Studieplan - Bachelor i teiknspråk og tolking
Hausten 2025
Utdanninga er yrkesretta og passar for deg som er interessert i språk og kommunikasjon. Bestått utdanning gjev rett til offentleg godkjenning som tolk, og du kan førast opp i nasjonalt tolkeregister i kategori B.
Ein tolk er ein person som tolkar mellom minst to språk. I denne samanheng, primært mellom norsk teiknspråk og norsk
Tolkeprofesjonen er ung i Noreg, og tolkerolla er stadig i endring i tråd med samfunnsutviklinga og forventningar frå dei som nyttar tolketjeneste og eige fagfelt. Utdanninga vil vere i dialog med forskings- og praksisfeltet for teiknspråk og tolking.
Utdanninga skal utvikle og formidle kunnskap som gjer profesjonsutøverane i stand til å kunne forstå og forholde seg aktivt og kritisk til si samfunnsmessige rolle. Studentane skal kvalifiserast for eit yrke som krev kontinuerleg fornying og utvikling hjå profesjonsutøvaren. Studiet skal også kvalifisere for vidare forskings- og utviklingsarbeid innan faget.
Som tolk kan ein jobbe både innen offentleg og privat verksemd, som for eksempel hjå NAV tolketenester, ulike teiknspråklege arbeidsplassar, grunn- og vidaregåande skular med teiknspråklege elevar, eller som frilanstolk.
Skikkavurdering
Utdanninga er underlagt skikkavurdering, jf. Lov om universitet og høyskoler § 12-3. Formålet med skikkavurdering er å avdekke om studentar utgjer ein mogleg fare for dei sårbare gruppene dei kjem i kontakt med under utdanninga eller i framtidig yrkesutøving. Løpande skikkavurdering er ei heilskapleg vurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnadar for å kunne utøve yrket, og skjer gjennom heile studiet. Dersom det er grunngitt tvil om ein student er skikka til yrket, skal det gjennomførast særskild skikkavurdering jf. lov om universitet og høyskoler §12-3. Dersom ein student vert funnen uskikka for yrket, kan ein bli utestengd frå studiet for ein tidsperiode (og vil ikkje få vitnemål).
For meir informasjon, sjå HVL si nettside om skikkavurdering.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Politiattest
Læringsutbytte
Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
- har god kunnskap om norsk og norsk teiknspråk
- har generell kunnskap om døve sin kultur og historie
- skal kjenne til tolken sin plass i samfunnet
- kan beskrive dei ulike tolkemetodane
- har inngående kunnskap om profesjonsetikk
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan anvende tolkane sitt arbeidsspråk: norsk teiknspråk og norsk
- kan analysere kva som krevjast i den gitte tolkesituasjonen, slik som val av språkkode og tolkemetode, så vel som eigen kompetanse i forhold til oppdraget sin art
- kan anvende teknikkar for ledsaging, beskrivelse og haptisk kommunikasjon
- beskrive systematisk ved hjelp av teiknspråk eller talespråk og haptisk kommunikasjon
- kan gje og ta imot tilbakemelding og rettleiing
- kan samarbeide med andre tolkar og inngå i relasjonar med både deltakarar i tolkesituasjonen og med andre profesjonsutøvarar
- kan vurdere etiske utfordringar situasjonen kan by på og utvise fagleg skjønn
- kan forstå og kritisk vurdere både etablert og ny kunnskap
Kandidatar med teiknspråkleg førstespråkkompetanse:
- kan tolke frå og til norsk teiknspråk tilpassa personar/grupper og situasjonar
- kan tolke til og frå personar med ulike teiknspråklege forutsetningar
- kan tolke med teikn som støtte
- kan tolke frå teiknspråk til skrift
- kan tolke, ledsage og beskrive
Kandidatar med norskspråkleg førstekompetanse
- kan tolke mellom norsk tale og norsk teiknspråk, tilpassa personar/grupper og situasjonar
- kan tolke med teikn som støtte
- kan tolke frå teiknspråk til skrift
- kan tolke, ledsage og beskrive
Generell kompetanse
Kandidaten
- forheld seg sjølvstendig til dei språklege og tolkefaglege utfordringar som tolkemediert kommunikasjon gir
- oppdaterer kunnskap sin og ferdigheitene sine i norsk teiknspråk, norsk og tolking
Innhald
Det faglege innhaldet i bachelorstudiet i teiknspråk og tolking er fordelt på følgande hovudtema med ei rekke underliggande tema:
- Døve sin kultur og historie
- Norsk teiknspråk i teori og praksis
- Teiknspråklingvistikk
- Kommunikasjon og språkteori
- Tolketeori
- Tolken sin plass i samfunnet
- Ulike inter- og intralinguale tolkemetodar, som tolking mellom norsk og norsk teiknspråk og skrivetolking
- Beskrivelseslære og ledsagingsteknikkar
- Profesjonskunnskap, tolkehistorikk og yrkesetikk
I studiet inngår 13 uker praksis.
Studiet er bygd opp av elleve emne, og er eit fulltidsstudium som går over tre studieår.
Praksis
Praksisopplæringa er ein svært viktig del av studiet og omfattar ein observasjonsdel og ein treningsdel. I løpet av studiet er det totalt 13 veker praksis, fordelt på ei veke første studieår, fire veker 2. studieår og åtte veker 3. studieår. Praksis vil bli organisert i periodar av kortare og lengre varigheit. Då tal praksisplassar er begrensa, må studentane rekne med at praksisopphald kan bli lagt til heile landet, eventuelt i utlandet.
Arbeidsformer
Samanhengen mellom teori og praksis i fagområdet tolking utgjer tolken si yrkesmessige og faglege plattform. Dette viser seg gjennom studiet som vekslar mellom teoretisk undervisning og praktisk trening.
Profesjonell dyktighet som tolk forutset kompetanse i å møte tolkesituasjonar. Gjennom studentaktive og problembaserte arbeidsformer vil studenten få muligheit til å omsette og tilpasse kunnskap og erfaring til ulike tolkesituasjonar, og dermed utvikle handlingreiskap for framtidig profesjonsutøvelse
Arbeidsformene vil, avhengig av tema, vere forelesningar, individuell rettleiing, sjølvstudium, litteraturbaserte studiar (teiknspråklege og skrivne tekstar), arbeid i språklaboratorium, gruppearbeid og faglege presentasjonar individuelt eller i gruppe. Det blir lagt stor vekt på å øve opp evne til refleksjon.
Studentane vil få delt ut semesterplanar i starten av kvart semester. Som student skal de vere tilstades minst 80% i studentaktive arbeidsformer.
- Organisert undervisning utgjer ein betydeleg del av studiet
- studiet vil kreve stor eigeninnsats av studentane og deltaking på teiknspråklege arenaer, også utenom undervisninga
- Mykje av undervisninga vil omfatte trening og rettleiing av praktiske ferdigheiter
- samhandling mellom undervisningspersonalet og studentane er eit viktig virkemiddel, og aktiv deltaking er ei forutsetting
Vurderingsformer
Vurderinga skjer undervegs i studiet med skriftleg og/eller praktisk eksamen etter kvart emne. Det siste året er det avsluttande praktisk eksamen i tolking, og det skal leverast ei bacheloroppgave
Krav til studieprogresjon
HVL har følgjande progresjonskrav i studiet:
- For å gå vidare til 2. studieår må emnene TST111 og TST114 vere bestått.
- For å gå vidare til 3. studieår må praksis frå 2. studieår og emnene TST211 og TST212 være bestått.
Studentar som ikkje tilfredsstiller studieprogresjonskrava får eit års opphald i ordinært studieløp for å ta opp manglande eksamenar/rettleia praksisopplæring.
Internasjonalisering
Tolkeyrket kan by på spanande utfordringar for dei som ønsker å jobbe internasjonalt, og utdanninga søker å bringe verda inn i studiet, blant anna gjennom digitale presentasjonar/samlingar, informasjon om andre land sine teiknspråk, tolkeutdanningar og erfaringar frå tolkeoppdrag utanfor landet sine grenser.
Organisering
Studiet er bygd opp av elleve emne, og er eit heiltidsstudium som går over tre studieår.
1. studieår:
- TST111: Norsk tegnspråk 1 (20 sp), høstsemester.
- TST113: Døves historie, kultur og språk (10 sp), høstsemester.
- TST 114 Norsk tegnspråk 2 (20 sp), vårsemester
- TST 115 Innføring i tegnspråklingvistikk (10 sp), vårsemester
2. studieår:
- TST211: Tolking til og fra norsk tegnspråk (25 sp), høst- og vårsemester.
- TST212: Tolketeori og profesjonskunnskap (15 sp), høstsemester.
- TST213: Tolking, ledsaging og beskrivelse 1 (10 sp), vårsemester.
- TST214: Skrivetolking (10 sp), høst- og vårsemester.
3. studieår:
- TST311: Tolking til og fra norsk tegnspråk (25 sp), høst- og vårsemester.
- TST312: Tegn som støtte til munnavlesning (5 sp), vårsemester.
- TST313: Tolking, ledsaging og beskrivelse 2 (15 sp), høstsemester.
- TST350: Bacheloroppgave (15 sp), høst- og vårsemester.