Studieplan - Matematikk 1, 5.-10. trinn nettbasert
Hausten 2025
Dette er eit reint nettstudium (30 studiepoeng) for deg som er lærar i skulen, og ønskjer undervisningskompetanse i matematikk på 5.-10. trinn.
Innhald
Arbeid med dei matematiske tema tal og talforståing, algebra, funksjonslære, geometri, måling, statistikk og sannsynsrekning.
Lære om bruk av digitale verktøy og reflektere kring korleis bruk av digitale verktøy kan vidareutvikle matematikkfaget.