Hopp til innhald

Studieplan - Master i samfunnsarbeid

Hausten 2014

Hovudmålet med mastergradprogrammet i samfunnsarbeid er å kvalifisera studentar til å utforma og setja i gang prosessar og tiltak for sosial endring i samarbeid og samspel med dei det gjeld, og styresmakter, næringsliv eller frivillig sektor.

Samfunnsarbeid står i ein samfunnsvitskapleg tradisjon, og byggjer på ei tilnærming til samfunn og sosiale strukturar som noko som er skapt og endra gjennom menneska sine handlingar. Samfunnsarbeid tek utgangpunkt i eit syn på menneska som kreative, kompetente og handlande aktørar, som sjølve kan bidra til å betre sine vilkår for sosial deltaking. Handlande aktørar kan saman utvikle sine sosiale fellesskap, anten dei er geografisk, interessemessige eller organisatorisk grunna.

Samfunnsabreid er ein planlagt endringsprosess der ein eller fleire profesjonelle aktørar deltek saman med ei interessegruppe, eit interessefellesskap eller eit lokalsamfunn som vil ta i bruk eigne ressursar for å løyse problem dei sjølve har erfart, eller nå mål dei sjølve har sett.

Endringsprosessar kan vera grasrotmobilisering, samarbeid mellom ulike aktørar på lokalsamfunnsnivå, til påverking av arbeidsmiljø. Lokale og regionale styresmakter, næringsliv og frivillig sektor er viktige aktørar i samfunnsarbeid. Endringsarbeidet er grunna i ein tilnærming til samfunn og sosiale strukturar som skapte, og som stendig vert omskapt gjennom ulike former for handling. Eit slikt perspektiv gir rom for planlagde endringsprosessar. Mastergradstudiet sitt fokus er retta mot vilkår for sosial deltaking på normativt venta arenaer for utdanning, arbeid og fritid, både for individ og grupper. Ved å analysera slike vilkår kan ein skape grunnlag for å påverka eller forbetra vilkåra for deltaking.

Arbeidsprosessen i samfunnsarbeid byggjer på eit demokratisk ideal der eit frivillig og likeverdig partnarskap mellom dei det gjeld, samfunnsarbeidaren, og relevante andre er utgangspunktet for endringsarbeidet. Gjennom felles innsats kan ein utvikla og dela kunnskap for å nå dei måla ein har sett. Sentralt i prosessen er individuell og kollektiv refleksjon for å auka alle aktørar sit medvit om korleis strukturelle og sosiale vilkår verkar på utforming av daglegliv og sosiale fellesskap.

Teoretisk og praktisk grunnlagskunnskap i samfunnsarbeid er henta frå samfunnsvitskapane, samfunnspsykologi og pedagogiske fag. Handlingsteori er sentralt.

Samfunnsarbeid

  • byggjer på at dei det gjeld har kunnskap, kompetanse, vilje og evne til å påverka sine omgjevnader og betra sine livsvilkår
  • byggjer på at det det gjeld kan bidra til å peike ut hindringar for tilgang til ålment forventa sosiale arenaer, og at dei kan formulera ein visjon om eit alternativ
  • går ut frå at alle kan vidareutvikla sine evne og tileigna seg nye kunnskapar, og kan delta i kollektive endringsprosessar
  • handlar om å finne handlingsrom
  • byggjer på kollektiv handling for å endre vilkår for sosial deltaking for fleire personar/grupper knytt til eit interessefellesskap, eit organisatorisk fellesskap eller eit geografisk fellesskap
  • er ein demokratisk prosess, og grunna i menneskerettane, heilskapstenking og endring nedanfrå og opp
  • skapar eit fruktbart miljø for å utvikle samfunnsarbeidaren sine roller

Vi legg til grunn at samfunnsarbeidaren

  • skal påverke vilkår for sosial deltaking i lag med dei det gjeld
  • skal bidra til å mobilisere, vedlikehalda eller endra dei fellesskapa som fins, eller bidra til å skapa nye
  • bidreg til kunnskapsdeling mellom alle aktørar
  • si viktigaste rolle truleg er å ha ein katalysatorfunksjon
  • sin katalysatorfunksjon skal stimulera til kollektiv handling, og medverke til analyse av vilkår for handling som det aktuelle fellesskapet står ovafor

Kandidatar med fullført mastergrad i samfunnsarbeid skal kunna søkja opptak på relevante doktorgradsprogram.

Målgruppe og opptakskrav
Master i samfunnsarbeid er tilpassa studentar med profesjonsutdanning (bachelorgrad) i pedagogiske fag, helsefag, sosialfag, politifag eller kriminalomsorg, og studentar utan profesjonsutdanning med samfunnsvitskapelege emne i opptaksgrunnlaget.

