Hopp til innhald

Studieplan - Idrett/Kroppsøving årseining

Hausten 2019

Eit årsstudium i idrett/kroppsøving utgjer 1. år i ei bachelorutdanning innan idrett og kroppsøving. Årsstudium gir og ein smaksprøve på faget kroppsøving i lærarutdanninga. Leik, læring, vekst, utvikling, dans, idrett, friluftsliv og andre tidsaktuelle aktivitetar er nokre av mange tema i dette praktisk retta studiet. Undervisninga foregår både inne og ute, og me reiser på ulike turar. Gjennom årsstudium i idrett/kroppsøving lærer du korleis du skal leie, organisere og tilpasse bevegelsesaktivitet i kroppsøvingsfaget eller leiing av anna bevegelsesaktivitet.

Årsstudium i idrett/kroppsøving dannar grunnlag for å fortsette på ei bachelorutdanning innan kroppsøving. Saman med pedagogisk utdanning kan du arbeide som kroppsøvingslærar i grunnskule og vidaregåande skule.

Årsstudiet er også ein god start dersom du ønskjer å ta ein bachelor innan idrett, helse eller friluftsliv.

Etter fullført årsstudium kan du søke opptak direkte til 2. år på desse bachelorutdanningane ved HVL:

Læringsutbytte

Etter fullført idrett/kroppsøving årseining skal kandidaten ha kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap
Kandidaten:

  • har kunnskap om læreplanen i kroppsøving, eigenarten til faget og legitimering og korleis faget heng saman med andre skulefag
  • har kunnskap om planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning i kroppsøving og dokumentasjon av læring i kroppsøving
  • har kunnskap om sentrale tema innan fagområda leik, læring, vekst og utvikling, dans, friluftsliv, tidsaktuelle bevegelsesaktivitetar i barne og ungdomskulturen, aktivitetslære, idrett og samfunn, rørslelære, anatomi, fysiologi og treningslære retta mot ulike aldersgrupper, spesielt med tanke på utvikling av kroppsleg bevegelseserfaring og bevegelsesglede hos elevar
  • har kunnskap om tilpassa opplæring i regelverk og på bakgrunn av eleven sin vekstutvikling
  • har kritisk kunnskap om kroppen som uttrykk og symbol i samfunn, media og kultur
  • har kunnskap om omgrepet medborgarskap og respekt for andre i samband med kroppsøving
  • har kunnskap om forsking og kunnskapsproduksjon i kroppsøving
  • har kunnskap om kroppsøving og kroppsleg læring i eit tverrfagleg perspektiv

Ferdigheiter
Kandidaten:

  • kan, ut i frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningslinjer planlegga, gjennomføra og vurdera undervisning i kroppsøving
  • kan bruka eigne ferdigheiter og kunnskapar innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar og gjera seg nytte av dette i undervisning i kroppsøving
  • kan utforska eigne kroppslege uttrykk og leie skapande prosessar kor refleksjon og erfaring med bevegelsar er sentralt
  • kan ivareta HMS for elevar i ulike aktivitetar og bevegelsemiljø
  • kan gje opplæring i symjing, livreddande førstehjelp og livberging i vatn og trygg ferdsel i, på og ved vatn
  • kan leggja til rette for læringsarbeid som fremjar glede i leik og varierte bevegelsesaktivitetar, på ulike arenaer og i nærmiljøet
  • kan vurdera elevens kroppslege læring og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemeldingar
  • kan vurdera elevens måloppnåing, planlegga og grunngje vurderingane og leggja til rette for elevens eigenvurdering
  • kan på faget sine premissar inkludere dei grunnleggjande ferdigheitene i undervisninga
  • kan vurdera ulike fagdidaktiske problemstillingar knytt til eigen lærarkompetanse, undervisning og læring i kroppsøving
  • kan nytta kunnskap i faget med formål om å inkludera alle elevane i kroppsøving
  • kan arbeida tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving
  • kan formulera fagdidaktiske problemstillingar og bruke relevant teori og forsking med sikte på å betra undervisning og læring i kroppsøving
  • kan gjennomføra utviklingsarbeid knytt til lærarkompetanse i kroppsøving
  • kan kritisk vurdera ulike aktivitetar og arbeidsmåtar med tanke på undervisning og læring i kroppsøving

Generell kompetanse
Kandidaten:

  • kan drøfta kva som er kroppsøving sitt bidrag til allmenndanninga til elevane
  • kan kommunisere med elevar, føresette og kollegaer om kroppsøvingsfaget
  • kan bidra til å sjå kroppsøving og bevegelsesaktivitetar i eit tverrfagleg perspektiv
  • kan arbeida med mangfald og ulikskap i kroppsøving og reflektera over innhaldet i faget og faget si rolle i ein fleirkulturell skule
  • kan bidra til nytenking og innovasjon i faget kroppsøving og fysisk aktivitet i skulen meir generelt
  • kan bidra til profesjons- og skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving

Innhald

Idrett/Kroppsøving årseining består av Idrett/Kroppsøving 1, haust 30 studiepoeng, og Idrett/Kroppsøving 2, vår 30 studiepoeng. Sjå emneplanar for meir detaljert informasjon.

Sentralt i studiet er utvikling av undervisningskompetanse i bevegelsesaktivitetar innan leik, læring, vekst og utvikling, dans, idrett, friluftsliv og tidsaktuelle bevegelsesformer i barne- og ungdomskulturen. Det vert lagt vekt på fagdidaktisk forståing, vurdering i kroppsøving, fair play, aktivitetslære, treningslære, rørslelære, anatomi, fysiologi, kroppslig læring, idrett og samfunn, forskingsmetodar og forsking og utviklingsarbeid.

Praksis

Studenten har:

  • skulepraksis som går over 14 dagar. Grunnskule og vidaregåande skule
  • praksis på campus ved at skuleklassar kjem inn og får undervisning
  • arrangerer aktivitetsdag på campus for menneske med funksjonsnedsetjingar
  • ei veke praksis på Barn er Bra-festivalen i Haugesund
  • idrettspraksis i eit idrettslag

I praksisperioden skal studenten:

  • erfare kva som vert kravd av planleggingsarbeid i kroppsøvingsfaget og som trenar
  • prøve ut praktisk ulike arbeidsmåtar og undervisningsmetodar
  • organisere aktivitetar
  • erfare kroppsøvingslærarrolla/trenarrolla i praksis
  • reflektere over eigen og andre si undervisning

Krav til greidd praksis er at studenten:

  • viser evne til å planlegge, gjennomføre og reflektere over eigen undervisning og gjennomføre pålagde oppgåver
  • viser evne til samarbeid, møter presis til avtala tidspunkt og gjer pålagte oppgåver

Arbeidsformer

Mykje av undervisinga er praktisk retta, med vekt på utprøving av ulike aktivitetar, leik, idrettar, dans og friluftsliv. Hovudarbeidsformene i dei teoretiske emna vil vera seminar, førelesingar, prosjektarbeid, gruppearbeid og individuelt arbeid.

Vurderingsformer

Prosjekt, skriftleg eksamen, FoU-oppgåve og praktisk-metodiske eksamenar.

Internasjonalisering

Du har grunnlag for vidare studier ved høgskular og universitet, nasjonalt og internasjonalt.