Hopp til innhald

Studieplan - Master i Kunstfag

Hausten 2022

Master i kunstfag skal gje studentane systematisk og inngåande kunnskap om kunstfagdidaktiske problemstillingar og kunstfagleg formidlingsarbeid i og utanfor skulen. Studiet inneheld studieretningar i barne- og ungdomslitteratur, drama, kunst og handverk, og musikk. I studiet skal studentane arbeida praktisk og teoretisk innanfor eige fag og saman med studentar frå andre kunstfag. Studiet har ei praksisnær tilnærming der ein legg til rette for kontakt med samfunns-, arbeids- og kulturliv gjennom oppgåver og obligatoriske læringsaktivitetar.

Master i kunstfag rettar seg mot lærarar frå ulike skuleslag som ønskjer vidareutdanning i sine fag, utøvarar og kulturarbeidarar som jobbar med opplæringsaktivitetar og formidling som del av sitt virke, bachelorstudentar som vil byggja på utdanninga si med ein mastergrad og internasjonale studentar som ønskjer å gjennomføra eitt eller to emne ved HVL som del av utdanninga si. Studentane sin yrkesbakgrunn og erfaring frå tidlegare utdanning er ein viktig ressurs i studiet og skal saman med undervisning, rettleiing og andre aktivitetar danna grunnlag for at studentane etter endt utdanning skal kvalifisera studentane for forskingsbasert yrkesutøving innanfor sin profesjonskontekst. Studiet er samlingsbasert og nettstøtta, noko som gjer det mogleg å kombinera med jobb i skule og/eller kulturliv. Master i kunstfag er samansett av studieretningsemne og fellesemne. Studieretningsemna gir rom for fagleg fordjuping og fokus. I fellesemna vil studentane arbeida med overordna tema knytt til forskingshandverket, estetikk, kreativitet, vitskapsteori, metode, forskingsetikk, utvikling av prosjektskisse og masteroppgåva. Det er eit poeng at det i fellesemna skal leggast til rette for at studentane kan vinkla oppgåver og arbeid inn mot studieretningsfaget.

I studiet vil studentane få høve til å bli kjent med forskings- og utviklingsprosjekt ved HVL, særskilt knytt til forskingsprogramma Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar (KKKP), Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking (PUF) og Språk, kommunikasjon og læring (SKL). Studentane vil undervegs i studiet bli informert om pågåande forskingsprosjekt og aktivitet i forskingsgrupper ved HVL. Det kan bli gitt oppgåver knytt til slike prosjekt og aktivitetar som del av studiet, og studentar kan velja tematikk for masteroppgåva som korresponderer med forskingsaktivitet ved HVL. Master i kunstfag kvalifiserer til å søka på opptak til ph.d.-utdanningar, inkludert FLKI sitt eige ph.d.-program, Studiar av danning og didaktiske praksisar.

Studiet er organisert som eit deltidsstudium på fire år. Det er mogleg å gjennomføre studiet på kortare tid for studentar som ønskjer dette. Studiet består av to emne frå valt studieretning (drama og anvendt teater, barne- og ungdomslitteratur, kunst og handverk, eller musikk) og fire fellesemne (inkludert masteroppgåva).

Læringsutbytte

Kunnskapar

Kandidaten

har avansert kunnskap om kunstfagdidaktisk verksemd og formidlingsarbeid i kunstfaga med spesielt fokus på forskings- og utviklingsarbeid i eige studieretningsfag

har inngåande kunnskap om sentrale vitskapsteoretiske tradisjonar og forskingsmetodar innanfor kunstfagfeltet

har inngåande kunnskap om forskingsmessige og etiske problemstillingar og utfordringar i kunstfaga

har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde og kunnskapsgrunnlaget for masteroppgåva

har avansert kunnskap om aktuelle og historiske estetiske teoriar og praksisar innanfor kunstfagdidaktisk og kunstnarisk verksemd og formidlingsarbeid

Ferdigheiter

Kandidaten

kan analysera og tolka eksisterande praksisar, teoriar og metodar innanfor det kunstfaglege og kunstfagdidaktiske feltet med spesielt fokus på studieretningsfaget

kan planlegga, gjennomføra og dokumentera eit sjølvstendig, avgrensa masterarbeid under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer

kan arbeida systematisk og sjølvstendig med praktiske og teoretiske løysingar på kunstfagdidaktiske og kunstnariske problemstillingar og utfordringar

kan gjennomføra og leia estetiske produksjonar, til dømes i form av utøvande konsertar, utstillingar, teaterframsyningar, litteraturpresentasjonar eller performances

kan reflektera kritisk rundt kunstfagdidaktisk og kunstfagleg formidling og forsking og beherske fagleg argumentasjon og akademisk skriving

Kompetanse

Kandidaten

kan nytta kunnskapar og ferdigheiter på nye område og relatera desse til noverande og framtidig profesjonsutøving

kan formidla eigen og andre si forsking skriftleg, munnleg og kunstnarisk på ein fagleg og etisk måte

kan nytta og vurdera kritisk digitale ressursar og uttrykk i kunstfagleg og kunstfagdidaktisk verksemd

Innhald

Følgjande profilar vert tilbydde:

Drama og anvendt teater I studieretningsemna for drama skal studentane tileigna seg kunnskap om og ferdigheiter innan dramapedagogikk, teaterteori, anvendt teater og forsking gjennom drama og dramapedagogiske metodar. Emna bygger på tidlegare utdanning og erfaring i drama og teater. Studiet er forskingsbasert, og krev at ein har interesse og evne til å reflektera teoretisk. Undervisninga kombinerer teori og praksis, og går føre seg gjennom workshop, forelesingar og seminar. Gjennom utdanninga utforskar ein særtrekka i fagområdet frå teori til framføring.

Barne- og ungdomslitteratur Studieretninga for barne- og ungdomslitteratur vil gi studentane inngåande kunnskap om litteratur som kunstfag gjennom estetiske tilnærmingar til litterære uttrykk i ulike medium. Basert på aktuell forsking, teori og eigen praksis får studentane også grundig innføring i og erfaring med tekstproduksjon og litteraturformidling. Studieretninga sine to emne tar begge utgangspunkt i barne- og ungdomslitteratur som materiale, men orienterer seg i tillegg mot andre kunstuttrykk. Emna inkluderer refleksjonar knytt til retorikk, estetikk og etikk.

Kunst og handverk I studieretningsemna for kunst og handverk skal studentane arbeida med det didaktiske, estetiske og kulturelle særpreget ved kunst og handverk som fag og kulturfelt. Studentane får kunnskap om vitenskapsteoretiske grunnlagsspørsmål, relevante metodespørsmål og aktuell nasjonal og internasjonal forsking samt erfaring med å delta i kunnskapsbygging i fagområdet. Gjennom eige skapande arbeid, feltarbeid og refleksjon knytt til handverk, estetikk, kultur og læring skal studentane utvikla sin kunstfagdidaktiske kompetanse.

Musikk I studieretningsemna for musikk skal studentane arbeida med spørsmål knytt til musikkpedagogisk, musikkdidaktisk, estetisk og kunstnarisk verksemd. Emna skal gi studentane ei solid forankring i studieretningsfaget som grunnlag for vidare aktivitet i masterstudiet gjennom fokus på forskings- og utviklingsarbeid, teoretisk kunnskap, og praktisk, utøvande verksemd. Studenten skal gjennom arbeid i emna gjerast i stand til å sjå samanhengar mellom forskingsbasert kunnskap og eigen profesjonsidentitet.

Arbeidsformer

Arbeidsformene i studiet vil vera varierte. Det blir lagt vekt på studentaktive læringsformer både ved fysisk og digital undervisning. I studiet vil studentane delta på forelesingar, rettleiing, gruppearbeid og praktisk prosjektarbeid i tillegg til å få erfaring med seminar og workshops. Studentane vil måtte bidra med studentframlegg og presentasjonar og arbeida aktivt med litteraturstudiar, tekstproduksjon og kunstnarisk arbeid. Bruk av nettbaserte og andre digitale ressursar er lagt inn i studiet.

Vurderingsformer

Det er varierte vurderingsformer i studiet. Desse skal samla sett dekkja ulike typar uttrykk (skriftleg, munnleg, praktisk). Vurderingsformene er spesifisert i dei forskjellige emneplanane og dekker ei breidde frå praktisk eksamen og munnleg presentasjon til semesteroppgåve og heimeeksamen.

Krav til studieprogresjon

Før ein kan avleggja eksamen i fellesemne 3 må studenten ha gjennomført fellesemne 1 og 2 samt studieretningsemne 1 og 2. Alle profilemne og fellesemne må vera bestått før studenten kan gå opp til eksamen i emnet Masteroppgåva.

Internasjonalisering

Det er mogleg med utveksling i andre semester. Fellesemne 1 blir gjennomført med engelskspråkleg undervisning dersom innreisestudentar utanfor Skandinavia er del av emnet (det er mogleg å få rettleiing og høve til å skrive oppgåver på norsk eller andre skandinaviske språk).

Det blir lagt opp til at fagfordjupingar som ønskjer det kan tilby studieretningsemne 1 og/eller 2 på engelsk. Når det gjeld andre former for internasjonalisering kan dette etter behov bli ivaretatt gjennom til dømes internasjonale gjesteprofessorar, deltaking på nettbaserte og fysiske konferansar og samlingar i regi av aktuelle nettverk som fagmiljøa er del av (t.d Nordic Network for Music Education) og involvering i digitale faglege samarbeidsprosjekt (t.d. i form av Collaborative Online International Learning).