Læringsutbytte

Ved fullført mastergrad i samfunnsarbeid skal kandidaten:
Kunnskapar:

  • Ha dybde kunnskap om sosiale og strukturelle vilkår for sosial deltaking
  • Ha inngående kunnskap til å utgreie kva som fremjar eller bremsar sosiale endringsprosessar
  • Ha avansert kunnskap om det teoretiske og metodiske grunnlaget for samfunnsarbeid

Evner:

  • bruka fagets teoretiske tilfang til kritisk å analysera eit sosial fenomen for å forstå vilkår for sosial deltaking, fellesskap eller endring
  • arbeida sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
  • strukturera og formulera faglege argument, og grunngje faglege vurderingar
  • ta initiativ til, utforma og setje i gang endringsprosessar, prosjekt og tiltak i samarbeid med dei det gjeld
  • arbeida sjølvstendig med å planlegga og gjennomføra endrings- og utviklingsprosjekt og FoU-prosjekt

Generell kompetanse:

  • arbeida på tvers av profesjons- og etatsgrensene
  • rettleia og ha ansvar for fagutviklingsoppgåver i offentleg eller privat sektor
  • formidla arbeidet munnleg og skriftleg i ulike sjangrar og i ulike fora
  • Bidra til nytenking og nyskaping
  • ha undersvisning- og rettleiingsansvar i profesjonsutdanningane sine grunn-, etter- og vidareutdanningsprogram

Arbeidsformer

Gjennom studentaktive læringsformer er det venta at studentane bidrar til eigen og medstudentar si faglege utvikling og læring. Den pedagogiske plattforma er bygd på dialogbasert samhandling, seminar, litteraturpresentasjonar, prosessorientert skriving og rettleiing, prosjektarbeid, gruppearbeid og individuelt studiearbeid. Innlevering av oppgåver skjer jamleg, rettleiing er som oftast skriftleg og nettbasert.

Studentane vert jamleg informert om faglege aktivitetar som kan vera av interesse, t.d. seminar i regi av forskingsgruppene. Studentane kan retta mastergradprosjekta sine mot pågåande forskingsaktivitet.

Høgskulen i Bergen brukar det elektroniske studiestøttesystemet It´s Learning.

Vurderingsformer

Vurderingsformene er individuelle og gruppebaserte eksamenar, heimeeksamen og skuleeksamen, sjå eksamensoversikta for detaljar. Eksamensforskrifta for Høgskulen i Bergen viser kva for reglar som gjeld til ei kvar tid.

Arbeidskrava er en del av utdanninga sitt interne evalueringssystem og må være godkjende for at studentane skal kunne framstille seg til eksamen.

Krav til studieprogresjon

Emner i 2 studieår må være bestått før studenten kan starte arbeidet med masteroppgaven.

Internasjonalisering

For studentar på mastergradprogrammet i samfunnsarbeid kan det verta aktuelt å delta på internasjonale nettverkssamlingar i samfunnsarbeid, på intensivkurs i regi av Erasmus, på mindre nettbaserte kurs i samfunnsarbeid eller andre kurs med relevans for samfunnsarbeid, eller på konferansar med eigen presentasjon.

Mål

Ein kanidat med fullførd mastergradutdanning i samfunnsarbeid skal:

  • vera ein reflektert yrkesutøvar med særleg kompetanse i å undersøke og påverke vilkår for sosial deltaking
  • ha kompetanse til å undersøke vilkår for og bidra til sosial mobilisering og kollektiv handling
  • ha innsikt og kompetanse i å legge til rette for samarbeid, samordning, kunnskapsutvikling og -deling mellom folkesetnad, styresmakter, næringsliv eller frivillig sektor.
  • kunne utvikla kontakt og samarbeid med offentlege, frivillige og private aktørar
  • kunne bidra til forsking og kunnskapsutvikling i samfunnsarbeid, om velferdsstatens tenester og organisering sett frå tenestemottakar og tenestebrukar sine perspektiv

Organisering

Mastergradprogrammet i samfunnsarbeid er eit integrert fulltidsstudium over to år med 120 studiepoeng fordelt på fire semester.

Første studieår arbeider studentane med samfunnsarbeid 1 og 2 (10+10sp), samfunnsvitskapane sin vitskapsteori (10sp), samfunnsvitskaplege forskingsmetodar (10sp) og sosialteori 1 og 2 (10+10sp).

Andre år er samansett av 15 sp sjølvvalt emne/Samfunnsabreid 3 og mastergradsoppgåve som forskingsprosjekt på 45 sp, eller 15 sp Samfunnsarbeid 3, 15 sp sjølvvald emne og 30 sp mastergradsoppgåve som fagleg utviklingsarbeid.

Pensum

Sjå dei ulike emna med innhald og pensum.