Hopp til innhald

Studieplan - Master i jordmorfag

Hausten 2024

Mastergradsstudiet i jordmorfag skal kvalifisere for arbeid innan klinisk verksemd, forsking, utdanning, leiing og forvaltning, i den kommunale helse- og omsorgstenesta, samt i spesialisthelsetenesta. Studenten skal kunne arbeide sjølvstendig og på eige ansvar innan heile det jordmorfaglege ansvarsområdet. Vidare skal kandidaten kunne samarbeide med anna personell og aktuelle aktørar med eit felles mål om å yte helsehjelp av høg kvalitet på alle nivåa i helsetenesta. Hovudmålgruppa er gravide og fødande og deira partnar, barselkvinner og ufødte/nyfødte barn. I tillegg skal utdanninga gje kompetanse innan seksuell og reproduktiv helse og rettigheiter og mangfald.

Gjennom studiet tileignar studenten seg den den nødvendige kompetansen til å kunne utøve jordmoryrket på ein fagleg, tillitsskapande, reflektert, omsorgsfull, ikkje-stigmatiserande og etisk forsvarleg måte. Studieprogrammeter praksisnær og forskingsbasert. I tillegg skal den møte kravet i samfunnet om kunnskapsbaserte og likeverdige helsetenester for alle. Dette inneber å arbeide kultursensitivt, og å bidra til tilrettelagte språklege og kulturelt tilpassa tenester. Utdanninga skal bidra til at kandidaten har kompetanse om statusen til samar som urfolk i Norge og ivaretar deira rettar i møtet med jordmødre i helsetenesta.

Utdanninga skal til ei kvar tid sikre at kandidaten kan arbeide helsefremjande, førebyggande og behandlingsretta på individ-, gruppe-, system- og samfunnsnivå. Vidare skal utdanninga sørge for at kandidaten kan bidra til ei berekraftig utvikling av helsetenesta i takt med globale, demografiske, sosiale, miljømessige og teknologiske endringar.

Studieprogrammet skal til ei kvar tid fylle gjeldande nasjonale og internasjonale krav for å kunne utøve jordmoryrket og skal vere i samsvar med direktiv 2005/36/EF om godkjenningar av yrkeskvalifikasjonar, med seinare endringar i direktiv 2013/55/EU.

Kompetanseområda og læringsutbyttet er fastsett i forskrift nasjonal retningslinje for jordmorutdanning.

  • Jordmorprofesjonen si grunnlagstenking
  • Jordmorfagleg ekspertise
  • Seksuell og reproduktiv helse og rettigheiter
  • Kommunikasjon, brukarmedverknad og samhandling
  • Fagleg leiing, fagutvikling, nytenking og kvalitet
  • Forsking og formidling

Studentane skal tileigne seg kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i jordmorfag slik at dei kan utøve kunnskapsbasert jordmorverksemd i tråd med forskrift om nasjonal retningslinje for jordmorutdanninga.

Skikkavurdering

Det vert stilt krav til skikkaheit i yrket. Løpande skikkavurdering skjer gjennom studiet og inngår i ei heilskapleg vurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnad for å kunne fungere som jordmor jf. § 4 i forskrift om skikkehetsvurdering i høyere utdanning. For meir informasjon sjå høgskulen si nettside om Skikkavurdering.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten …

  • har avansert kunnskap om både fysiologiske og avvikande prosessar i svangerskap, fødsel og barseltid
  • har avansert kunnskap om seksuell og reproduktiv helse og rettigheiter i eit livsløpsperspektiv
  • har spesialisert innsikt i betydning av familiedanning som ein biologisk og psykologisk prosess,sosial begivenheit og kulturell- og eksistensiell hending
  • har inngåande kunnskap om aktuelle lover og forskrifter som gjeld for jordmorfaget
  • har avansert kunnskap om pasient- og brukarmedverknad i forsking og pasienthandbehandling
  • har inngåande kunnskap om jordmorfaget etiske, ontologiske og epistemologiske grunnlag

