt til entreprenørskap og innovasjon. Du vil også få ei innføring i teoriar knytt til nettverksbygging og samarbeid.
Sjå emneplanen for meir informasjon.
Korleis er undervisninga?
Dette er eit tilbod til studentar ved Høgskulen på Vestlandet som òg er ope for eksterne søkjarar. Studiet går over to semester med studiestart i oktober og avsluttande eksamen innan utgangen av mai neste semester.
Ein legg opp til sju samlingar, der ein del av samlingane er nettbaserte. Dei fysiske samlingane vil så langt som mogleg bli lokaliserte på din campus. Det avhenger av talet på studentar per campus. Med atterhald om at vi må organisere samlokalisering mellom Bergen/Stord/Haugesund for nokre av samlingane.
Nokre av samlingane vil føregå via videokonferanse mellom dei ulike campus. Vi vil også ta i bruk Zoom som undervisningsplattform.
Slik søker du
NB: Er du allereie HVL-student, søker du via Studentweb. Då er fristen 1. september (same som frist for semesterregistrering).
Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs