Hopp til innhald

Studieplan - Medisinske laboratorieanalysar

Hausten 2021

Grunna den teknologiske utviklinga innan medisinske laboratorieanalysar, aukar stadig kravet til kunnskap og ferdigheiter hos bioingeniørane. I fagfeltet opplever ein stadig auka krav til effektivisering, kvalitetssikring og auka behov for kompetanse innan datahandsaming og dataanalysar. Studiet gjev innsikt i nyare, avansert teknologi innan medisinsk laboratorieanalysar.

Læringsutbytte

Studenten skal etter endt utdanning kunne:

Kunnskapar:

  • forklare prinsippa for avansert teknologi som vert nytta i moderne medisinske laboratorieanalysar, og diskutere diagnostisk bruk av desse.
  • forklare analyseprinsipp og gi nokre dømer på programsystem som vert nytta i moderne medisinske laboratorieanalysar og vise djupare innsikt for nokre utvalde analysar.

Ferdigheiter:

  • vurdere og diskutere moglegheiter og avgrensingar ved utstyr og programsystem som vert nytta for ulike medisinske laboratorieanalysar
  • vurdere og vidareutvikle medisinske laboratorieanalysar ut i frå krav til kvalitet og effektivitet
  • meistre og nytte multivariable dataanalysar

Generell kompetanse:

  • bidra til kunnskapsutviklinga innan fagområdet medisinske laboratorieanalysar
  • delta i forskingsprosjekt som omfattar ulike medisinske laboratorieanalysar
  • diskutere spørsmål knytt til medisinske laboratorieanalysar med anna medisinsk personale, forskarar i fagfeltet og kollegar

Innhald

Studiet inneheld fylgjande 2 emner:

BIO301 Effektive dataanalysar i det medisinske laboratoriet

BIO302 Avanserte biomedisinske analysemetodar

Etter opptak til studieprogrammet, kan studenten velje om han/ho ynskjer å følgje undervisninga i eit eller fleire studieemne.

Emnet BIO301 (10 sp) gjev ein introduksjon til fleirvariabel regresjon, statistisk forsøksplanlegging, multivariate dataanalysar og datasimulering. 

Emnet BIO302 (10 sp) gjev ein introduksjon til ny og avansert medisinsk laboratorie teknologi. Studentane vil trene på å vurdere kvalitet, føremoner og avgrensningar for ulike analysemetodar.

Arbeidsformer

Undervisninga er lagt opp med vekesamlingar der forelesingar, dataøvingar, artikkelanalysar og gruppearbeid er vektlagt. Mellom samlingane arbeider studentane med oppgåver og førebuingar til neste seminar, i tillegg til sjølvstudier.

Det er forventa at studentane arbeider med faget og problemstillingar knytt til dette gjennom heile semesteret slik at den totale arbeidsmengda tilsvarar eit studium på 20 studiepoeng. Dette vil i praksis sei ei arbeidsmengde tilsvarande omlag 27 arbeidstimar pr. studiepoeng, eller 540 timar totalt.

Vurderingsformer

Begge emna, BIO301 og BIO302 vert vurdert etter karakterskala A - F.

Vurderingsordning går fram av emneplanane for BIO301 og BIO302.

Krav til studieprogresjon

Nei

Internasjonalisering

Studentar som er tatt opp i studieprogrammet får ikkje tilbod om utvekslingsopphald.

Innkomande internasjonale studentar ved HVL, kan søke om opptak til emna BIO301 og BIO302, difor er undervisningsspråket engelsk dersom det er internasjonale studentar som er tatt opp i emna.

Organisering

Kvart emne er organisert med 3 samlingar på 5 dagar.

BIO301: veke 2, 5 og 7, eksamen i veke 10.

BIO302: veke 12, 15 og 17, eksamen i veke 19.

Høgskulen på Vestlandet nyttar studiestøttesystemet Canvas.