Hopp til innhald

Studieplan - Master i klinisk sjukepleie - Diabetessjukepleie

Hausten 2023

Fagleg profil for Mastergradsstudiet i klinisk sjukepleie er klinisk fagleiing. Dette inneber at utdanninga har som mål å utdanne sjukepleiarar som kombinerer klinisk spesialkompetanse og analytisk kompetanse, og som kan ta sjølvstendige, forskingsbaserte vurderingar og beslutningar i komplekse situasjonar. Studiet fokuserer på å betre den faglege standarden i klinisk praksis og omfattar tilrettelegging av pasientomsorg for å ivareta pasientens behov. Satsingsområda er: sjukepleiekompetanse, kunnskapsbasert praksis og pasientnær klinisk forsking og fagutvikling. Forskingsaktivitet kombinert med klinisk kompetanse er vesentleg for å kunne tilby ein sjukepleieteneste av god kvalitet.

Målet med utdanninga er å tilføre helsetenesta kompetente spesialsjukepleiarar som kan initiere og aktivt delta i fagleg utviklingsarbeid og forsking, slik som helsetenesta etterspør.

Mastergradsstudiet er forma for å møte utfordringane i helsetenesta og tilbyr ei kombinasjon av klinisk spesialistkompetanse og evne til klinisk fagleiing basert på forskingsbasert kunnskapstileigning og problemmeistring. Forsking er ei av helsetenesta sine fire oppgåver, og det er naudsynt at sjukepleiarar aktivt deltek også i dette faglege arbeidet. Ein mastergrad er eit naudsynt steg på vegen til utvikling av forskingskompetanse.

Mastergradsstudiet i klinisk sjukepleie utdannar sjukepleiarar med spesialkompetanse primært til direkte klinisk arbeid, men også til undervisning, helseleiing, fagutvikling og forsking. Sjukepleiarar utgjer den største av alle yrkesgrupper i spesialisthelsetenesta og er nøkkelpersonar innanfor helsetenesta generelt. Med auka kompetanse til systematisk å dokumentere faktorar som gir den beste oppfølging og behandling eller effekt av førebyggjande tiltak, og til å utvikle ny kunnskap innanfor studieretninga, vil dei kunne bidra til å heve kvaliteten på helsetenestene i samfunnet.

Master i klinisk sjukepleie kvalifiserer til opptak på doktorgradsprogram. Studiet kvalifiserer vidare til å arbeide som spesialsjukepleiar med særleg ansvar for avansert klinisk sjukepleie og klinisk fagleiing. Kandidatane vil vere spesielt godt kvalifiserte for kombinerte stillingar som omfattar både klinisk arbeid og praksisnær forskings- og utviklingsarbeid. Nedanfor kjem ei meir spesifikk skildring av dei ulike spesialiseringane og kva dei kvalifiserer til.

Studiet oppfyller rammeplanens krav og forskrift til helsesjukepleiarutdanning, vidareutdanning i barnesjukepleie, anestesisjukepleie, intensivsjukepleie eller operasjonssjukepleie fastsett i rammeplan og forskrift av Utdannings- og forskingsdepartementet 1. desember 2005, samt forskrift om krav til mastergrad § 3, Kunnskapsdepartementet, 1. desember 2005. Forskrift om opptak, studiar og eksamen blir regulert av "Lov om universiteter og høgskular" av 1. april 2005. Andre sentrale dokument som ligg til grunn for studieplanen er St. meld. Nr. 27 (2000-2001) "Gjør din plikt - krev din rett" - Kvalitetsreform av høgare utdanning, St. meld. nr. 47 (2008-09) Samhandlingsreforma. . St. meld. Nr. 10 (2012-13), God kvalitet-trygge tenester.

Diabetesshjukepleie
Diabetes Mellitus er ein kronisk sjukdom med stor utbreiing. Tal kan tyde på at det no er over 350 000 personar med diabetes i Noreg. Halvparten av dei veit ikkje at dei har diabetes. Det er avgjerande viktig at helsetenesta har naudsynt kompetanse og tilfredsstillande tilgang på godt kvalifisert personell for å ivareta denne gruppa pasientar dei komande åra. Kandidatar med fullført mastegradstudium i klinisk sjukepleie med spesialisering i diabetes sjukepleie oppnår ein spisskompetanse der informasjon, støtte og rettleiing til pasientar og pårørande står sentralt.

Kompetansen til diabetessjukepleiarar er eit viktig bidrag til meistring og god livskvalitet for den enkelte med diabetes og kan samtidig bidra til å førebyggje eller forseinke utviklinga av komplikasjonar og følgesjukdommar. Oppfølging og behandling av diabetes krev høg kompetanse innan både medisinske, psykososiale og pedagogiske område.

