Hopp til innhald

Studieplan - Rekning som grunnleggande ferdigheit, 1 -7 trinn

Hausten 2019

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Rekning som grunnleggjande ferdigheit handlar om å tolke og forstå informasjon om blant anna tal og storleik, tid og mengde i ulike skulefag og i dagleglivet. Spennvidda er stor frå naturfag til musikk, eller samfunnsfag til kroppsøving. Rekning som grunnleggjande ferdigheit er ikkje vidareutdanning i matematikk, men skal bidra til elevane si forståing og utvikling i faga, samtidig som dei ulike faga bidrar til å styrkje elevane sine rekneferdigheiter.

Studiet er praksisnært og blir knytta mot skulekvardagen, og grunnleggjande ferdigheiter vi treng i skule og daglegliv.Tilbudet er delt i to emne:

  • Emne 1 fokuserer på tema som praktisk og variert undervisning i rekning, talomgrep, dei fire rekneartane og rettleiing.
  • Emne 2 fokuserer på nasjonale prøvar og analyseverktøy som høyrer til, rekning knytt til funksjonar, geometri, måling, statistikk og sannsyn, samt utviklingsarbeid og læring i praksisfellesskap.

Vidare skal studenten utvikle, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg. I studiet er pedagogisk bruk av IKT vektlagt.

Arbeidsformer er førelesningar, diskusjonar, refleksjon og oppgåveløysning. Studentane må rekna med stor grad av sjølvstudium og eigenaktivitet. Kommunikasjonsverktøy er Adobe Connect og læringsplattforma Fronter. Ved oppstart vil det blir lagt til rette for opplæring i bruk av disse verktøya for dei som har bruk for det. Bruk av IKT er sentralt, og alle studentar må disponere datamaskin med kamera, mikrofon og nett-tilgang.

Undervisning i nettmøter i partalsveker våren 2020. I oddetalsveker blir det presentert nytt stoff i Canvas og det blir lagt opp til arbeid, individuelt og i grupper. Mellom nettmøta blir det gitt obligatoriske arbeidskrav.

Vurdering:

Emne 1: skriftleg heimeeksamen som tel 100 %, karakter A - F.

Emne 2:praktisk/munnleg eksamen som tel 100 %, karakter A - F.