Gutt leser i bok

Norsk 2 | 5.-10. trinn | samlingsbasert

Etter- og vidareutdanning

Studietilbodet Norsk 2 for 5–10 gir grunnutdanning i norsk for lærarar. Innhaldet i studiet rettar seg i hovudsak mot undervising på ungdomssteget, men vil også vere relevant for lærarar på mellomsteget.

Bergen

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må være tilsett i ei lærarstilling.

    Du må ha minst 30 studiepoeng i norsk frå tidlegare.

    Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærerutdanninga di.

    Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge  stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.

    Kvifor studere Norsk 2?

    I studiet vil du få verdifull oppdatert kunnskap, som du kan ta med deg inn i norskundervisninga på skulen.

    Kva lærer du?

    Studiet byggjer på Norsk 1 for grunnskulelærarutdanninga, og er delt i to emne på 15 studiepoeng kvar.

    Studiet skal gi djup innsikt i og historisk bakgrunn for sentrale emne som er viktige på 5.–10. trinn, men med særleg fokus på ungdomstrinnet. Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk.

    Den praktiske erfaringa til studentane vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at studiet skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse. 

    Målgruppe

    Målgruppa er lærarar i skulen med minst 30 studiepoeng i norsk frå før.

    Praktisk informasjon

    Undervisningsform

    Mykje av undervisninga er lagt til samlingane, men det vert også lagt til rette for fagleg samarbeid og erfaringsutveksling på samlingane. Kommunikasjon og aktivitet vil skje digitalt utanom samlingane på læringsportalen Canvas.  Undervisningsspråket er norsk. 

    Samlingar

    Vår 2024:

    • 23.-24. januar
    • 12.-13. mars
    • 23.-24. april

    Tilrådd forkunnskap

    Studiet byggjer på Norsk 1 for grunnskulelærarutdanninga.

    Pensum

    Du får informasjon om pensum ved studiestart. 

    Eksamensform

    Emne A:  

    • Heimeeksamen over tre dagar, bokmål, 50 %  
    • Semesteroppgåve, 3000 ord på bokmål, 50 % 

    Emne B:

    • Heimeeksamen over tre dagar, nynorsk, 50 %  
    • Munnleg førebudd presentasjon, 50 % 

    Vidareutdanninga er eit tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Vikar- eller stipendordning kan du søke gjennom Udir.

    Andre interessante studietilbod

    To elevar i klasserommet

    Ønsker du å styrke din kompetanse som lærer? Her er oversikten over Høgskulen på Vestlandet sine videreutdanninger innen ordningen «Kompetanse for kvalitet».

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs