Hopp til innhald

Studieplan - Tverrfagleg vidareutdanning i psykisk helsearbeid

Hausten 2019

Innhold: 5 emne på til saman 60 studiepoeng med avsluttande eksamen i kvart emne

Målgruppe: Personar i privat og offentlig sektor som arbeidar med psykisk helsearbeid

Praktisk informasjon om studiet: Deltidsutdanning med vekessamlingar/enkeltdagar på campus.

Profilering: Meistring, myndiggjering og relasjonskompetanse

 

Læringsutbytte

Kunnskap:

Kandidaten:

  • har inngåande kunnskap om psykiske lidingar, og kan identifisere miljømessige og biologiske faktorar si betydning for utvikling av psykiske lidingar
  • har inngåande kunnskap om psykologiske og sosiale teoriar som forklarer utviklinga av psykiske lidingar
  • har avansert kunnskap om kva forhold som fremmer betringsprosessar hjå psykisk lidande, herunder kunnskap om terapeutisk kommunikasjon og samhandling med fokus på meistring og myndiggjering
  • har inngåande kunnskap om sentrale føringar og lovverk som regulerer arbeidet med mennesker med psykiske lidingar, og om oppbyggjing og organisering av psykiske helsetenester
  • har inngåande kunnskap om vitskapsteori og om forskningsmetodar som vert brukt innan helse- og sosialfaga.

 Ferdigheter:

Kandidaten:

  • kan identifisere nødvendige tiltak for fremming av psykisk helse på individ- og gruppenivå
  • kan vurdere kva forhold som kan fremme meistring og myndiggjering, og anvende modellar for myndiggjering og meistring i praktiske øvelser og refleksjon
  • kan analysere og kritisk vurdere modellar for helsefremming, omsorg og samhandling
  • kan anvende aktuelt lovverk i kliniske situasjonar, og forhalde seg kritisk reflektert i forhold til fagområdets rammevilkår og etiske og moralske utfordringar
  • kan utføre systematiske litteratursøk, analysere forskningsrapportar og utøve kjeldekritikk

 Generell kompetanse:

Kandidaten:

  • kan relatere ulike helse- og omsorgsteoriar og sosiale og psykologiske teoriar til arbeid med menneske med psykiske lidingar
  • kan formidle, drøfte og analysere faglige problemstillingar i eit samarbeid med brukaren og andre faggrupper
  • kan analysere og kritisk vurdere grunnlaget for forskning og kunnskapsutvikling i psykisk helsearbeid
  • kan utarbeide prosjektplan til ei masteroppgåve/fagutviklingsplan under rettleiing og i tråd med gjeldande forskningsetiske retningslinjer

 

FoU-basering: Høgt nivå på pensumlitteratur. Forelesarar med fyrstekompetanse. Forelesarar frå eigen institusjon og frå kompetansemiljø nasjonalt og internasjonalt.

Arbeidsformer

Undervisning, rettleiing, gruppearbeid. Studiet vert dessutan basert på obligatorisk deltaking i rettleiingsgrupper, kommunikasjon på nett og ei omfattande eigeninnsats mellom samlingane.

Praksis: Tverrfaglige rettleiingsgrupper gjennom heile studiet

Vurderingsformer

Heimeeksamen og oppgåve

Organisering

Studieplan:

PSYK6101 Mennesket, psykiske lidelser og det sosiale miljø

PSYK6202 Organisering av tjenestene for mennesker med psykiske lidelser

VIT6202 Vitenskapsteori, metode og etikk

PSYK6103 Utvikling og utøvelse av psykisk helsearbeid: Kommunikasjon, samhandling og konfliktløsning

PSYK6104 : Psykisk helsearbeid og relasjonskompetanse i et brukerperspektiv