Stabel med bøker står foran en pc, i bakgrunnen er det bokhyller med masse bøker

Norsk 1 | 5.-10. trinn | nettstudium

Vidareutdanning på bachelornivå

Studietilbodet Norsk 1 5.-10. trinn gjev grunnutdanning i norsk for lærarar. Innhaldet i studiet rettar seg mot undervising på mellomsteg og ungdomssteg.

Nettstudium

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).

    Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.

    Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.

    Alle må ha tilgang til ein skuleklasseSøkarar utan fast undervisningsstilling må dokumentere tilgang til ein klasse for å kunne utføre obligatoriske læringsaktivitetar i løpet av studiet. 

    Prioritering av søkjarar 

    Søkjarar med innvilga frikjøp til vidareutdanning frå arbeidsgjevar blir prioriterte i opptaket. Dersom det er fleire kvalifiserte søkarar enn tilgjengelege studieplassar, blir søkarane rangerte etter karakterar frå opptaksgrunnlaget. 

    Dokumentasjon på innvilga frikjøp og/eller stadfesting på tilgang til skuleklasse skal dokumenterast med følgjande skjema: Skjema for frikjøp og eller tilgang til ein skuleklasse eller barnehage nn.pdf

    Søknadsfrist er 15. april, og dette er òg fristen for å laste opp all dokumentasjon.

    Frå 2026 er det endringar i stipend- og vikarordninga. Frikjøpsmidlane blir utbetalte til kommunar, fylkeskommunar og private skular.
    Les meir om Endringer i ordningene for kompetanseutvikling fra 2026 | udir.no

    Korleis søke:

    • Logg inn i Søknadsweb.
    • Vel opptak "Lærar, barnehagelærar og tolking".
    • Vel så "Vidareutdanning pedagogiske fag/lærarutdanning haust 2026".
    • Vel studiet du vil søke på frå lista (sjå studienummer under).
    • Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad".
    • Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet.
    • Trykk "Neste" for å gjere ferdig søknaden. 

    Viktig informasjon om søknad, frister og dokumentasjon

     

    Om ledige studieplassar
    Viss det blir ledige studieplassar, må opptakskrav og stadfesting på tilgang til skuleklasse dokumenterast når du søker. 

    Studiekode i Søknadsweb

    8655

    Kvifor studere Norsk 1?

    I studiet vil du få verdifull oppdatert kunnskap, som du kan ta med deg inn i norskundervisninga på skulen.

    Kva lærer du?

    Norsk 1 5.-10. trinn består av to emne:

    Språk- og tekstkunnskap (NORU801N), 15 studiepoeng (haust)
    I dette emnet lærer du om arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene skriving og munnlegheit. Sentrale tema er skrivedidaktikk, munnlegdidaktikk, grammatikk og respons og vurdering. Emnet legg òg vekt korleis Læreplanverket for Kunnskapsløftet (LK20) kan bli integrert i den norskfaglege undervisninga.

    Litteratur- og tekstkunnskap (NORU802N), 15 studiepoeng (vår)
    I dette emnet lærer du om elementær tekstkunnskap, litteraturdidaktikk og arbeid med den grunnleggande ferdigheita lesing. Sentrale tema er den vidare leseopplæringa, litteratur og tekst, som litteraturteori og litteraturdidaktikk. Eit viktig perspektiv i emnet er korleis du kan arbeide med eit mangfald av tekster i klasserommet med utgangspunkt i Læreplanverket for Kunnskapsløftet (LK20).

    Studiet legg i tillegg vekt på at du skal utvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse, eiga formidlingsevne og eigen digital kompetanse.

    Målgruppe

    Målgruppa for studiet er lærarar med mindre enn 30 studiepoeng i norsk i utdanninga. Studiet er nettbasert.

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    I starten av semesteret vert studentane delte inn i arbeidsgrupper som arbeider saman gjennom både haust- og vårsemesteret.

    Dette studiet er eit nettbasert tilbod, og det inneber at studentane sjølve aktivt brukar digitale samhandlingsformer for å løyse oppgåvene dei får og til å halde kontakt med arbeidsgruppa si.

    Studiet nyttar videoverktøy, læringsplattforma Canvas og andre digitale samhandlingsverktøy i den daglege organiseringa og gjennomføringa av kurset, noko som også bidreg til å auke studentane sin profesjonsfaglege digitale kompetanse.

    Nettøkter

    Nettundervisninga består av førelesningar, presentasjoner, seminar og gruppeinndelte økter.

    Nettundervisning er torsdagar kl. 13.00-15.00.  

    Du får tilgang til læringsportalen Canvas før studiestart med meir informasjon.

    Studieåret 2026/2027
    Torsdagar kl. 13.00-15.00.
    Dette gjeld både haustsemester (NORU801N) og vårsemester (NORU802N).
    Oppstart haustsemesteret 2026 vil vera torsdag 20. august.

    Pensum

    Du får informasjon om pensum ved studiestart.

    Kvifor ta meir utdanning?

    Eit arbeidsliv i rask endring er ei viktig årsak til at mange skaffar seg meir fagleg tyngde. Her deler vi fleire fordelar som etter- og vidareutdanning kan gi:

    • ny oppdatert fagleg kunnskap
    • praktiske ferdigheiter innafor ditt fagområde eller et heilt nytt fagfelt
    • personleg utvikling
    • moglegheit for å byggje nettverk
    • eit forhandlingskort i framtidas lønsforhandlingar
    • moglegheit for opprykk i stillingskategori
    • moglegheit for meir ansvar eller nye oppgåver på jobb

     

    Andre interessante studietilbod

    Ønsker du å styrke din kompetanse som lærar? Her er oversikta over vidareutdanningar innan ordninga «Kompetanse for kvalitet» frå Høgskulen på Vestlandet.

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs