Studieplan - Rettleiingspedagogikk

Hausten 2019

Innhald

Studiet rettleiingspedagogikk er eit vidareutdanningstilbod som er utforma i tråd med UHR (Universitet og høgskolerådet) sine “Veiledende nasjonale retningslinjer for utdanning og kompetansevurdering av praksisveiledere i helse- og velferdstjenestene”.

Rettleiing er ein tverrfagleg disiplin. Studiet utforskar ulike teoriar og metodar for rettleiing, med eit tverrprofesjonelt og mangfaldsperspektiv. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og etiske dilemma i rettleiing.

Gjennom utdanninga skal studentane tileigne seg kompetanse til å gje rettleiing av studentar i praksis og/eller kollega, pasient, brukar, klient. Studiet har ei praksisnær tilnærming med fokus på ferdigheitstrening. Aktuelle problemstillingar frå eigen arbeidspraksis er sentrale utgangspunkt for øving.

Målgruppa er profesjonsutøvarar med bachelor i helse- og sosialprofesjonane, som har ansvar for rettleiing av studentar / kollega i praksis.

Utdanningstilbodet er deltidsstudium svarande til eit semester. Studiet er samansett av to emne; eit innføringsemne på 10 studiepoeng og eit påbyggingsemne på 5 studiepoeng. Innføringsemnet på 10 studiepoeng kan takast som enkeltemne.

Sjå emneplan for meir informasjon om studiet sitt innhald og oppbygging.