Ferdigheiter

Kandidaten …

  • kan sjølvstendig følge opp svangerskap, fødsel og barseltid og brukar relevant kunnskap for å fremme normale prosessar
  • kan handterer akuttmedisinske situasjonar og gjennomføre livreddande obstetriske nødtiltak
  • kan analyserer og bruke metodar for å veilede, observere, undersøke, vurdere og iverksetje tiltak innan jordmor sitt ansvarsområdet i svangerskap, fødsel og barseltid og i omsorga for kvinner si seksuelle og reproduktive helse i eitt livsløpsperspektiv
  • kan bruke kunnskap til å fremme reproduktiv og seksuell helse og rettigheiter, og respekterer etnisk, religiøst, kulturelt, kjønns og seksualitetsmangfald, uavhengig av alder, helsestatus, funksjonsnivå og juridisk- og sosioøkonomisk status
  • kan analysere og bruke kunnskapsbaserte metodar i kommunikasjon, helseopplysning, veiledning, endringsarbeid og rådgiving, i samarbeid med andre yrkesutøvarar i kommune- og spesialisthelseteneste
  • kan analysere og forholde seg kritisk til ulike informasjonskjelder og gjennomfører eit sjølvstendig og avgrensa vitskapeleg arbeid

Generell kompetanse

Kandidaten...

  • kan analysere, kritisk vurdere og anvende forskingsbasert kunnskap for oppfølging av svangerskap, fødsel, barseltid i samhandling med den gravide sitt behov, i samarbeid med andre yrkesutøvarar i kommune- og spesialisthelseteneste, og heimebaserte tenester i svangerskap, fødsel og barseltid
  • kan utvikle, gjennomføre og leie eige vitskapelege arbeid, og bidra til å vidareutvikle ei kunnskapsbasert jordmorteneste
  • kan analysere faglege problemstillingar i tråd med etiske prinsipp, rettferdigheit og respekt for menneskeverdet
  • kan anvende kunnskapar og ferdigheiter til å fremme helse og forebygge utvikling av uhelse på individ-, gruppe-, system- og samfunnsnivå
  • kan anvende kunnskap om urbefolkning, migrantar og andre minoritetar sine særlege behov og eventuelle helseutfordringar i utøvinga av jordmorfaget

Innhald

Studiet er organisert som eit heiltidstudium. Undervisinga er ved campus Bergen med fire praksisperiodar knytt til Førde, Bergen, Stord, Voss og Haugesund.

Oppbygginga av studiet bidreg til å skape ei gjensidig samanheng og progresjon mellom emna og mellom dei ulike læringsutbytteformuleringane. Det faglege innhaldet, dei pedagogisk verkemidlane og praksis er såleis kopla saman på ein heilskapleg måte.

Emna som inngår i utdanninga er:

  • MAJOR500 Grunnleggjande jordmorfag.
  • MAJORP501 Grunnleggjande jordmorfag i praksis I.
  • MAJORP502 Grunnleggjande jordmorfag i praksis II.
  • MAJOR503 Avansert jordmorfag.
  • MAJOR504 Vitskapsteori, forskingsetikk og metode.
  • MAJORP505 Avansert jordmorfag i praksis.
  • MAJOR506 Masteroppgåve.
  • MAJORP507 Avansert jordmorfag fordjuping, i praksis.

Studentar som har fullført jordmorutdanning etter rammeplan frå 2004-2005 (120 stp) tar påbygg over 1,5 studieår med følgjande emne:

  • MAJOR504 Vitskapsteori, forskingsetikk og metode, 10 stp.
  • MAJOR506 Masteroppgåve, 30 stp.

Det blir her gjort unntak frå tilknytingskravet på minst 60 studiepoeng for masterprogram i helse- og sosialfag som bygger på rammeplanstyrte vidareutdanningar innanfor same fagområde jf. forskrift om studium og eksamen ved HVL § 2-6, 2. ledd.

Studentar som har eldre jordmorutdanning frå før 2004-2005 (60 stp.) tar påbygg over 2 studieår med følgjande emne:

  • MAKP102 Søke etter og kritisk vurdere forsking 15 stp., eller MAJOR508 Søke etter og kritisk vurdere forsking, 15 stp.
  • MAJOR509 Teorier og modellar, 5 stp.
  • MAJOR504 Vitskapsteori, forskingsetikk og metode, 10 stp.
  • MAJOR506 Masteroppgåve, 30 stp.

Dersom ein har vidareutdanning som jordmor frå før av, skal en ikkje i praksis.

Arbeidsformer

Det vil bli nytta ein høg grad av studentaktive læringsformer i studiet, der det er forventa at studentane tar medansvar både for eigen og medstudentar sin faglege utvikling og læring. Studiet inneheld både individuelle og gruppebaserte arbeidsformer med mål om å utvikle studentane sin kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse innafor jordmorfaget.

