Studieplan - Master i Klinisk helse- og omsorgsvitskap
Hausten 2018
Studiet er forankra i helse- og omsorgsvitskapeleg tradisjon og har spesielt fokus på kjerneområda helse- og omsorgsetikk og samhandling mellom den profesjonelle og menneske i vanskelege livssituasjonar. Klinisk helse- og omsorgsvitskap er ikkje yrkesspesifikk, men vitskapeleg disiplinbasert, og kunnskapsinteressa vert retta inn mot den enkelte pasient/brukar og pårørande. Begrepet klinisk syner til den nære samanhengen mellom helse- og omsorgsvitskapen sitt teorigrunnlag og klinisk tenking/handling.
Målgruppe: Helse- og sosialarbeidarar som møter brukarar/pasientar og pårørande, uavhengig av profesjon. Personar som ønsker å drive klinisk forsking og utviklingsarbeid, leiing av helse- og omsorgsarbeid i utvikling og pedagogisk arbeid. Personar som ønsker å ta ein ph.d grad.
Læringsutbytte
Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap:
Kandidaten:
- har avansert kunnskap om helse- og omsorgsvitskap som grunnvitskap og anvendt vitskap
- har djup innsikt i eit spesifikt fagområde innan helse- og omsorgsvitskap
- har inngåande kunnskap om hermeneutisk kunnskapsgrunnlag i forsking og klinisk praksis
- har inngåande kunnskap om relevante forskingsmetodar
- har inngåande kunnskap om forskingsetikk
Ferdigheiter:
Kandidaten:
- kan analysere faglege problemstillingar i lys av helse- og omsorgsvitskap
- kan nytte helse- og omsorgsvitskapleg innsikt og kunnskap på nye områder innanfor sitt fagområde
- kan analysere helse- og omsorgsvitskaplege teoriar, fortolkingar og metodar
- kan nytte klinisk helse- og omsorgvitskapleg tenking i samhandling med pasientar/brukarar og pårørande
- kan argumentere eksplisitt for omsorg basert på etiske grunnprinsipp
- kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske retningslinjer.
- kan utøve omsorg i si faglege verksemd
Generell kompetanse:
Kandidaten:
- kan analysere helse- og omsorgsvitskaplege problemstillingar
- kan nytte helse- og omsorgsvitskap i forskings- og utviklingsarbeid
- kan identifisere forskingsetiske problemstillingar
- kan skape innovasjon og nytenking i klinisk praksis
- kan kommunisere helse- og omsorgsvitskaplege problemstillingar, analysar og konklusjonar innan fagområdet og i møte med andre disiplinar
FoU-basering: Høgt nivå på pensumlitteratur. Forelesarane og rettleiarane har førstekompetanse/spisskompetanse ved eigen institusjon og frå kompetansemiljø nasjonalt og internasjonalt. Studentane blir oppfordra til å skrive masteroppgåve tilknytta forskingsprogrammet Klinisk Helse -og Omsorgsvitskap.
Arbeidsformer
Det vert gjennomført samlingar på campus og/eller digitalt med forelesningar, litteraturstudier, rettleiing, dialogbaserte seminar, gruppearbeid m/framlegg og skriftleg arbeid.
Praksis: Ingen
Vurderingsformer
Heimeeksamen, oppgåve
Internasjonalisering
Det vil bli lagt til rette for at studentar kan ta delar av studiet ved andre lærestader i Norden eller Europa. I Norden er det særleg aktuelt med studentutveksling til avdeling for vårdvetenskap, Åbo Akademi i Vasa, Finland og Institutionen för neurobiologi, vårdvetenskap och samhälle, Karolinska Institutet i Stockholm, Sverige. I Europa samarbeidar HVL med Canterbury Christ Church University.
Organisering
Studiet har ein obligatorisk (modul 1, 30 sp) og ein profilbasert del (modul 2, 30 sp), samt masteroppgåve, inklusiv vitskapsteori og metode (modul 3, 60 sp).
Studieplan:
Modul 1, obligatorisk (30 sp)
HELS-GRUNL (15 sp): Helse- og omsorgsvitskap -grunnlagstenking
HELS-ETIKK (7,5 sp): Helse- og omsorgsetikk
HELS-SAMH (7,5 sp): Samhandling i vanskelege livssituasjonar
Modul 2, profil (30 sp)
Valfrie emner på nivå II tilsvarande 30 sp.
Modul 3, obligatorisk (60 sp)
HELS-VITSK (15 sp): Vitskapsteori og forskingsmetode
HELS-OPPG (45 sp): Masteroppgåve