Diabetes sjukepleiarar oppnår spesialkompetanse til å arbeide innan diabetesomsorg i alle delar av helsetenesta.

Opptakskrav

  • Bachelorgrad i sjukepleie og norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Minst 1 års yrkespraksis som sjukepleiar etter autorisasjon.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Kandidaten...

  • har spesialisert innsikt og handlingskompetanse for å meistre komplekse situasjonar innan si spesialitet
  • kan bidra til innsikt og kompetanse i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid slik at oppfølging og behandlingstilbodet til pasienten/brukaren blir samanhengande på tvers av tenestenivå
  • kan analysere og vurdere kliniske faglege og vitskaplege problemstillingar

Ferdigheiter:
Kandidaten...

  • kan samhandle med pasientar/brukarar, deira pårørande og andre yrkesgrupper ved planlegging, organisering og utøving av tiltak i helsetenesta
  • kan nytte omfattande kunnskapssøk relatert til spesifikke kliniske spørsmål og samle passande og relevant kunnskap frå ulike kunnskapskjelder
  • kan kritisk vurdere eksisterande teoriar, metodar og praksis innanfor fagområdet
  • kan planlegge og gjennomføre eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan arbeide kunnskapsbasert, det vil seie planlegge og utføre sjukepleie basert på kritisk vurdert forskingskunnskap, erfaringskunnskap og pasienten/brukaren sine preferansar og behov
  • kan nytte sin kompetanse i "clinical audit" til å vurdere resultat og utvikle forbetra prosedyrar i helsetenesta og kvalitetssikre sjukepleietenesta

Generell kompetanse:
Kandidaten...

  • kan nytte sine faglege kunnskapar kritisk og reflektere over eigen klinisk praksis
  • kan forklare etiske avgrensingar, utviser kritisk vurdering og viser velfundert innsikt i etiske dilemma i det helsefaglege arbeidet
  • kan undervise og formidle sin kompetanse i klinisk praksis, utdanningsinstitusjonar og fagtidsskrift
  • kan delta i offentlege debattar om eigen fagområde, både nasjonalt og internasjonalt

Ein kandidat med studieretning diabetes sjukepleie, skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse etter gjennomført 60 studiepoeng:

Kunnskap:
Kandidaten...

  • har spesialisert innsikt og handlingskompetanse og kan meistre komplekse situasjonar innan diabetes sjukepleie

Ferdigheiter:
Kandidaten...

  • kan nytte kunnskap om ulike diabetesformer for å kunne setje i verk førebygging, utgreiing og behandlingstiltak (inkludert livsstilsintervensjonar) som kan fremje helse, meistring og livskvalitet
  • kan arbeide kunnskapsbasert, det vil seie planlegge og utføre sjukepleie basert på kritisk vurdering av forskingskunnskap, erfaringskunnskap og pasienten sine preferansar og behov
  • kan planlegge og gjennomføre eit avgrensa utviklings- eller forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan samhandle med pasientar/brukarar, deira pårørande og andre yrkesgrupper ved planlegging, organisering og utøving av tiltak i helsetenesta

Generell kompetanse:
Kandidaten...

  • kan bidra til innsikt og kompetanse i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid slik at oppfølging og behandlingstilbodet til pasienten/brukaren blir samanhengande på tvers av tenestestader og tenestenivå
  • kan analysere fagleg kunnskap kritisk og reflektere over eigen praksisutøving
  • kan arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
  • kan formidle si spesialiserte kompetanse til samarbeidspartnarar i helsetenesta
  • kan nytte sin kompetanse på nye område for å bidra til fagutvikling
  • har kompetanse til å kunne rettleie personar med diabetes, deira pårørande og andre yrkesgrupper

Praksis

Omgrepet kliniske studiar gjeld for heiltidsstudiar der praksis vert vurdert som bestått /ikkje bestått. For studieretning diabetessjukepleie og kardiologisk sjukepleie er praksis (150 timar) eit obligatorisk arbeidskrav som blir godkjent av fagleiar. Dei kliniske studiane er heilt og fullt fagspesifikke og skal sikre progresjon i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse. Hovudvekta og 90% av dei kliniske studiane skal vere knytta til situasjonar nær pasientane.

Arbeidsformer

Arbeidsformene i studiet speglar læringsutbytebeskrivingane og dei vurderingsformene som blir nytta i dei ulike emna. Studentane skal gjennom ulike arbeidsformer tileigne seg læringsutbytta.

