Medisinske laboratorieanalysar
Etter- og vidareutdanning
Målgruppa for dette studiet er bioingeniørar som ønskjer å heve sin faglege kompetanse.
Grunna den teknologiske utviklinga innan medisinske laboratorieanalysar, aukar stadig kravet til kunnskap og ferdigheiter hos bioingeniørane. I dette fagfeltet opplever ein stadig auka krav til effektivisering, kvalitetssikring og auka behov for kompetanse innan datahandsaming og dataanalysar.
Hovudmålet med studiet er å vidareutvikle bioingeniøren sin kompetanse og gi innsikt i nyare, avansert teknologi og medisinske laboratorieanalysar. Studiet har ei forskingsbasert tilnærming der studentane blir utfordra til å vere utforskande, reflekterande, kritiske og evaluerande.
Fullført studie vil bidra til at du forstår fordelar og ulemper ved ulike laboratorieteknologiar og analysar i høve til ulike medisinske problemstillingar. Vidare vil du få erfaring med å arbeide nær eit forskingsmiljø gjennom praktiske øvingar, og opparbeide seg kunnskapar og ferdigheiter for å kunne vidareutvikle seg som ein aktiv og verdifull deltakar i forskingsprosjekt.
Vårsemesteret 2022 tilbyr vi BIO853 Vidareutdanning i hematologi for medisinsk laboratoriepersonell.
Studiet består av 3 emne. Kvart emne er på 10 studiepoeng.
Emna er:
- BIO851 Effektive dataanalyser i det medisinske laboratoriet
- BIO852 Avanserte biomedisinske analysemetoder
- BIO853 Vidareutdanning i hematologi for medisinsk laboratoriepersonell
Kva kan du jobbe med?
Studiet gir eit fundament for vidare læring og fagutvikling. Etter godkjenning, kan ein søke om å få emne på masternivå som fagfordjupande del av eit masterprogram.