For å bidra til å øve opp utvikle akademiske ferdigheiter, vil studentane arbeide med ulike former for skriftlege oppgåver. Vidare vil studentane få trening i utvikling av praktiske ferdigheiter både gjennom ferdigheitstrening, simulering og praksis.

I studiet vil studentane delta i ulike seminar kor dei legge fram eiget individuelt arbeid, eller gruppearbeid for å få tilbakemelding frå andre studentar. Dette for å bidra til at studiet skal vere oppdatert på dei problemstillingane som praksisfeltet er opptatt av, men også for å bidra til å utvikle studentane sine analytiske og praktiske ferdigheiter.

Ein del av undervisinga er obligatorisk, då studentaktive læringsformer fordrar at studentane deltek i undervisninga. Dette gjeld t.d. deltaking i refleksjonsgrupper, deltaking på seminar og framlegg av oppgåver, deltaking i ferdigheitstrening og simulering.

Praksis har krav om 90 % frammøte og har tilhøyrande obligatoriske læringsaktivitetar. For nærmare informasjon sjå emneplanane.

Sjølvstudium er sentralt for at studentane tileignar seg teoretisk kunnskap og for å utvikle studentane sin analytiske og kritiske kompetanse.

Vurderingsformer

I studiet møter studentane ulike vurderingsformar.

Vurdering omfattar all formell prøving i studiet og går fram av emneplanane. Alle obligatoriske læringsaktivitetar må være godkjend før studenten får framstille seg til eksamen i det enkelte emnet.

Studiet inkluderer 40 veker praksis. For å få godkjent praksis, må studenten nå læringsutbyttet og oppfylle krav til 90% oppmøte i praksis. Krav til oppmøte kan ikkje fråvikast på grunn av sjukdom, jf. forskift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet.

Dei andre vurderingsformane som blir nytta i studiet er individuell mappeeksamen, munnleg eksamen, heimeeksamen, prosjektoppgåve og masteroppgåve som monografi eller artikkel med kappe.

Krav til studieprogresjon

For å fremje progresjon og oppnåing av læringsutbytte for studenten stillast det krav til studieprogresjon. Alle bligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjente før studenten får framstille seg til eksamen i emnet. Innhald og omfang av obligatorisk undervisning går fram av emneplanane.

Kliniske studie/praksisstudie er obligatorisk og må vere bestått før studentane kan starte i neste praksisstudie.

Emna i første studieår, samt første emne i tredje semester må vere bestått før ein kan begynne på masteroppgåva. Sjå elles emneplanane for meir konkret informasjon.

Internasjonalisering

Studentane kan reise til eit av landa vi er samarbeidspartnar med, anten gjennom Nordejordemoderen eller Rosa Linea. Begge er Nordplus-nettverk, og nettverka inkluderer samarbeidspartnarar i følgjande land: Finland, Danmark, Sverige, Island, Estland, Latvia og Litauen.

Opptakskrav

Opptakskrav til master i jordmorfag:
▪ Bachelorgrad i sykepleie og norsk autorisasjon som sykepleier.
▪ Minst 1 års yrkespraksis som sykepleier etter autorisasjon.

Opptakskrav til påbygg i master i jordmorfag:
▪ Bachelorgrad i sykepleie og norsk autorisasjon som sykepleier.
▪ Utdanning som gir autorisasjon som jordmor etter rammeplan fra 2004-2005, eller Jordmorutdanning fra før rammeplanen i 2004-2005.

Søkere rangeres i tråd med § 4-3 i forskrift for opptak til Høgskulen på Vestlandet. Det blir gitt praksispoeng ved opptak til master, men ikke ved opptak til påbygg.

Kvote
Kvoten vil for studieåret 2024/2025 være forbeholdt inntil 6 søkere som kan dokumentere bosted i Helse Fonna sitt område. For å ha rett til å delta i kvoten må du i tillegg til opptakskravet dokumentere:
Bostedsattest som viser at du er bosatt i Helse Fonna eller en kommune som regnes som "tilhørende" Helse Fonna.*

*Sjå nettsida Kommunar i helseføretaka - Høgskulen på Vestlandet for meir informasjon som viser oversikt over kva for kommunar som reknast som «tilhøyrande» dei ulike helseføretaka. Kvoten gjeld ikkje ved opptak til påbygg.