Arbeidsformer som vert nytta inkluderer førelesingar, ferdigheitstrening, simulering, seminar, gruppearbeid, kliniske studiar/praksisstudiar, nettbaserte arbeidsformer og sjølvstudium. Gjennom studentaktive læringsformer blir det forventa at studentane tek medansvar både for eigen og medstudentane si faglege utvikling og læring for å nå læringsutbytta. I undervisninga vert diskusjonar, argumentasjonar og munnlege framlegg vektlagt. Kritisk refleksjon over samanhengar mellom teoretiske perspektiv og fagutøving blir framheva, og det blir forventa at studentane nyttar erfaringar og refleksjonar frå praksisstudiene. Studiet er derfor lagt opp slik at studentane skal arbeide både individuelt og i grupper. Canvas blir nytta som støttesystem for studia.

Ein del av undervisninga er felles for fleire studieretningar og går fram av timeplanane. Fellesundervisning som er planlagt i timeplanen blir organisert i samlingar som i stor grad kombinerer ressursførelesingar med studentaktive læringsformer.

Vurderingsformer

Med utgangspunkt i forventa læringsutbyte, fagleg innhald, pedagogisk metode og undervisningsformer vil studentane møte ulike vurderingsformer gjennom studiet. Vurderingsformene skal ta vare på ein kontinuerleg prosess med eit todelt mål: fremje læring og dokumentere at studenten har oppnådd læringsutbytet.

Obligatoriske læringsaktivitetar omfattar alle former for obligatoriske arbeid og aktivitetar som er sett som vilkår for å stilla til eksamen. I dette studiet består obligatoriske læringsaktivitetar av:

Skriftlege oppgåver

  • Kliniske studiar
  • Framlegg av eige arbeid i plenum
  • Deltaking i nettbaserte læringsformer og testar
  • Deltaking i ferdigheitstrening og simulering
  • Obligatorisk rettleiing på oppgåver, og deltaking på oppgåveseminar
  • Obligatorisk rettleiing på masteroppgåva, og deltaking på masteroppgåveseminar.

Studenten får skriftleg og/eller munnleg tilbakemelding frå fagleiar og/eller medstudentar på dei skriftlege besvarelsene med omsyn til form og innhald. Alle arbeidskrava må vere godkjende før studenten får stilla til eksamen i emnet.

Eksamen
Studentane vert vurderte med utgangspunkt i emnets læringsutbyte. Eksamensformer som vert nytta i studiet er:

  • Gruppeeksamen
  • Skriftleg eksamen under tilsyn
  • Individuell heimeeksamen
  • Vurdering av praksis
  • Masteroppgåve

Krav til studieprogresjon

Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studentane får stilla til eksamen i emnet. Innhaldet og omfanget av obligatorisk undervisning kjem fram av emnebeskrivinga. Enkelte emne har krav til forkunnskap.

Kliniske studiar/praksisstudiar er obligatoriske, og kvar praksisperiode må vere bestått før studentane kan starta neste praksisperiode.

For å levera masteroppgåva må alle føregåande emne vere bestått. Sjå elles emnebeskrivingane for meir konkret informasjon.

Internasjonalisering

Høgskulen har eit breitt fokus på internasjonalisering med student- og lærarutveksling og forskingssamarbeid. I samband med masteroppgåva kan studentane inkluderast i forskingsprosjekt til tilsette og internasjonale samarbeidsrelasjonar. Dersom studenten deltek i eit internasjonalt forskingssamarbeid, kan det vere aktuelt med ein medrettleiar frå aktuell samarbeidspartnar i arbeidet med masteroppgåva.

Studiet har avtaler om utveksling knytt til Nordplus og Erasmus, og har samarbeidsavtaler med institusjonar i Sverige, Danmark, Island og Litauen, Belgia, Canada.

Informasjon om utveksling knytt til den einskilde studieretninga kjem fram på høgskolens nettsider.

Organisering

Masterstudiet i klinisk sjukepleie med studieretning diabetessjukepleie tilbys på Campus Bergen.

Studentane gjennomfører som houvedregel studiane i Bergen. Praksis, simuleringstrening og masteroppgåveseminar kan finne stad utanfor studenten si nærregion.

Studieretning diabetessjukepleie gjennomførast i sin heilhet på deltid over totalt 6 semester. Studentar som velger å avslutte studiet etter 60 studiepoeng (2 eller 3 semestre), oppnår kvalifikasjon som diabetessjukepleiar (jamfør rammeplan).

Eit fulltidsstudium tilsvarer eit arbeidsomfang på 40 studentarbeidstimer per veke og 1600 timar per år eller 27 timer pr. studiepoeng.