Elevar i klasserommet med datamaskin som får hjelp av lærer.

Matematikk 1 | 5.-10. trinn | nettstudium

Vidareutdanning på bachelornivå

Dette er eit reint nettstudium for deg som er lærar i skulen, og ønskjer undervisningskompetanse i matematikk på 5.-10. trinn.

Nettstudium

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). 

    Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.

    Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.

    Alle må ha tilgang til ein skuleklasseSøkarar utan fast undervisningsstilling må dokumentere tilgang til ein klasse for å kunne utføre obligatoriske læringsaktivitetar i løpet av studiet. 

    Prioritering av søkjarar 

    Søkjarar med innvilga frikjøp til vidareutdanning frå arbeidsgjevar blir prioriterte i opptaket. Dersom det er fleire kvalifiserte søkarar enn tilgjengelege studieplassar, blir søkarane rangerte etter karakterar frå opptaksgrunnlaget. 

    Dokumentasjon på innvilga frikjøp og/eller stadfesting på tilgang til skuleklasse skal dokumenterast med følgjande skjema: Skjema for frikjøp og eller tilgang til ein skuleklasse eller barnehage nn.pdf

    Søknadsfrist er 15. april, og dette er òg fristen for å laste opp all dokumentasjon.

    Frå 2026 er det endringar i stipend- og vikarordninga. Frikjøpsmidlane blir utbetalte til kommunar, fylkeskommunar og private skular.
    Les meir om Endringer i ordningene for kompetanseutvikling fra 2026 | udir.no

    Korleis søke:

    • Logg inn i Søknadsweb.
    • Vel opptak "Lærar, barnehagelærar og tolking".
    • Vel så "Vidareutdanning pedagogiske fag/lærarutdanning haust 2026".
    • Vel studiet du vil søke på frå lista (sjå studienummer under).
    • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad".
    • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet.
    • Trykk "Neste" for å gjere ferdig søknaden. 

    Viktig informasjon om søknad, frister og dokumentasjon

     

    Om ledige studieplassar
    Viss det blir ledige studieplassar, må opptakskrav og stadfesting på tilgang til skuleklasse dokumenterast når du søker. 

    Studiekode i Søknadsweb

    8652

    Kvifor studere matematikk?

    Som lærar i matte kan du vere med å forme og inspirere kommande generasjonar til å skape ei positiv haldning til matte - eit fag som for nokre elevar kan verka skremmande. Ein god mattelærar på barnetrinnet, kan vere avgjerande for korleis elevane meistrar matte vidare på skulen. 

    Kva lærer du?

    Du skal utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag for matematikkundervisning på mellom- og ungdomstrinnet. Du skal arbeide med dei matematiske tema tal og talforståing, algebra, funksjonslære, geometri, måling, statistikk og sannsynsrekning.

    Du skal lære om bruk av digitale verktøy og reflektere kring korleis bruk av digitale verktøy kan vidareutvikle matematikkfaget.

    Den praktiske erfaringa du har vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at du skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.

    Du finn meir informasjon om dei ulike emna og eksamen i emneplanen:

    Målgruppe

    Matematikk 1, 5-10. trinn er retta mot deg som ønskjer å undervise i matematikk, men som har færre enn 30 studiepoeng i faget.

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Dette er eit reint nettstudium. Nettøktene består av forelesningar, presentasjonar, seminar og gruppeinndelte økter. Mellom samlingane arbeider du i nettbaserte studiegrupper. 

    Du skal levere inn fire arbeidskrav per semester. Nokre av arbeidskrava krev at du gjennomfører undervisningsopplegg i eiga matematikklasse. 

    Du nyttar læringsplattforma Canvas og konferanseverktøyet Zoom i kommunikasjonen med høgskulen. Du får tilgang til Canvas før studiestart med mer informasjon.Etter opptaket får du ei innføring i bruk av Canvas og Zoom. 

     

    Nettøkter

    Studieåret 2026/2027
    Høst -26, MAU801N Nettundervisning måndager kl. 14-16. Oppstart 17.08.26 
    Vår -27, MAU802N Nettundervisning måndager kl. 14-16. Oppstart 04.01.27

    Pensum

    Du vil motta informasjon om pensum ved studiestart. 

     

    Andre interessante studietilbod

    To elevar i klasserommet

    Vi har tilbud til deg som er lærer i offentlige og private skoler, både i grunnskolen, videregående opplæring og deg som underviser voksne i grunnopplæringen.

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs